Hopp til innhold

Dette har skjedd i Nairobi

Her er ei oversikt over dei viktigaste hendingane i samband med terrorangrepet mot kjøpesenteret Westgate i Nairobi.

Intens skyting i Nairobi.

Måndag ettermiddag var det intens skyting inne på kjøpesenteret. Politifolk og journalistar utanfor søkjer dekning bak nokre bilar.

Foto: Jerome Delay / Ap

Laurdag 21. september:

Rundt klokka 12 lokal tid: Mellom 10 og 20 terroristar inntek kjøpesenteret og skyt vilt rundt seg med maskingevær, samstundes som det blir kasta granatar mot dei handlande.

Terroristane, alle maskerte og kledde i svart, snakka eit framandt språk, seier augevitne, truleg somali eller arabisk. Vitne fortel at dei regelrett avretta tilfeldige menneske på senteret.

Politiet opplyser raskt at 13 menneske er drepne, og at minst sju er tekne som gislar. Politiet går frå butikk til butikk i senteret og bergar ut livredde menneske.

Utanriksdepartementet i USA opplyser at det er amerikanarar blant dei såra.

Den somaliske, islamistiske organisasjonen Al Shabaab, som er ein del av Al Qaida-nettverket, tek på seg ansvaret for angrepet. I ei melding på Twitter heiter det at angrepet er ei hemn for Kenyas militære intervensjon i Somalia. Dei hevdar å ha drepe 100 menneske.

Fleire nordmenn i Nairobi seier dei er redde .

Kenyas president Uhuru Kenyatta held ein fjernsynstale på kvelden, der han opplyser at 39 menneske er stadfesta drepne og 150 såra. Han fortel også at nevøen hans og kona til nevøen er blant dei drepne i angrepet.

Den franske presidenten opplyser at to franske statsborgarar er blant dei drepne, og stadig fleire av offera blir identifiserte .

Søndag 22. september:

Kanadiske styresmakter opplyser at to av deira statsborgarar er blant dei drepne.

Tryggingsrådet i FN fordømmer samrøystes angrepet.

Kenyanske styresmakter seier at eit ukjent tal menneske blir haldne som gislar .

Styresmaktene i Ghana opplyser at de ghanesiske poeten og politikaren Kofi Awonoor (78) er blant dei drepne.

Storbritannias statsminister David Cameron opplyser at tre britiske statsborgarar er blant dei drepne. Ein fjerde blir stadfesta død måndag.

Nye kamphandlingar inne i kjøpesenteret. Truleg er det kenyanske spesialsoldatar som gjekk inn, støtta av israelske og amerikanske rådgjevarar. Tidleg på kvelden blir det opplyst at 1000 menneske er berga ut av Westgate sidan dagen før.

Talet på drepne blir sett til minst 68 .

Seint på kvelden seier den kenyanske hæren at dei fleste gislane no er sette fri, og at mesteparten av kjøpesenteret er sikra.

Noregs utanriksminister Espen Barth Eide seier at terroren i Nairobi er eit angrep på Den afrikanske Union (AU).

Måndag 23. september:

Dagen startar med heftige skotvekslingar og kraftige eksplosjonar.

Ein talsmann for Al Shabaab truar med å drepe dei attverande gislane.

Norsk ekspert meiner Kenya prøver å dysse ned terrorangrepet.

Kenyas politisjef seier at ein del av gislane er sette fri, men at det enno er gislar inne i bygningen. Han seier likevel at tryggingsstyrkane har framgang i kampen mot terroristane.

Seint på ettermiddagen seier innanriksminister Joseph Ole Lenku at dei i løpet av kort tid vil ha gjort slutt på gisseltakinga. – Vi har kontroll over alle etasjane , men terroristane har gøymt seg inne i butikkane. Dei kjem ikkje til å kome unna, sa han blant anna.

Lenku seier at to av terroristane er drepne. Den kenyanske hærsjefen seier at angriparane kjem frå fleire ulike land.

Måndag kveld er det enno skyting inne på kjøpesenteret. 11 kenyanske spesialsoldatar skal vere såra i kampane. Minst tre av terroristane er drepne, medan fleire skal vere såra.

Innanriksminister Joseph Ole Lenku seier at det neppe er fleire gislar inne i kjøpesenteret. Han seier dei no skal reinske senteret for terroristar.

Seint på kvelden seier kenyanske styresmakter at spesialstyrkane inne i senteret ikkje lenger møter motstand.

Tysdag 24. september

Trass i meldingane måndag kveld om at dei kenyanske soldatane ikkje lenger møtte motstand, var det nye intense skotvekslingar inne i kjøpesenteret Westgate.

Delar av taket på kjøpesenteret kollapsar, truleg på grunn av brannen som herja der måndag.

Motstridande meldingar frå Al Shabaab: Ein talsmann seier at alle gislane inne i kjøpesenteret er døde, medan ein annan talsmann seier at dei heilage krigarane deira framleis held gislar der.

I ettermiddag er det enno skyting inne i senteret, og alt tyder på at fleire terroristar held stand inne i bygningen.

Kenyanske styresmakter seier også i dag at dramaet inne i Westgate-senteret no nærmar seg slutten.

Journalistar utanfor kjøpesenteret seier det har vore sporadisk skyting inne i senteret i ettermiddag, men like før klokka 18 norsk tid (kl. 19 lokal tid) melder AFP at det verkar roleg inne i bygningen.

Litt over klokka 18.30 i kveld heldt president Uhuru Kenyatta ein tale til det kenyanske folket der han sa at terroraksjonen mot kjøpsenteret Westgate var over, og at kenyanarane har sigra over fiendane og ført skam over dei.

LES OGSÅ: Hvem er terrorgruppa Al-Shaabab?

LES OGSÅ: Det feigeste av alle hevnens mål

SISTE NYTT

Siste nytt