Hopp til innhold

Kenyatta: Vi har sigra over angriparane og ført skam over dei

Kenyas president Uhuru Kenyatta sa i ein tale til det kenyanske folket i kveld at landet har sigra over angriparane i Nairobi, og ført skam over dei. Terrordramaet er no over, sa han.

Kenyas president Uhuru Kenyatta.

Kenyas president Uhuru Kenyatta heldt i kveld ein tale til det kenyanske folket.

Foto: KTN TV / Ap

Kenyatta erklærte også tre dagars landesorg etter terrorangrepet frå og med onsdag, og han sa at 61 sivile og seks soldatar har mist livet. 175 er såra, og 62 av dei ligg framleis på sjukehus. Presidenten sa ingenting om kor mange som er sakna. Røde Kors oppgir talet på sakna til 63.

– Vi har lidd enorme tap, sa presidenten blant anna i talen sin. Og han heldt fram:

Soldatar ved Westgate i Nairobi.

Kenyanske soldatar har i heile dag drive oppreinskingsaksjonar i kjøpesenteret.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

Hovudet vårt er blodig, men ubøygd.

Han sa også at legar no arbeider for å slå fast identiteten og nasjonaliteten til terroristane. Fem av angriparane er drepne, sa Kenyatta, medan 11 andre er arresterte.

Han stadfestar også at tre etasjar av kjøpesenteret har kollapsa, og at det er fleire døde i ruinane.

– Vi har teke eit alvorleg slag, men vi har vore modige, har halde saman og vore sterke. Vi har sett vondskapen i kvitauget og sigra. Vi har sigra over fiendane våre og vist heile verda kva vi er i stand til, sa ein kjensleladd Uhuru Kenyatta i talen.

Det var midt på dagen sist laurdag at ei gruppe tungt væpna terroristar frå den somaliske islamistgruppa Al Shabaab tok seg inn i kjøpesenteret Westgate i Nairobi. Det var fullt av menneske inne i senteret, og angriparane skaut meir eller mindre vilkårleg rundt seg.

Kenyas president Uhuru Kenyatta sa i sin tale tirsdag at tre etasjer av kjøpesenteret er kollapset, og mange døde er fortsatt fanget i ruinene.

VIDEO: president talte til folket

Skrekkhistorier

Overlevande har fortalt skrekkhistorier om det som skjedde inne på kjøpesenteret dei første timane. Eit australsk-nederlandsk ektepar, begge to var hjelpearbeidarar, vart brutalt skotne og drepne. Kona var høggravid, og dei to vart funne livlause med armane rundt kvarandre inne i ein butikk på senteret.

Andre fortel om terroristar som ville sjekke kven som var muslimar og ikkje. Ein indisk mann vart spurd om han visste kva mor til profeten Mohammed heitte, men det visste han ikkje. Han vart straks skoten og drepen.

Ahmed Abdi Godane.

Ahmed Abdi Godane er truleg den øvste leiaren for den islamistiske organisasjonen Al Shabaab.

Foto: - / Afp

Blant dei drepne var også nevøen til Kenyas president og kona til nevøen.

Kom seg unna

Nokre av angriparane skilde mellom muslimar og ikkje-muslimar, slik at ein del muslimar kom seg unna. Andre skaut berre vilt rundt seg og prøvde å drepe så mange som mogleg på kortast mogleg tid.

Al Shabaab tok tidleg på seg skulda for angrepet på kjøpesenteret Westgate i Nairobi. Organisasjonen gjorde det klart at angrepet var ein hemnaksjon mot Kenya fordi landet deltok i den militære styrken frå Den afrikanske union (AU) som jaga Al Shabaab ut av det sørlege Somalia.

Ein talsmann for organisasjonen seier i dag at landet må rekne med fleire angrep i tida framover, om ikkje dei kenyanske soldatane blir trekte ut av Somalia.

Motstridande om nasjonalitet

Det har vore motstridande meldingar om kva nasjonalitet terroristane i Nairobi har. Ein talsmann for Al Shabaab seier det ikkje er utlendingar blant dei, men kenyanske styresmakter seier at det blant anna er britiske og amerikanske statsborgarar med på angrepet.

Det har også vore snakk om at ein svensk statsborgar var med, men dette er ikkje mogleg å få stadfesta. Det er også hevda at den etterlyste britiske enkja etter ein av terroristane frå angrepet i London 7. juli 2005, har vore med på denne aksjonen.

Shabaab avviser i kveld at det var ei kvinne med på angrepet i Nairobi. Tidlegare er det meldt at ein eller fleire av terroristane var utkledde som kvinner, utan at dette er stadfesta.

Tidlegare i dag sa ein talsmann for Al Shabaab at dei framleis heldt gislar inne i kjøpesenteret.

LES OGSÅ: Terroraksjonen frå dag til dag

SISTE NYTT

Siste nytt