Hopp til innhold

Maria (33) har fått tre dosar av koronavaksinen: – Følte meg litt som ein prøvekanin

Alle over 65 år kan få ei tredje «oppfriskingsdose» av koronavaksinen – eit tilbod Maria og andre med alvorleg svekka immunforsvar allereie har fått. FHI vurderer ei fjerde dose for enkelte.

Maria Tørø

TRIPPELVAKSINERT: Maria Tørø (33) er kronisk sjuk og har fått tre dosar av koronavaksinen.

Foto: Marita Solheim / NRK

I august vart det klart at regjeringa valde å følge Folkehelseinstituttet (FHI) si anbefaling om å tilby ei tredje koronavaksine til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar.

I praksis er det snakk om i underkant av 200.000 nordmenn, ifølge FHI. Maria Tørø (33) er éin av dei som har fått tilbodet – og ho takka ja.

Måndag i førre veke tikka det inn ei melding frå Trondheim kommune. Allereie dagen etterpå fekk Maria tredje dose av koronavaksinen.

– Eg følte meg litt som ein prøvekanin. Ho som sette tredje dose på meg sa at dei ikkje var heilt klar over kva slags biverknader eg ville få, fortel ho.

Fekk panikk då pandemien braut ut

33-åringen kjem frå Buvika i Skaun, men har budd i Trondheim dei siste ti åra.

Ho lever med den autoimmune sjukdommen «Morbus Addison». Ein sjukdom der immunforsvaret har gått til angrep på binyrene.

Sjukdommen skuldast mangel på visse hormon, og gjer at ein føler seg ekstremt trøtt. Det er ein sjeldan tilstand – der ein årleg berre oppdagar fem nye tilfelle blant ein million menneske.

I starten var Maria veldig tynn og fekk pigmentflekkar, noko som er ein naturleg biverknad av sjukdommen. No går ho på medisinar, og har sjukdommen meir under kontroll.

Men ho kjende på ein panikk då koronapandemien kom.

– Det er ein konstant fare for å bli smitta av eit virus eller ein bakterie. Alt frå magevirus til ei vanleg forkjøling kan sende meg på sjukehus, fortel ho.

Alle gode ting er tre?

Det europeiske legemiddelverket (EMA) har konkludert med at ein kan gje ein ekstra dose Pfizer eller Moderna til personar med immunsvikt, minst 28 dagar etter andre dose.

I tillegg meiner EMA at ein bør vurdere ei tredje dose med Pfizer for personar over 18 år seks månader etter at dei har fått andre dose.

– Eg har heile tida vore veldig klar på at når det kjem ei vaksine, så skal eg ta vaksinen. Det er slitsamt å leve med den konstante frykta for at du er heilt ubeskytta, seier Maria.

Ho vedgår likevel at ho var skeptisk.

– Eg vart litt redd då eg las om biverknader folk hadde fått. Også med tanke på at eg denne gongen fekk Moderna, sjølv om eg fekk Pfizer dei to første gongane.

Maria Tørø

I RISIKOGRUPPA: Sjølv eit mildt forkjølingsvirus kan sende Maria Tørø (33) på sjukehus. No er ho ekstra beskytta – med heile tre dosar av koronavaksinen.

Foto: Marita Solheim / NRK

Oppfriskingsdose til eldre

FHI gjekk på ein pressekonferanse tysdag ut med at dei vil gje ei «oppfriskingsdose» av koronavaksinen til personar over 65 år.

– Vi fryktar at smittesituasjonen for korona kan forverre seg i løpet av hausten og vinteren, og at den kan bli kombinert med ei influensabølge. Vi har derfor opna for denne oppfriskingsdosen for å vere føre-var, seier assisterande direktør i FHI, Geir Bukholm.

Både EMA og FHI har foreløpig avgrensa kunnskap om eventuelle biverknader etter ein tredje dose.

– Dei viktigaste kjeldene er data frå Israel, der det er sett eit stort tal oppfriskingsdosar hos folk med normal immunrespons. Det blir rapportert om same type biverknader som etter andre dose.

Ifølge Bukholm er det rapportert om lite biverknader hos dei med svekka immunforsvar.

– Dersom det om fem år dukkar opp ukjende biverknader, kjennest det trygt at vi er fleire «i same båt.» Men det er framleis ikkje så mange som har fått tre dosar, påpeikar Maria.

Enkelte kan få ei fjerde dose

Maria fekk feber etter vaksinen, men slapp unna sjukehusbesøk, slik ho frykta.

– Det er betre å ta vaksinen enn å få viruset. Men enkelte kan få kroniske sjukdommar av vaksinane. Ein vil jo ikkje ende opp med å forverre den sjukdommen ein har, seier ho.

– Vi har starta vaksinering med tredje dose for dei som har svekka immunforsvar på grunn av sjukdom eller behandling, og det vil sannsynlegvis også bli sett i gang forsøk med ei fjerde dose for nokon, informerer Bukholm i FHI.

A Geir Bukholm, assisterende direktør ved Holkehelseinstituttet.

FHI: Geir Bukholm, assisterande direktør i Folkehelseinstituttet (FHI), fortel at ein har avgrensa data om biverknader etter tredje dose av koronavaksinen.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

I tillegg til desse, er det personar i risikogruppene som ikkje har svekka immunrespons.

– Dei som tilhøyrer desse risikogruppene, og er under 65 år, er godt beskytta av to vaksinedosar, og vil ikkje ha behov for ei tredje dose, seier han.

Håpar ho kjem tilbake til arbeidslivet

Maria fekk påvist sjukdommen i 2015. Det var etter det første svangerskapet i 2013 tobarnsmora merka at ho gradvis vart dårlegare. Dei siste åra har ho stått utanfor arbeidslivet.

– Eg har eit håp om at eg kan komme tilbake til arbeidslivet. Eg er veldig glad i å møte folk og jobbe med folk, seier 33-åringen.

Maria håpar også at vi kan ta med oss nokre viktige lærdommar frå koronapandemien.

– Mange kroniske sjuke har klart å unngå ulike virus, sidan folk har vore flinkare til å vaske hendene og halde seg heime frå jobb om dei er sjuke. Det håpar eg vi tek med oss vidare etter pandemien.