Hopp til innhold

Ruth (94): – Ei frigjering å få dose tre

Ruth Letvik (94) meiner det vil vere frigjerande å få ein oppfriskingsdose med koronavaksine. Regjeringa vil gi alle over 65 år ein ekstra dose.

Ruth Letvik

For Ruth Letvik (94) vil ein tredje vaksinedose bety at ho kan gjere meir av dei tinga ho likar å gjere.

Foto: Halldor Asvall / NRK

Helseminister Bent Høie (H) fortalde på ein pressekonferanse tysdag at regjeringa vil følge rådet i FHIs faglege grunnlag, og tilby oppfriskingsdosar til personar over 65 år.

– Målet med oppfriskingsdosane er å beskytte mot alvorleg sjukdom, seier han.

Personar frå 85 og bebuarar på sjukeheimar kjem først, så aldersgruppa 75-84, deretter 65–74.

Noreg gir allereie denne tredje dosen til grupper som er spesielt utsette. Dette blir rekna som ein del av grunnvaksinasjonen.

Hallvard Sandberg forklarer de nye rådene fra Det europeiske legemiddelverket (EMA).

Hallvard Sandberg forklarar dei nye råda frå Det europeiske legemiddelverket (EMA).

– Frigjerande

Ruth Letvik (94) følgde pressekonferansen frå omsorgsbustaden sin i Lørenskog. Ho ser fram til å få ein ekstra vaksinedose.

– Det blir frigjerande. No kan eg gjere som eg vil, anten det er å besøke barnebarna eller køyre scooter til butikken.

Letvik har eit aktivt liv med reiser og ein stor familie ho no kan bruke meir tid saman med. Ho har fire barn, åtte barnebarn, elleve oldebarn og eitt tippoldebarn.

Ruth Letvik

Ruth Letvik gler seg spesielt til å kunne reise meir og sjå meir til vennar og familie.

Foto: Halldor Asvall / NRK

Snart reiser ho også på ferie til Spania. Med ein oppfriskingsdose i armen, trur ho at ho kan slappe meir av når ho er på tur.

– Med to dosar tenkte eg at eg kanskje måtte vere meir forsiktig. Men med ein dose tre, kjenner eg meg meir fri, og kan gjere meir som eg vil, seier ho.

Håper mange takkar ja

Svein Andersen (68) var den første i Noreg som fekk koronavaksine i romjula i fjor. Også han følgde pressekonferansen på TV tysdag. Dei ti månadane som har gått sidan han fekk det første stikket, har vore spesielle, seier han.

– Det var artig med alt oppstyret den gong. Og det var også trygt å vere den første. Då kunne eg senke skuldrene litt, og ikkje vere så redd for å bli smitta. Og med ein tredje dose kan eg framleis gå rundt med senka skuldrer. Det betyr ein del i kvardagen.

Svein Andersen

Svein Andersen seier kvardagen blir verande trygg med ein tredje dose.

Foto: Halldor Asvall / NRK

Han seier han ikkje har merka noko ubehag etter dei to dosane han har fått til no. Han håper difor så mange som mogeleg av dei uvaksinerte vil la seg vaksinere, og at dei som får tilbod om ein dose to, takkar ja.

– Eg synest det er positivt med ein ny dose. Det er eit tilbod alle burde takke ja til. Ein dose tre held vel truleg også dei åra vi har igjen, seier han.

Dei under 65 år til vurdering

Det må ha gått minst seks månader frå dose to er sett til ein kan få oppfriskingsdosen. FHI seier dei har basert vurderinga si på kven som kan bli alvorleg sjuke, ikkje på effekten av spreiing i folket.

– Det er ingen eintydig kunnskap om at ein oppfriskingsdose vil gi betre vern, men vi har vurdert det slik at ein slik dose vil gi eit betre vern hos dei aldersgruppene vi har anbefalt dosen til, seier FHIs vaksinesjef Geir Bukholm.

Les også: Vaksinerer her for å nå yngre voksne: – Hvorfor kommer de ikke?

Les også: Studie: Kraftig antistoffnedgang sju måneder etter vaksinedose to

For dei som er under 65 år, er det ikkje anbefalt å gi ein tredje dose no. Men FHI skal vurdere om også denne gruppa skal få ein oppfriskingsdose på sikt. For gruppa 18–65 med underliggande sjukdom, er det allereie gjeve råd om å gi ein tredje dose for dei med svekka immunforsvar.

– Vår vurdering er at det generelt ikkje er fare for alvorleg sjukdom i denne gruppa, altså difor dei under 65 år som har underliggande sjukdommar, unnateke frå dei med kraftig immunsvikt, seier Bukholm.

Venta på avklaring frå EMA

Medan mange andre land har sett i gang vaksinering med ein tredje dose, har norske helsestyresmakter venta på ei avklaring frå Det europeiske legemiddelverket (EMA). Tysdag kom dei med eit råd om å tilby ein tredje dose med Pfizer for alle personar over 18 år, seks månader etter at dei har fått andre dose.

– EMA godkjente Pfizer i går, og dett er eit kvalitetsstempel å ta omsyn til. Særleg når kunnskapsnivået er så spinkelt som no, seier Bukholm.

Han seier det var viktig for Noreg å vente på denne avklaringa og godkjenninga. No skal EMA også vurdere om Moderna kan brukast til oppfrisking.

Les også: Tegnell om Sveriges koronahandtering: – Vi har landa sånn passe

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger