Hopp til innhold

Kreftsjuke Anne Grethe (28) fekk massiv respons på kronikk om korona – no er ho kreftfri

– Eg har vore meir redd for å dø av korona enn å dø av kreft, seier Anne Grethe Solbakken. 230.000 har lest kronikken hennar der ho ba folk om å følgje smittevernreglane.

Anne Grethe Solbakken

ISOLERT: Då Noreg stengde ned i mars fekk Anne Grethe (28) beskjed om at ho hadde fått lymfekreft. Frykta for å bli smitta av korona var større.

Foto: Privat

«Jeg hater å være den som ber alle andre om å ta hensyn. Men jeg har ikke noe valg.»

Slik lyder starten av Anne Grethe Solbakken (28) sin kronikk på NRK Ytring som vart publisert for to veker sidan. Ho kjem med ei innstendig bøn om å overhalde smittevern.

Kronikken er no lest av over 230.000.

– Det er overveldande. For det meste har det vore veldig positive tilbakemeldingar, seier Solbakken.

Både vennar, familie og folk frå heimstaden hennar har kontakta henne, i tillegg til framande folk. Dei aller fleste har vore støttande, og har rost henne for å ta opp temaet.

– Døden blir plutseleg frykteleg verkeleg

Det var i mars, like etter at Noreg stengde ned, at ho oppdaga ein kul på halsen.

– Eg tenkte at det sikkert berre var ein infeksjon som gjorde at lymfeknutane mine var så store.

8. mai fekk ho kreftdiagnosen.

– Det er eit sjokk, sjølv om eg eigentleg var ganske førebudd då beskjeden kom. Det har vore veldig emosjonelt, fortel ho og held fram:

– Når ein får ein kreftdiagnose går tankane automatisk til at «dette er dødeleg.» Døden blir plutseleg frykteleg verkeleg, og det er ikkje noko ein eigentleg tenkjer mykje på som 28-åring.

Anne Grethe Solbakken

FRYKTAR SMITTE: Anne Grethe har knapt vore ute sidan nedstenginga i mars. Ho går korte turar i nærområdet på Jakobsli av og til.

Foto: Privat

Isolert på hybelen

Å gå gjennom ei kreftbehandling midt under ein pandemi har vore tøft for henne. Frykta for å bli smitta av korona blei ei ekstra stor bekymring på toppen av det heile.

– Det var veldig tøft. Eg var allereie i risikogruppa både som astmatikar og overvektig.

28-åringen frå Bardufoss sit isolert på hybelen sin på Jakobsli i Trondheim der ho vanlegvis studerer. Det har vore ein einsam haust. Utanom sjukehusbesøka har ho knapt vore ut døra sidan Noreg stengde ned i mars.

– Ein blir veldig isolert frå samfunnet. Det er stress for meg å gå ute. Det er nesten slik at eg kvir meg, seier Solbakken.

Anne Grethe Solbakken

HOBBY: For å få tida til å gå raskare i isolasjon denne hausten, har Anne Grethe brukt ein del tid på måling og å sjå på TV-seriar.

Foto: Privat

Ho er veldig klar over kva cellegift gjer med immunforsvaret. Ein infeksjon kan bli fatalt.

– Bekymringa for å bli smitta av korona har teke nattesøvnen frå meg, fortel ho.

Foreldra hennar kom på besøk og var hos henne heile sommaren. Dei fekk aldri vere med henne på behandlinga.

Ei venninne har handla for henne og budd i same leilegheit. Ho må vere ekstremt forsiktig. Ho går med munnbind uansett kor ho skal, og er veldig lite ute.

– Eg har vore veldig redd. Både ho og foreldra mine kan skrive under på at eg har vore veldig streng med smittevern.

Anne Grethe Solbakken

GRUNDIG VASK: Anne Grethe vaskar dørhandtaket. Ho kan ikkje risikere å bli smitta av koronaviruset.

Foto: Privat

– Provoserande oppførsel i Trondheim

Det heile førte altså til at Solbakken tok pennen fatt, og skreiv ein kronikk der ho ber folk om å ta hensyn.

Hvem som helst du møter ute, kan være nærkontakten til noen som ikke vil tåle å bli syk.

– Det har vore veldig frustrerande å sjå kor mange festar som har føregått i byen, seier ho.

Solbakken synest det har vore ekstra provoserande at folk har registrert seg med falskt namn på utestadane i Trondheim.

For hennar del kunne det godt vore nedstenging av samfunnet ut året.

– Det er mykje negativitet rundt det myndigheitene gjer no. Det er det same som dei blei rost opp i skyene for i starten av pandemien, seier ho.

Solbakken tenkjer at myndigheitene har gjort så godt dei kunne i ein uoversiktleg situasjon. Men ho meiner likevel at det har vore ekstra forvirrande med anbefalingar framfor påbod.

– Påbod er lettare å følgje enn anbefalingar. Mange er kanskje usikre på kva slags forholdsreglar dei skal ta. Det har gjort det ekstra utfordrande, synest Solbakken.

Framleis redd for koronasmitte

12. oktober fekk ho siste dose med cellegift.

Nøyaktig éin månad seinare fekk 28-åringen beskjed om at ho er kreftfri.

– Eg har vore meir redd for å dø av korona enn å dø av kreft.

I kronikken skreiv ho:

«Er jeg redd for å dø i en alder av 28? Ja, absolutt. Men det er ikke kreften jeg er redd skal ta livet av meg. Hele veien har jeg holdt fast ved at dette er noe som lar seg behandle. (...) Jeg har vitenskapen og statistikken på min side.»

– Hår og augebryn byrjar å komme tilbake. Det er godt å kjenne at eg har fått litt meir energi, men eg er absolutt redd for smitte framleis, vedgår ho.

Anne Grethe Solbakken

FØR: Slik såg Anne Grethe ut om lag eitt år før ho fekk kreftdiagnosen.

Foto: Privat

Immunforsvaret hennar er framleis svakt. Solbakken er usikker på om ho kan ta risikoen ved å reise heim til jul. Ho har ikkje vore i heimbygda Bardufoss sidan i fjor.

– Det er litt spenning knytt til korleis eg skal komme meg heim, men eg håpar det går bra. Det blir godt å kunne vere saman med familien.