Hopp til innhold

Han er blant dei første i Noreg som har fått tredje vaksinedose

Finn Helge Quist oppmodar andre til å be om eit tredje stikk mot korona. Men helsesjefen vil at folk ventar til dei får tildelt ei vaksinetid.

Finn Helge Quist

Finn Helge Quist hadde ingen nytte av dei første to vaksinane han tok. No håpar han på å kunne leve litt meir normalt og treffe andre att.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Finn Helge Quist fekk ein lungetransplantasjon for elleve år sidan. Det gjer at han må gå på immundempande medisin.

Det er truleg grunnen til at han hadde null antistoff i kroppen for å kjempe mot koronaviruset, sjølv etter to vaksinedosar.

No har Quist fått eit tredje stikk.

Utanom nokre som har delteke i studiar, er han truleg blant dei første i Noreg som har fått dette.

Helsedepartementet opna denne veka for at personar i Quists situasjon kan få eit tredje stikk, etter FHIs anbefaling.

– Det er heilt fantastisk, seier haugesundaren.

– Eg kan snart byrje leve att

Quist fortel han har hatt det tøft under pandemien. Han slutta i jobben og har so å seie isolert seg i leilegheita si, sjølv etter han vart rekna som fullvaksinert.

– Eg har vore veldig lite ute blant folk, og det har vore forferdeleg tungt, seier han.

For Quist høyrer til ei gruppe som sjølv utanom koronaviruset omtalas som «høgrisiko».

– Faktisk viser internasjonale undersøkingar at kring 20 prosent av dei som er transplantert ender med å døy, dersom dei skulle få korona, seier han.

No har han altso fått eit tredje stikk som i alle fall kan hjelpe mot koronaviruset.

Etter eit par-tre veker skal kroppen ha bygga opp antistoffa som trengst for å bli beskytta.

– Då vil eg gå på sjukehuset som sist og få teke ein slik antistofftest, seier Quist.

Om lag 95 prosent av dei vaksinen verkar som meint på, vert beskytta mot covid-19, ifølgje FHI.

– Eg vil jo ikkje bli det, men eg håpar på å bli 50–60 prosent beskytta. Og det er forferdeleg mykje meir enn null, seier han.

Tilrår ekstra vaksinedose

Personar som Quist, dei med alvorleg svekka immunforsvar, vert no tilrådd ei ekstra vaksinedose. Dette for å auke føresetnadane for at dei vil få eit godt vern mot å bli alvorleg sjuke om dei vert smitta.

Dei vert likevel tilrådd å vere ekstra forsiktig og leve meir skjerma i periodar med mykje smitte.

Ulike grunnsjukdommar og ulik immunsvekkande behandling vil gje ulike utslag på kor effektiv den tredje dosen er.

– Dette vert no studert nøye i studiar i Noreg og i dei andre landa som gjev tilsvarande tilbod, seier Sara Viksmoen Watle.

Ho er overlege ved avdeling for smittevern og vaksine ved Folkehelseinstituttet.

Sara Viksmoen Watle, overlege FHI

Sara Viksmoen Watle hjå FHI seier den tredje dosen det her er snakk om skil seg frå «oppfriskingsdosen» som tidlegare har vore diskutert. Personar som Quist treng den for å få i gang immunforsvaret, ikkje for å friske opp immuniteten mot covid-19.

Foto: Marthe Hagelien / NRK

Det er fleire FHI meiner kan ha behov for ein tredje dose.

75.000 personar går på immundempande medisinar, det same som truleg gjorde at vaksinane ikkje fungerte på Quist.

– Vi har stor forståing for at desse pasientane er uroa og no ynskjer å få den ekstra dosen sin so snart som mogleg. Vi jobbar so fort vi kan med dette, seier Watle.

Ho seier at FHI jobbar med å få på plass ordningar for innkallingar for dei som skal få ein tredje dose, og vil kome med dette so snart som råd

– Det er ikkje trong for at dei tek kontakt med sin behandlande lege før dette er på plass, seier overlegen.

Oppmodar andre om å ta kontakt

Quist vart meld opp til sin tredje dose av fastlegen sin. Quist håpar andre også kan få fortgang i systemet ved å aktivt be om hjelp.

– No har jo eg fått. Og det er klart ein ikkje kan gjere forskjell på folk, so når eg får so må jo andre få, det skulle berre mangle, seier Quist.

Men helsesjefen i Haugesund, Tone Berntsen Steinsvåg, vil ikkje ha mange telefonar frå folk som ynskjer eit tredje stikk – enno.

Tone Berntsen Steinsvåg, helsesjef, Haugesund kommune

Helsesjefen i Haugesund seier kommunen står klar so snart der ligg føre retningslinjer for korleis ein skal gjennomføre vaksinering med ein tredje dose.

Foto: Haugesund kommune

– For det er ikkje slik at kvar enkelt som meiner dei har redusert immunforsvar berre kan bestille ein time, seier Steinsvåg.

Ho seier at dei står klare so snart det kjem retningslinjer frå høgre hald.

– Er kommunen klar til å gje ut vaksinedose nummer tre då det eventuelt vert tilrådd?

– Ingen problem. Vi har vaksinar og vi har tid.

Helsesjefen seier at kommunen skal ha kort responstid den dagen dei eventuelt vert bedne om å vaksinere med ein tredje dose.

FHI opplyser til NRK er det so langt ikkje er noko som tilseier at det er behov for ein oppfriskingsdose til fullvaksinerte i den generelle befolkninga i Noreg, heller ikkje dei eldre.