Tagging er inga nymotens greie
Det er noko vi menneske har drive med i fleire tusen år
Og ingen plass er for heilag

Nidarosdomen – ei skikkeleg arrete kyrkje

Ho er Noregs nasjonalheilagdom.

Kjend for alle sine helgenskulpturar.

Men ser ein nøye etter, er det mykje rart ein kan finne på katedralen …

… litt nærare bakkeplan, der det er lett for menneskehender å kome til.

Ingrid Heiene er doktorgradsstipendiat i språkhistorie og guide i Nidarosdomen.

For ho er det å granske veggane på domen som å gå på skattejakt.

«Fordi det er så himla mykje krot, blir det litt sånn: Har vi eigentleg sett alt? Kanskje det står noko veldig spennande her, som ingen har sett før?»

Guð á mik, les Ingrid frå runeteikna.

«Gud eig meg, betyr det. Det er som om nokon har sett ein merkelapp på kyrkja. Det er jo litt søtt.»

42 runeinnskrifter er funne på Nidarosdomen.

Elles veit ingen heilt kor mykje som finnast av andre typar bokstavar og merke – men det er snakk om tusenvis av riss.

Nokre litt meir oppsiktsvekkande enn andre.

«Dette er den såkalla homsetaggen. Ut frå bokstavane ser vi at han er laga av nokon med høg utdanning.»

Laurensius Celvi Anus Petri

Altså, Lars er rompa til Petter.

Ein trur dette er ei skulding om eit homofilt forhold – retta mot ein upopulær prest på 1300-talet. Som ein del av ein slags svertekampanje.

«Så ja. Dette er potensielt 700 år gammal mobbing. Det er farleg å skrive noko i stein. Då vert det ståande!»

At det er såpass mykje tagging på Nidarosdomen, er nok delvis fordi bygginga starta rundt år 1070.

Så folk har hatt mange år å vere kreative på.

«Sjå kor djupt og nøye denne lutten er rissa, med åtte punktumsmå stemmeskruar. Her er det nokon som har hatt god tid!»

Ei anna forklaring på at det er mange merke og krot, er at Nidarosdomen er laga av ein veldig mjuk stein.

«Så det skal ingenting for å lage eit merke.»

Kven som har tagga opp igjennom kan vere alle slags folk – bønder og pilegrimar, geistlege og adel.

Og eitt fellestrekk finst blant mange av rissa.

«Når vi finn namn, så er det stort sett gutenamn som går igjen. No skal ein ikkje stereotypifisere, men … hehe.»

«Og denne AB er ein gjengangar. Han finst fleire stader på kyrkja. Så her er det nokon som har hatt eit enormt markeringsbehov.»

Som seg hør og bør, når det er snakk om ei kyrkje, er det også flust av religiøse symbol, som olavsøkser og kors.

«Det er kanskje eit forsøk på magi. At viss eg set eit kors i denne kyrkja som har så mykje kraft i seg, kanskje det har eit resultat for meg.»

Guð gæti þín, Erlingr Sigmundarsonr, nú ok jafnan

Gud bevare deg, Erling Sigmundsson, no og alltid, betyr denne runeinnskrifta som er å finne inni kyrkja.

Faktisk er det ein god del som har drista seg til å sette merket sitt også inni katedralen.

Mykje finn ein rett rundt alteret – i hjartet av domen.

Men alle desse steinhoggarmerka må ein ikkje la seg lure av.

Dei er signatur frå den som har hogge steinen – og dei skal vere der.

Noko ein derimot ikkje vil ha på Nidarosdomen, er dette.

«Sjå her – datert 27/04–07. Dette er ukul tagging. Ingeborg og Fridtjof – fy fy!»

«Frå eit historisk og arkeologisk perspektiv, kan vi jo lese mykje interessant ut frå tagginga – og nytt krot øydelegg for gammalt krot.»

Derfor vart det også ganske sterke reaksjonar då det i starten av april vart tagga med spraymåling – for første gong i historia – på Noregs nasjonalheilagdom.

«Det er ikkje sikkert vi nokon gong får all fargen av, og at det blir sånn at om ein veit kor ein skal sjå, så ser ein det. Og det er jo litt synd.»

«Samtidig, om 500 år – då kjem nokon til å synast det er kult. Akkurat sånn som vi står og ser på runeinnskrifter no og er kjempefascinerte.»

«Så viss du vil tagge på noko og ikkje vere ein dust, må du gjere det i fortida – for fleire hundre år sidan. Då er det greitt.»

tekst og foto

Hanne Bernhardsen Nordvåg
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal