Hopp til innhold

Operasjonane kirurgen gjer blir farlegare fordi stadig fleire har fedme

– Pasientar overskrid oftare og oftare maksimalvekta på operasjonsborda våre, seier overlege.

Overlege og kirurg Tonje Okkenhaug Johansen står i en operasjonssal ved St. Olavs hospital i Trondheim. Hun har på seg grønne kirurgklær og ei grønn lue. Foran henne er det et operasjonsbord.

TYNGDE: Overlege Tonje Okkenhaug Johansen er bekymra over at pasientane blir stadig tyngre.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

På nevrokirurgisk avdeling ved St. Olavs hospital i Trondheim står Tonje Okkenhaug Johansen. Ho har jobba mange år som kirurg og overlege her.

I løpet av den tida har ho og kollegaene opplevd endringa i samfunnet. I 1960 hadde berre 5 prosent av norske menn i 40-åra fedme. No har meir enn kvar fjerde i den aldersgruppa fedme, ifølgje tal frå FHI.

Vi ser at ein større del av pasientane våre er over 135 kilo.

Det er eit problem. For det er nemleg grensa som avgjer om dei kan gjere ryggoperasjonar på den måten som gir minst risiko.

Vektgrense

Pasientar under 135 kilo kan sitte bøygde over operasjonsbordet på kne og olboge. Då kjem kirurgane lett til ryggrada.

Men er folk over den grensa må dei leggast på ein annan måte. Det gir større press på magen.

Et operasjonsbord på nevrokirurgisk avdeling ved St. Olavs hospital i Trondheim. I bakgrunnen er det en maskin som tar røntgenbilder. På operasjonsbordet ligger det to puter som brukes ved ryggoperasjoner når pasienten veier mer enn 135 kilo.

Ekstra tunge pasientar må ligge oppå puter på operasjonsbordet.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Dermed får du meir trykk i blodårene, og større risiko for bløding, forklarer ho.

I utgangspunktet er operasjonar av prolapsar og liknande ikkje noko stort inngrep.

Kirurgane bruker eit lite snitt i ryggen og mikroskop for å sjå inn til ryggrada.

Men at nordmenn blir stadig tjukkare har også fått andre praktiske konsekvensar på operasjonssalen.

Kirurg og overlege Tonje Okkenhaug Johansen står i en operasjonssal ved St. Olavs hospital i Trondheim. Hun har på seg grønne kirurgklær og ei grønn lue. Hun ser inn i et mikroskop som brukes under kikkhullsoperasjoner.

Tonje Okkenhaug Johansen er medlem i spesialistkomiteen i Norsk nevrokirurgisk foreining.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Les også Ny studie knytter ultrabehandlet mat til 32 alvorlige helsetilstander

Ultraprosessert mat.

– Lang veg inn

Dei siste åra har dei blitt nøydde til å skaffe seg nye haker som held «tunnelen» ned til ryggrada open.

Når du har ein veldig lang veg inn, er det mykje vanskelegare å få til å operere, fortel Johansen.

Dei kortaste tunnelhaldarane er berre to centimeter. Då er det lettare å komme til, enn når haldaren er ti centimeter.

Overlege og kirurg Tonje Okkenhaug Johansen står i en operasjonssal ved St. Olavs hospital i Trondheim. Hun har på seg grønne kirurgklær og ei grønn lue. Foran henne er det et operasjonsbord. Hun demonstrerer bruk av kirurgiske instrumenter.

Overlege Tonje Okkenhaug Johansen demonstrerer det ekstra lange operasjonsutstyret som er kjøpt inn fordi nordmenn blir stadig tjukkare.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Når pasientane ligg oppå operasjonsbordet endrar det også arbeidssituasjonen for kirurgane.

Då må vi gjerne stå oppe på ein krakk i tillegg. Då har du ikkje dei same moglegheitene til å bevege deg rundt pasienten. Det gjer jo at vanskegrada går opp litt for oss kirurgar.

Det er ikkje dei einaste utfordringane.

Mykje feitt på kroppen gjer røntgenbilda meir utydelege.

Det er veldig mykje informasjon som forsvinn i bildet.

Utstyr for kirurgiske operasjoner ligger i en metallboks. De er ekstra lange for å kunne brukes på pasienter med overvekt og fedme.

Sjukehusa har spinalinstrument med ulik lengde for å «komme til» ryggrada.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Vekta betyr også at det trengst fleire personar på operasjonsstua.

Vi må ha fleire menneske for å legge pasientane i den posisjonen dei skal vere.

I tillegg er det litt høgare risiko med narkose hos dei med fedme.

Narkoselegane er oftare inne hos dei pasientane enn hos andre.

– Katastrofe

Vegard Skalstad Ellensen er leiar i Norsk thoraxkirugisk foreining, og kirurg ved Haukeland universitetssjukehus.

Vi ser det er auka risiko for komplikasjonar hos pasientar med BMI frå 35 og oppover.

Han forklarar at pasientar med fedme ofte har andre sjukdommar i tillegg, til dømes diabetes.

Samla gir det auka risiko for infeksjonar etter at han og kollegaene har gjort inngrep i hjarte eller lunger.

Om det blir infeksjon når vi går gjennom brystbeinet er det katastrofe, seier Ellensen.

Derfor følger dei ekstra godt med etter operasjonane for å vere raskt ute med å gje antibiotika om det trengst.

Et ekstra langt spinalinstrument blir holdt av en kirurg mot en grønn operasjonsbenk. Instrumentene som brukes ved St. Olavs hospital i Trondheim har fått økt lengde fordi nordmenn blir stadig med overvektige. Instrumentet brukes blant annet til prolapsoperasjoner.

Kirurgane kan bruke ekstra lange spinalinstrument på pasientar som har fedme.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

– Samfunnsproblem

Johansen ved sjukehuset i Trondheim seier at når risikoen knytt til fleire delar av operasjonen er høgare, må ho vere ekstra sikker på at ein vil ha god nytte av inngrepet.

Det skal vere ekstra god grunn til at ein gjer det.

Johansen understrekar at dei ikkje gjer operasjonar som dei meiner det er for høg risiko ved. Men til saman gjer alt dette at Johansen er bekymra for vektutviklinga til nordmenn.

Det er frykteleg vanskeleg at kvar enkelt skal ta ansvar for det sjølv. Så eg tenker jo på det som eit kjempestort samfunnsproblem.

Les også Flere pasienter er ekstremt overvektige – sykehus må kjøpe spesialutstyr

Spesialstol for overvektige pasienter ved St. Olavs hospital

Les også Slankemedisin gjør flere avhengige av sosialhjelp

Nærbilde av en person stikker slankesprøyten Wegovy inn i magen.