Hopp til innhold

Salet av slankemedisin har eksplodert: Kiloa renn av Tuva

Med jamlege sprøytestikk har kiloa byrja å rasa av Tuva Christoffersen. Det kostar ho 30.000 kroner i året og fleire biverknader.

Tuva Christoffersen tar slankemedisin.

SPRØYTESTIKK: Tuva Christoffersen tar medisinen Wegovy for å gå ned i vekt.

Foto: Marit Sirum-Eikre / NRK

Ho vog 83 kg då ho sette første sprøyta i mai. I august var ho 10 kg lettare. No er vekta under 70 kg.

– Eg følte meg større enn dei andre. Det har eg alltid gjort, seier 30 år gamle Tuva Christoffersen.

Då ho vart gravid vog ho rett under 100 kilo. Ho melde seg på eit løp, som ho brukte mykje lenger tid på enn kva ho tenkte.

– Då var det nok. Eg orka ikkje kjempa meir mot hungeren. Då bestemte eg meg for at eg kunne få eit verktøy, seier ho.

Tuva seier at ho får biverknader av medisinen, men at ho likevel vil halda fram med sprøytestikka.

Tuva seier at ho får biverknader av medisinen, men at ho likevel vil halda fram med sprøytestikka.

Foto: Ola Hana / NRK

På TikTok under namnet «designertuva» har ho delt si histoire. Her får ho spørsmål som ho svarar ope og ærleg på.

Salet har eksplodert

Tuva hadde tidlegare prøvd både ernæringsfysiolog og psykolog før ho starta på sprøytene i samråd med lege.

Ho er ein av mange nordmenn som har gått ned i vekt ved hjelp av slankemedisin. Salet av desse medisinane har eksplodert dei siste åra, viser tal frå Apotekforeininga.

I 2020 selde apoteka 160.000 pakkar. I fjor: 1,5 million.

Tal frå Legemiddelregisteret og Folkehelseinstituttet viser at om lag 15.000 brukte vektreduserande legemiddel i 2020. I løpet av første halvår i 2023 auka talet på brukarar til over 100.000.

Dette svarar til ca. 0,3 prosent av befolkninga i 2020 og 2 prosent av befolkninga i 2023.

– Det går sjeldan ei veke utan at ein pasient spør om dei burde fått desse medisinane, seier lege Kaveh Rashidi.

Wegovy kom på marknaden i 2023.

Wegovy kom på marknaden i 2023.

Foto: Ola Hana / NRK

Han forklarer at medisinane eigentleg er diabetesmedisinar. Dei er laga for å redusera blodsukkeret. Samstundes reduserer dei også appetitten. Ein får altså mindre lyst på mat.

– Og et ein mindre, går vekta følgjeleg ned, seier Rashidi.

Legen meiner at å ta slankesprøyter ein «kvikkfiks», men meiner samstundes at det ikkje er eit negativt ord i denne samanhengen.

– For då har ein prøvd alle «saktefiksane» først, som ikkje har fungert. Ingen skal få slankesprøyte før dei har prøvd andre ting først. For det er potensielle biverknadar, seier han.

– Blir fort svimmel

Sprøytene har kosta for Tuva. Utgiftene er på over 30.000 kroner i året og biverknadane er tydelege.

– Det er litt som å få influensa og covid på same tid. Og litt feberfølelse.

– Eg blir fort svimmel. Og eg har fått lågt blodtrykk, legg ho til.

Helsemyndigheitene følgjer den raske auken i bruk av slankemedisin nøye. Linda Granlund, som er divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, meiner det er problematisk om ein ikkje ser på årsakene som ligg bak overvekt.

– Vi som samfunn må først gjera slik at vi ikkje får fleire som får overvekt og fedme. Samstundes er det viktig å hjelpa dei som har behov for det, seier ho.

Granlund seier også at det ikkje er ønskeleg verken på individ eller samfunnsnivå at folk står på livlsang medikamentell behandling.

– Vidare kan biverknadane vera svært plagsame, legg ho til.

Tuva slankesprøyte

Tuva er oppteken av å halda seg i form og trener litt kvar kveld.

Foto: Marit Sirum-Eikre / NRK

Trass i biverknadar og høge utgifter, er ikkje Tuva i tvil om at ho vil halda fram med medisinane.

– Eg kjem ikkje til å kutta det ut. Om eg må gå på det resten av livet, gjer eg det. For eg skal ikkje opp igjen, seier ho.

Les også Gikk ned 20 kg – mener flere bør få fedmemedisin

Tobias Bratvold Lucey på vei inn til Debatten.

AKTUELT NÅ