Hopp til innhold

Nina halverte vekta utan slankemedisinar

Nina Hovland gikk ned frå 140 til 70 kilo med trening og gode kosthaldsråd. Legeforeininga er bekymra over at bruken av slankemedisinar har eksplodert.

Nina Hovland gikk ned fra 140 til 70 kilo ved å trene og spise sunt.

Nina Hovland gjekk ned frå 140 til 70 kilo ved å trene og ete sunt.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Eg skjønte at eg måtte gjere noko da vekta bikka 140 kilo, seier Nina Hovland.

Ho er utdanna kokk og jobba i restaurantbransjen i mange år.

– Det blei lange kveldar og uregelmessige måltid. Trening tenkte eg ikkje på i det heile, seier ho.

Ho klarte først å gå ned nesten 30 kilo utan hjelp, men der stoppa det.

Så blei ho med i ein konkurranse på treningssenteret sitt. Her fekk Nina Hovland tett oppfølging både med trening og kosthald.

På eit halvt år gjekk ho ned 40 kilo til.

Nina Hovland før hun gikk ned i vekt

Nina Hovland vog 140 kilo før ho endra livsstilen sin.

Foto: Privat

– Det hadde eg ikkje klart aleine, seier ho.

Nyleg kom ei oppfordring frå myndigheitene om at ein av dei, Ozempic, berre skulle skrivast ut til pasientar med diabetes type 2. Dette fordi det er ein diabetesmedisin.

Dessutan har han lenge vore mangelvare fordi overvektige også har brukt han.

Les også Jakten på medisinen: Hans Einar må kjøre byen rundt

Hans Einar Johannessen har diabetes og bruker Ozempic.

Bekymra over medikamentbruk

Legeforeininga er bekymra over utviklinga kor stadig fleire vel å bruke medikament for å gå ned i vekt.

Dette sjølv om ein ikkje lenger får populære slankesprøyter på blå resept.

– Vi er bekymra for den utbreidde bruken av vektreduserande medikament i den norske befolkninga nå, seier leiar i allmennlegeforeininga i Noreg, Marte Kvittum Tangen.

Nærbilde av en person stikker slankesprøyten Wegovy inn i magen.

Wegovy er ein av de populære nye slankesprøytene på marknaden.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ho påpeikar at ein ikkje veit noko om langtidseffekten.

– Det er alltid biverknader ved bruk av slike medikament. Vi er bekymra for at pasientane kan få redusert muskelmasse og at effekten berre varer så lenge ein bruker medisinen, seier ho.

– Puttar det ikkje i kroppen

Stadig fleire tyr til slankemedisinar. I fjor selde apoteka 1,5 millionar pakkar av Ozempic, Saxenda, Wegovy og Mysimba.

Nina Hovland har aldri tatt slankemedisinar for å gå ned i vekt.

– Eg vil ikkje putte noko i kroppen som eg ikkje heilt veit kva er, seier ho.

Nina Hovland er kokk og byttet ut kveldsjobb med jobb på dagtid i kantina på Høgsulen på Vestlandet.

Nina Hovland er kokk og bytte ut kveldsjobb med jobb på dagtid i kantina på Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Ein ny norsk studie (ekstern lenke) viser også at fleire kan klare å gå ned i vekt omtrent på same måte som Hovland: Med tett oppfølging og kosthaldsrådgiving.

– Studien har gode og varige resultat, men han krev tett oppfølging der fastlegen lagar ein kosthaldsplan for pasienten, seier Kvittum Tangen.

Legeforeininga meiner det beste for pasienten er å kunne gå ned i vekt utan medisinar.

Marte Kvittum Tangen, leder Norsk forening for allmennmedisin
spesialist i allmennmedisin

Marte Kvittum Tangen, leiar Norsk foreining for allmennmedisin.

Foto: Thomas Eckhoff / Den norske legeforening

Den nye studien, der pasientar har hatt vektreduksjon utan medikament, omfattar 210 pasientar og 23 legar. Litt over halvparten av pasientane fekk vanleg oppfølging. Resten fekk ekstra tett oppfølging med blant anna skriftlege kosthaldsplanar.

– Dei som fekk ekstra tett oppfølging, gjekk ein god del ned i vekt. Den andre gruppa gjorde ikkje, seier Marte Kvittum Tangen.

Studien varte i to år. Pasientane med spesiell oppfølging gjekk ned meir enn 24 prosent i vekt i perioden. Det var ikkje nokon stor vektnedgang blant dei som fekk vanleg oppfølging.

Deler ikkje bekymringa

Landsforeningen for overvektige deler ikkje bekymringa i legeforeininga over auken i bruken av slankemedisinar.

– Vår bekymring går like mykje på at det ofte ikkje er ei heilskapleg oppfølging, seier Mari-Mette Graff, leiar for Landsforeningen for overvektige til NRK.

Ho er likevel glad for studien der pasientar får tett oppfølging av lege.

Mari-Mette Graff, Landsforeningen for overvektige.

Mari-Mette Graff er leiar for Landsforeningen for overvektige.

Foto: UNN (Universitetssykehuset Nord-Norge)

– Vi er veldig glade for at betydninga av oppfølging blir anerkjent. Det å endre levemåte påverkar også personane rundt. Derfor er det kjempebra med oppfølging over tid, seier Graff.

Ho meiner også det kan vere tøft etter at ein har klart å gå ned dei kiloa ein ønsker.

Det er Nina Hovland heilt einig i.

– Eg trenar og går tur fleire gonger i veka. Og så prøver eg å ha eit balansert kosthald med mykje protein. Men eg unner meg også noko godt innimellom, seier Hovland.

Hei!

Har du innspill til denne saken? Eller kanskje du har tips til andre saker? Send meg gjerne en e-post!