Sport i Sogn og Fjordane

Oppsummert

Få siste nytt om det som rører seg av smått og stort frå idretten i Sogn og Fjordane. Send oss gjerne tips på sf@nrk.no eller ei melding på Facebook.

  • Vann turrenn i Italia

    Atle Vallestad frå Viksdalen sørga for lokal klassesiger under det sju mil lange skirennet Marcialonga i Italia. Nær 200 stilte på til start i klassen over 70 år, der Vallestad var mellom dei yngste. Han er nøgd med første siger på sjette forsøk.

  • Tok rekordar og klarte EM-kravet

    Det vart sett 38 nye norske rekordar under Vestlandsmeisterskapen i vektløfting i helga. 14 av rekordane stod løftarar frå arrangørklubben Tambarskjelvar og Breimsbygda for. I tillegg til fem norske seniorrekordar, klarte Lone Kalland for første gong kravet til senior-EM i april med 211 kilo samanlagt.

    Lone Kalland
    Foto: Ola Bergheim
  • 3. plass for Bakke

    Magnus Skeide Bakke gjekk inn til ein 3.plass i sprint i Norgescupen i skiskyting i dag. Bakke som konkurrere i M17, kom bak Isak Leknes Frey og Jakob Lundby. I morgon er det jaktstart som står på programmet.

    Magnus Skeide Bakke
    Foto: privat