Hopp til innhold

Solskjær tok med familien til Sogndal – fekk sjå sonen spele

Ole Gunnar Solskjær kom til Sogndal for å møte sonen Noah. Men frå tribuneplass kunne han også sjå midtbanetalentet Sivert Mannsverk briljere mot Åsane.

Ole Gunnar Solskjær og familien på tribuna på Fosshaugane då Sogndal slo Åsane 3-1 27. juni 2021.

FØLGDE GODT MED: Ole Gunnar Solskjær hadde med kona Silje og borna Karna og Elijah då han såg Sivert Mannsverk herje på midtbana mot Åsane. Noah Solskjær kom inn heilt mot slutten av kampen.

Foto: Håvard Nesbø

Manchester United-manageren var denne helga i Sogndal for å besøke sin eldste son, Noah, som kom inn for Sogndal heilt mot slutten av kampen mot Åsane søndag.

Med i følgjet var også kona Silje, sonen Elijah og dottera Karna.

Ole Gunnar Solskjær var tydeleg på at han var i Sogndal på ferie, og at han ikkje ville la seg intervjue under opphaldet.

I staden nytta han tida godt til å følgje med på det unge Sogndal-laget, der særleg Sivert Mannsverk er ein spelar mange har auga på for tida.

Han er tilbake etter ein operasjon og var ei viktig brikke for heimelaget søndag.

Sivert Mannsverk under kampen mot Åsane 27. juni 2021.

IMPONERTE: Sivert Mannsverk hadde full kontroll på midtbana i kampen mot Åsane. Han sette sjølv inn sitt sjette mål som Sogndal-spelar etter 90 minutt.

Foto: Håvard Nesbø

– Han er ettertrakta

Men Sogndal-manager Eirik Bakke trur ikkje at Mannsverk er aktuell for ein så stor klubb som Manchester United alt no, sjølv om han imponerte stort søndag med Solskjær på tribunen.

– Det er bra at vi har ettertrakta spelarar. Vi veit om interessa for han, men eg håpar og trur at Sivert blir i Sogndal ut sesongen. Men vi veit aldri i fotballen, seier Bakke til NRK.

– No var Ole Gunnar Solskjær på tribunen i dag. Snakka de om Mannsverk?

– No var han og besøkte guten sin, og han har ikkje spurt meg om Sivert. Men at Sivert er ein ettertrakta spelar må vi berre leve med så lenge han er her.

– Kult at han er her

Sjølv vel den 19 år gamle årdølen å vere taus om kva tankar han gjer seg om at overgangsvindauget mot Europa opnar no i juli.

Tidlegare har blant anna italienske Bologna synt interesse.

At det blir enda meir spekulasjonar når Ole Gunnar Solskjær dukkar opp på Fosshaugane, er heller ikkje noko Mannsverk vil tenke på.

– Eg synest berre det er kult at han er på Sogndal-kamp. Det er jo stort at ein så stor norsk fotballprofil er på Fosshaugane. Det er ikkje kvar dag.

Ole Gunnar Solskjær og familien på tribuna på Fosshaugane då Sogndal slo Åsane 3-1 27. juni 2021.

MANGE FANS: I pausen i kampen fekk mange unge fans høve til å bli tatt bilde av saman med Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Håvard Nesbø