Hopp til innhold

Slik feirar du når du snappar Kongepokalen framfor nasen på erkerivalen

– Viking hadde kampen i lomma, men så robba vi den frå dei. Det var heilt vilt. Steike meg, jublar OL-håpet Anders Mol.

Førde volleyballklubb vakna i siste liten og slo erkerival Viking i kampen om Kongepokalen.

SJÅ VIDEO: Førde volleyballklubb vakna lovleg seint i cupfinalen mot erkerival Viking frå Bergen. Dermed kunne herrelaget feire Kongepokal nummer fem i garderoben. (FOTO: LEIF RØV)

Anders Mol med Kongepokalen

SIGERSKYSSET: – Verken eg eller vi som lag spelar vår beste kamp, men vi kjempar som eit lag. Difor smakar det skikkeleg godt å sitje att med sigeren. Eg er veldig stolt over gutane i dag, seier Anders Mol.

Foto: Leif Røv

Etter intens finale over tre timar og fem sett, kunne Førde volleyballklubb juble over cuptriumf nummer fem for herrane.

At fleire av kameratane spelar på Viking, krydra cuptriumfen. Førde vann til slutt 3–2 (25-22, 20-25, 19-25, 25–23 og 17-15).

– Det var veldig herleg å vise kven som er beste laget i Vestland, ler Anders Mol, OL-håpet i sandvolleyball som spelte sin siste kamp i Førde-trøya.

– Vanskeleg å toppe

Søndag set han og makker Christian Sørum, eller Årets Lag som dei vart kåra til under Idrettsgallaen, på flyet til Tenerife for å starta oppkøyringa til sommar-OL. Der er dei truleg Noregs største medaljehåp.

Dermed vart det heller ikkje noko stor feiring av Kongepokalen i Oslo. Uansett kor godt det smakte.

– Det blir vanskeleg å toppe dette, med årets lag og cupfinalegull, men eg skal prøve å få endå fleire gode minne får 2020. Det er jo OL då, humrar sandvolleyballspelaren.

Førde Volleyballklubb er cupmeistrar 2020

CUPGULL: Tradisjonen tru farga sunnfjordingane arenaen blå under årets cupfinale i volleyball.

Foto: Elisabeth Viken

Vakna lovleg seint

Anders Mol

TJUVERI: Anders Mol er klar på at Førde hadde tur mot Viking. – Det kjennast ut som vi stal litt frå dei. Det kjendest ut som eit ran. Men desto kjekkare er det, gliser han.

Foto: Leif Røv

Førde tok første poeng og første sett, men så tok erkerival Viking over. Bergensklubben tok andre og tredje sett og såg lenge ut til å dra i land det avgjerande settet. Så vakna Førde i siste liten.

– Volleyball er ein mental sport, og det skjer store momentskift heile vegen. Dei gjorde nokre feil, og vi gjorde litt bra. Men dei gav ikkje kampen til oss. Vi måtte kjempe for det, seier Mol.

Også i det avgjerande femtesettet vakna Førde lovleg seint.

– Etter ein timeout klarte vi pokker meg å kjempe oss tilbake. Vi gjekk på bana for å grave så djupt vi aldri før har gjort. Dette er ein skikkeleg lagsiger, seier han.

– Hadde du gitt opp?

– Ja, eg hadde gitt opp i fjerdesettet. Då spelte eg ikkje bra sjølv og energien var dårleg.

– Mental sport

Sverre Grønnevik Flåskjer med

GULL: Sverre Grønnevik Flåskjer med det synlege beviset på at han er cupmeister 2020.

Foto: Elisabeth Viken

Saman med Sørum vann 22-åringen frå Fusa ikkje mindre enn åtte turneringar i 2019. I tillegg tok dei VM-bronse, og EM-gull for andre året på rad.

Resultata sende dei rett til topps på verdsrankingen.

Med andre ord har han vore ute ei vinternatt før på idrettsfronten. Men ikkje i innandørsvolleyball. For Mol er dette første innandørstriumf som seniorspelar.

– Har det gjeve meirsmak?

– Absolutt, men det krev sitt å spele innandørs og satse på sandvolleyball. Ein får aldri pausen som ein treng. Men dette må evaluerast.

Både pappa Kåre Mol og makker Sørum var uroa for skade då 22-åringen valde å satse med Førde. No kan begge puste letta ut.

– Pappa gav meg ein stor klem og var veldig nøgd. Eg trur det gler han at det gjekk som det gjekk. Han har sett at eg har kosa meg. No kan han puste letta ut, avsluttar Mol.