Hopp til innhold
Badou
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sogndal fotball

Oppsummert

Få siste nytt om Sogndal fotball. Har du tips? Send oss ein e-post på sf@nrk.no eller ei melding på Facebook.

  • Raude tal for Sogndal Fotball

    Sogndal Fotball rapporterer på raudt i halvårsrapporteringa til Noregs Fotballforbund for sesongen 2025.

    Dette er eit resultat av strategiske og medvitne val, og ikkje uttrykk for svak økonomi, skriv klubben i ei pressemelding.

    Klubben og konsernet har prioritert investeringar og langsiktig sportsleg satsing framfor kortsiktig rapportering.

    Den såkalla lisensscoren til Sogndal Fotball er på no 22,4 poeng. For å rapportere på gult måtte kubben hatt over 65 poeng.

  • Både Sogndal og Åsane blei overrumpla straks fløyta gjekk

    Sogndal på heimebane møtte laurdag Lillestrøm i toppoppgjeret i 1. divisjon for menn.

    Lillestrøm gjekk opp i leiinga etter berre fire minutt, Sogndal utlikna etter 24 minutt.

    I andre omgang vart Sogndal endå meir overrumpla: Lillestrøm fekk inn to mål på dei første fire minutta.

    Kampen enda 5-1 til bortelaget.

    Du kan sjå kampreferatet frå «6-poengkampen» om opprykk her.

    I same divisjon møte Åsane borte mot Ranheim.

    Også der hamna Vestland-laget raskt under: Ranheim scora etter fem og elleve minutt.

    Åsane reduserte til 2-1 før pause, men i andre omgang auka Ranheim til 5-2.

    I 1. divisjon for kvinner vann Åsane 3-2 mot KIL/Hemne.

    Ein kvitkledd Sogndalspelar omringa av tre raudkledde frå Lillestrøm.
    Foto: Christian Blom / NTB
  • Ørjasæter-sal gir kjærkomne kroner til Sogndal

    Sogndal Fotball får ein god sum i samband med salet Sondre Ørjasæter til den nederlandske topp-klubben Twente.

    I 2024 gjekk Ørjasæter frå Sogndal til Sarpsborg 08. Det vanlege ved slike sal er at klubben får 15 prosent ved vidaresal. Når Sarpsborg 08 får 90 millionar for Ørjasæter, vil det kunne bety 13,5 millionar til Sogndal.

    Håvard Flo som er ansvarleg for marknad og spelarlogistikk i Sogndal vil ikkje kommentere innhaldet i kontrakten konkret, men seier at at det er snakk om ein stor sum som vil bety mykje for klubben.

    Sondre Ørjasæter klar for Twente FC
    Foto: Twente FC
  • Toppskårar på benken når Sogndal møter Stabæk i første kamp etter ferien

    Sogndal skal prøva å ta poeng mot Stabæk, når dei i ettermiddag får besøk på Fosshaugane.

    Toppskårar for Sogndal, Oliver Hintsa, er sett på benken. Ifølgje Sogn Avis skal det vera fordi han ikkje ville signera ny kontrakt.

    Kampen startar klokka 14. Du kan følgja den direkte her.

    Per-Egil Hough Flo
    Foto: Christian Blom / Christian Blom