Friidrett

Oppsummert

Siste nytt om friidrett.

  • Warholm vurderer å trekkje seg

    Karsten Warholm vurderer sin deltaking i Diamond League-stemnet i Monaco neste helg, etter at fyrstedømet på torsdag fekk status som eit «raudt land» av Folkehelseinstituttet.

    – Slik situasjonen er no så treng vi tid. Vi er i ei vurderingsfase, og har ikkje meir informasjon om saka no, skriv Warholm sin mor og manager, Kristine Haddal i ein SMS til NRK.

    Til arrangøren av stemnet har Warholm sjølv sagt at Monaco blir eit høgdepunkt for han denne sesongen.

    Det norske friidrettsforbundet seier til NRK at dei ikkje vil forby norske utøvarar å reise til stemnet.

    – Vi ber berre utøvarane om å tenkje seg nøye om før dei bestemmer seg for å reise ut av landet, seier toppidrettssjefen i friidrettsforbundet, Erlend Slokvik, til NRK.

    Helseminister Bent Høie seier til NRK at utøvarane må i karantene, der dei ikkje kan vere i kontakt med andre, etter reise til raude land.

    – Deltaking i stemner må dei vurdere sjølve, men generelt fråråder vi reiser til raude land, seier han.

    Brørne Ingebrigtsen er også påmeldte til stemnet, men dei har heller ikkje bestemt seg for om dei reiser til Monaco.

    – Det er uavklart kva gutane gjer, sa far og trenar Gjert Ingebrigtsen til TV 2 torsdag.

    Karsten Warholm etter 300 meter hekk på Impossible Games. 11.06.2020
    Foto: Robert Rønning / NRK
  • EM-vinner utestengt for doping

    Den ukrainske løperstjernen Natalia Krol er utestengt fra all idrett i 20 måneder etter å ha avlagt positiv dopingprøve i vinter.

    Krol har to ganger vunnet EM-gull på 800 meter, da med etternavnet Prysjtsjepa. Hun får beholde titlene, som hun tok i 2016 og 2018, til tross for dopingdommen som kom torsdag.

    I januar leverte hun en dopingprøve som var positiv på et vanndrivende middel som kan brukes til å maskere bruk av andre forbudte stoffer.

    6wlj88E7bNg
    Illustrasjon: Matt Dunham / Matt Dunham
  • Hedda Hynne under 2 minutt

    Hedda Hynne sprang 800 meter på 1.59,94 i Trieste i dag. Tida er berre 12 hundredeler bak Ingvill Måkestad Bovims norske rekord og sju hundredeler bak hennar eigen personlege rekord frå 2017.

    Hynne blei nummer tre i det jamne løpet. Jemma Reekie vann på 1.59,52 med Laura Muir to hundredeler bak. Hynne slo Selina Büchel med tre hundredeler.

    Hedda Hynne
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
  • Verdsrekordhaldar har fått Covid-19

    Sørafrikanske Wayde van Niekerk, verdsrekordhaldar på 400 meter, har fått påvist Covid-19 under trening i Italia, melder La Gazzetta dello Sport.

    Niekerk skulle ha delteke i eit friidrettsstemne i Trieste i kveld, men må i staden i karantene.

    Han har verdsrekorden med 43,03 frå finalen i OL i Rio i 2016. Året etter blei han skadd i ein rugbykamp (!), og var først tidleg i år på veg tilbake mot toppen.

    I Trieste var han påmeld både på 100 og 400 meter.

    Wayde Van Niekerk
    Foto: Jewel Samad / AFP
  • Siste sjanse for Russland

    Hvis ikke betaler 6,31 millioner dollar til Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) innen 15. august, mister Russland status som medlemsnasjon. Det fortalte Rune Andersen (bildet) på en pressekonferanse torsdag ettermiddag. Han er leder for arbeidsgruppa som har prøvd å få Russland til å rydde opp i antidopingarbeidet.

    Dopingboten skulle ha vært betalt før 1. juli, men pengene er ikke kommet.

    Hvis Russland blir kastet ut av WA, kan det også føre til at russiske utøvere ikke lenger kan søke om å konkurrere med nøytral status.

    I4QkPgFl4F8
    Foto: VALERY HACHE / AFP

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal