– I Eliteserien og i fyrstedivisjon er det profesjonelle hjelpeapparat, men korleis står det til i lågare divisjonar? spør tidlegare Sogndal-spelar Jon Navarsete.
Måndag kveld var han på Fosshaugane stadion der Sogndal-speler Emil Pálsson fall om på bana etter 12 minutt.
Pálsson vart gjenoppliva og var medviten då han vart frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus kort tid etter.
– Heldigvis var eit profesjonelt medisinsk apparat raskt på pletten, seier Navarsete.
Han var også vitne i 2011 då Brann-spelaren Carl-Erik Torp kollapsa.
Hjartestansen gjorde at klubben etablerte nye rutinar.
– Vi lagde prosedyrar for heile mannskapet som gjennomfører kampane, seier Geir Inge Heggestad, som er arrangementssjef i Sogndal fotball.
– Klubbane må skjøne alvoret
Heggestad deler Navarsete si uro om slike hendingar skjer nedover i divisjonane, der rutinane ikkje alltid er like gode.
– Eg tør nesten ikkje tenke på kva som då kunne skjedd, seier han.
Han legg til:
– Klubbane må skjøne alvoret. Økonomiske aspekt må kome i andre rekke, då desse tiltaka kan redde liv.
Hjartestans på Fosshaugane vart raskt sett i samanheng med Christian Eriksen-kollapsen som heile verda vart vitne til i sommar.
Dei etterfølgjande dagane «eksploderte» interessa for førstehjelpskurs hos Røde Kors.
– Jamt over er nordmenn gode på førstehjelp. Men mange er redde for å gjere feil, sa seniorrådgjevar i Røde Kors, Einar Ananiassen, til NRK.
– Det er snakk om minutt
Om lag 10 nordmenn får hjartestans kvar dag.
I 2012 døde den svenske fotballspelaren Brännström (29) etter å ha kollapsa på banen. Same år døde den italienske Livorno-spelaren Piermario Morosini av same årsak.
I 2017 døde Dionatan Teixeira, som tidlegare hadde spelt på Stoke i Permier League.
– Tid er avgjerande. Det er snakk om minutt. Går det mange minutt, byrjar det å skje skadar på kroppen, fyrst og fremst hjernen, seier «twitterlege» Wasim Zahid.
Han presiserer at han uttaler seg på generelt grunnlag, og ikkje om Pálsson-kollapsen.
Han legg til:
– Alle bør kunne hjarte- og lungeredning. Det kan oppstå kor som helst: på togstasjonen, shoppingsenteret eller på ein idrettsarena. Då er det avgjerande med riktig og god behandling, og at ein hjartestartar er til stades
NRK har tidlegare skrive om at det kan vere så mange som 60.000 hjertestartarar i Noreg, men at ingen har oversikt over kor dei er.
Eit offentleg register vart lansert 3. april 2017 av helseminister Bent Høie, men er fullt av «hol».
Fotballkrinsen har ikkje oversikt
Medan det er hjartestartarar tilgjengeleg på mange idrettsanlegg, har ikkje Sogn og Fjordane fotballkrins oversikt over kven som har fått opplæring i hjarte- og lungeredning.
– Det vil avhenge frå kamp til kamp kven som er til stades og er opplærte i livreddande fyrstehjelp, seier Robert Endestad, som er styreleiar i krinsen.
Han legg til:
– Hjartestartar er ikkje vanskeleg å bruke, men å forstå det som er i ferd med å skje er viktig.