Hopp til innhold

Klatresporten kliv mot nye høgder

SOGNDAL (NRK): Klatring er ein av dei idrettane i landet som veks mest. Dei siste ti åra har medlemstalet i Norges klatreforbund meir enn dobla seg.

Arne Farestveit i klatreveggen i Sogndal.

POPULÆR SPORT: Arne Farestveit klatrar i Sognahallen. Han er positiv til den auka interessa rundt klatresporten.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Eg siktar på å kunne leve av klatring. Det er jo andre som greier det, sjølv om det er veldig få i Noreg, seier Arne Farestveit.

18-åringen, som er ein Noregs beste klatrarar, viser korleis han har rigga seg til heime. Her kan han trene like ved inngangsdøra, eller han kan varme opp før han dreg for å klatre.

Arne Farestveit

TRENE HEIME: Farestveit viser korleis ein kan trene med enkelt utstyr.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Farestveit er klar på kva han vil drive med. Skulegangen er sett på vent, no er han klatrar på heiltid.

– Det er i alle fall aldri noko problem å få med folk på klatring her i Sogndal. Vi er heldige som har eitt av Noregs største klatrefelt så nærme. Der har vi fleire hundre ruter. I tillegg har vi ein bra innandørshall som er under utviding no.

Klatreboom i heile Noreg

I 2019 fekk klatreforbundet over 4300 fleire medlemmar. Og dei siste ti åra har medlemstalet meir enn dobla seg til nesten 28.000.

Veksten er godt hjelpt av at det fleire stadar har opna store innandørs klatreanlegg dei siste åra, som til dømes i Oslo, Tromsø og Trondheim.

Fagkonsulent i Norges klatreforbund, Nina Skaugvoll, ser lyst på framtida til sporten.

– Det er veldig mykje som tyder på at veksten vil halde fram. Det vert bygt mange fleire anlegg, og vi får stadig nye klubbar som rekrutterer folk til klatring.

I løpet av hausten vil det etter planen opne eit nytt senter i Bergen. Med heile 3500 kvadratmeter klatreareal vert det størst i Skandinavia ifølgje norsk-klatring.no.

Passar for alle

– Noko som er spesielt, er at klatring treffer vaksne veldig bra. Ein tenkjer gjerne på barn og unge når det er snakk om idrett, og vi har jo mykje av det. Men vi har òg veldig mange dedikerte vaksne som brukar mykje tid på klatring, seier Skaugvoll.

Ein styrke Skaugvoll trekkjer fram, er at ein har så stor variasjon i vanskegrad.

– Vi ser at klatring er ein idrett ein kan ha med seg for livet. Alle kan finne ei utfordring som høver deira føresetnader, og slik oppnå personleg meistring.

Håpar han taklar presset

I november er det NM på heimebane i Sogndal, og Arne Farestveit er favoritt i juniorklassen.

Arne Farestveit

SER MOT NM: Arne Farestveit er ein av dei beste klatrarane på juniornivå i Noreg.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Det blir spennande med NM her i hallen. Det er jo her eg trenar mest. Så kjem vel mykje an på om eg taklar presset, seier Farestveit.

Etter kvart håpar han at gode resultat i konkurransar, og profilering i sosiale medium, kan hjelpe han å oppfylle draumen om å kunne leve av klatring.

KLATRING I SOGNAHALLEN: Klatresporten er i stor vekst.