Sport i Sogn og Fjordane

Oppsummert

Få siste nytt om det som rører seg av smått og stort frå idretten i Sogn og Fjordane. Send oss gjerne tips på sf@nrk.no eller ei melding på Facebook.

  • Fleirtal mot boikott

    Fleirtalet i det ekstraordinære årsmøte i Sogndal Fotball sa i kveld nei til boikott av fotball-VM i Qatar. Seks røysta mot boikott, to røysta for. Leiar for Norsk Supporterunion, Vidar Vadseth (bildet) argumenterte for boikott.

    Spørsmålet om boikott blir avgjort på det ekstraordinære fotballtinget komande helg.

    Vidar Vadseth under ekstraordinært årsmøte i Sogndal fotball 16. juni 2021.
    Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
  • To krinsrekordar på under ei veke

    På under ei veke har friidrettsutøvaren Eivind Øygard sletta to krinsrekordar i Sogn og Fjordane. I går sprang 29-åringen inn til 3.44,31 på 1.500 meter - 21 hundredelar raskare enn Svein Førde sin 42 år gamle rekord. I helga sette jølstringen også ny krinsrekord på 5.000 meter.

  • Støttar koronatiltak

    Johannes Thingnes Bø støttar Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) når dei har lagt opp til ein sesong med mindre reising, skriv NTB. Det kjem til å bli to rennhelger på same stad. – Det hjelper at vi er fleire veker på same stad, seier Bø.

  • To norske rekordar

    Vektløftaren Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda sette to norske rekordar under regionsmeisterskapen i helga. Først med 88 kilo, og så med 90 kilo, i støyt. Ho tangerte også sin eigen rekord med 73 kilo i rykk, til ny norsk rekord samanlagt.

    Julia Jordanger Loen
Førde volleyballklubb vakna i siste liten og slo erkerival Viking i kampen om Kongepokalen.

Slik feirar du når du snappar Kongepokalen framfor nasen på erkerivalen

EM-kvalifisering fotball, menn: Norge - Færøyene.

Sørloth etter storseieren: – Jeg hadde håpet på hat trick

Mol irritert etter at gulldrømmen brast – mener motstanderen slo feilslag