Hopp til innhold

Jubilanten vil kåre hundreårets spelar

100 år med historie, aktivitet og både nasjonale og internasjonale profilar. I år kårar jubilanten Sogn og Fjordane fotballkrets hundreårets fotballspelar – frå Sogn og Fjordane.

Jon Georg Rutledal og Robert Endestad

FEIRAR: Styreleiar Robert Endestad (t.h) og nestleiar Jon Georg Rutledal inviterer i haust til jubileumsting i fotballkretsen. Då skal dei også kåre hundreårets fotballspelar frå Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det skulle gå 20 år frå Noregs Fotballforbund vart skipa, til Sogn og Fjordane fotballkrets såg dagens lys.

Då var den nye sporten allereie godt etablert både i Florø og på Nordfjordeid. Sidan har ballen rulla og rulla.

Opp gjennom tida har godt over 20 sogn- og fjordingar representert Noreg på seniorlandslag, både kvinner og menn.

Men fotballspelet som så mange elskar har endra seg over tid. Er det mogleg å samanlikne spelarar på tvers av kjønn, lagdelar, tiår eller hundreår?

Er det råd å kåre hundreårets fotballspelar, fostra opp mellom fjordar og fjell, på den ytste ø eller inste fjord?

Det ynskjer Sogn og Fjordane fotballkrets di hjelp til, når dei 30. april neste år fyller 100 år.

I regi av fotballkretsen har ei arbeidsgruppe kome fram til 12 kandidatar. Desse blir ein etter ein presentert gjennom radiosendingane i Sogn og Fjordane. Nedst i saka kan du gje di røyst til spelaren du meiner fortener tittelen.

– Kandidaten måtte sjølvsagt vere fødd i Sogn og Fjordane, men må ikkje nødvendigvis spelt alle kampane her. Vi skulle ha både kvinne- og herrespelarar. For å få eit mangfald av kandidatar ville vi ikkje berre ha landslagsspelarar, spelarar som har spelt ute og internasjonalt, men også lokale klubblegender, seier styremedlem Jon Georg Rutledal.

Tidlegare sportskommentator i NRK, Arne Scheie, er imponert over lista med namn.

– Det er nesten uråd å plukke ut ein, den beste, av denne haugen med gode fotballnamn. Her er det namn som ikkje berre har prega fotballen i Sogn og Fjordane, men som har prega fotballen i Noreg. Ein kan endåtil utvide til heile Europa og verda, seier han.

Nederst i saka kan du røyste til måndag 22. november klokka 1230.

Blir valet for vanskeleg, kan du først høyre gjennom presentasjonen av kandidatane:

Vinnaren blir offentleggjort under jubileumstinget i Førde, 27.–28. november.