Stad har ikkje fått nok av «distriktspsykopaten»

Fredag fekk heile landet han midt i TV-ruta i programmet Nytt på Nytt. I ytre Nordfjord vil dei sjå meir av «distriktspsykopaten» Alfred Bjørlo (V) dei neste fire åra.

Alfred Bjørlo

SJOKKERT: Alfred Bjørlo (i midten) sanka flest røyster av alle i Stad, men vil ikkje vente med å snakke om ordførarklubba. – Eg skal vere audmjuk. Vi er ikkje noko diktatur, og har ikkje over 50 prosent av røystene. Så det vil krevje samarbeid, seier han.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Oi! Oi! No vart eg litt mållaus, jublar ordførarkandidaten etter å ha hanka inn over 36 prosent av røystene i den slegne saman kommunen til Eid, Selje og Bryggja-bygda i Vågsøy.

Den sitjande Eid-ordføraren fekk ni prosentpoeng fleire røyster enn Paul Jacob Helgesen og Senterpartiet.

Partioppslutning i Stad

36,2 %
1822 røyster
27,6 %
1393 røyster
11,0 %
552 røyster
8,1 %
410 røyster
6,6 %
332 røyster
5,3 %
266 røyster
5,3 %
265 røyster

– Venstre fekk 31 prosent i Eid ved sist kommune, og snittet for Eid og Selje var 21 prosent. Slik sett har vi gått frå 21 til 36 prosent, samanfattar Bjørlo.

Bjørlo fekk kallenamnet etter at han fekk trykt opp ei t-skjorte med emneknaggen distriktspsykopat. Bakgrunnen var at Venstre-leiar Trine Skei Grande omtala den populære nordfjordingen som «psykopat».

Sjølv om kampen om røystene gjekk i favør av Venstre og Bjørlo, dempar han sjølv omtalen av han som den første ordføraren i Stad.

Alfred Bjørlo (t.h.) får sjokkmålinga frå Stad kommune.

SJOKKERT: Alfred Bjørlo (t.h.) trudde nesten ikkje sine eigne auge då resultatet frå Stad kommune tikka inn.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– No gjeld det å roe litt ned, og ha tunga beint i munnen. Det er ikkje noko fleirtal, og ein må snakke med andre parti, seier han og vedgår han har hatt spente dagar i det siste.

Bjørlo kan sjå fram til eit kommunestyre med 12 mandat til Venstre. Dersom ikkje Arbeidarpartiet snappar sitt fjerde frå nettopp Venstre. Senterpartiet får ni mandat.

Bjørlo er letta over eit valresultat som han skildrar som eksepsjonelt.

– Eg trur vi har lukkast med å skape entusiasme kring Stad kommune og det som skjer her. Vi har lukkast med å vere pådrivar med å ta kommunen vidare frå det vi har bygd opp siste to åra. Så ser eg på resultatet som ei tillitserklæring til meg som ordførarkandidat, seier han.

Bjørlo meiner resultata viser at veljarane i Stad ikkje har late seg påverke av trendane nasjonalt. Partiet har ein oppslutnad på 3,6 prosent. Det er ein tilbakegang på 1,9 prosentpoeng.

– Det bryt med ein landstrend. I Stad har veljarane verkeleg vald det som er best for Stad. No skal vi puste ut og summe oss litt etter sjokket. Eg håpar vi finn gode løysingar for kommunen, seier Bjørlo.

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat, Siri Sandvik (Ap), var tydeleg skuffa over 11 prosent oppslutnad.

– Det er mykje dårlegare enn eg både håpa og trudde ut frå tilbakemeldingane eg fekk frå folk eg snakka med. No er eg litt skuffa, seier ho.

Sandvik trur Bjørlo vann eit ordførarval.

– Eg trur kanskje at vi har mista veljarar til Venstre. Det er ein del som har sagt siste vekene, at dei ynskjer Alfred som ordførar og at dei røyster Venstre på grunn av det, seier ho.

SJÅ: Alfred Bjørlo kommenterer valresultatet for Venstre i Stad kommune.