Ei isblokk har rasa ned på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Statens vegvesen melder at blokka delvis sperrar vestgåande vegbane ved Storeskard. Entreprenør er på veg.
Politiet har fått den førebelse obduksjonsrapporten på mannen som i førre veke vart funnen død ved Furuholmen i Florø. – Dødsårsaka er drukning. Det er ikkje teikn til at noko anna har spelt inn, seier etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes til Firdaposten.
Fylkesveg 55 over Sognefjellet opnar att etter vinterstenging klokka 12. Fjellovergangen har vore vinterstengd sidan 18. november.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.