Stalheim- og Sivletunnelane på E16 mellom Voss og Gudvangen er stengt fordi ein bil med campingvogn har stansa opp midt i vegbanen og sperrar vegen. Det er uklart kor lang tid det vil det å få opna vegen, opplyser vegtrafikksentralen. Politiet skal vere på veg.
Denne veka gjekk det store konsernet Agder Gruppen konkurs. Selskapet skal vere ein stor leverandør av tungt tunnelutstyr til Sotra Link, som bygger Sotrasambandet mellom Bergen og Øygarden kommunar.
– Det er førebels uklart kva konsekvenser dette får for oss, seier kommunikasjonsleiar Gunn Eklund Breisnes i Sotra Link til Bergensavisen.
Ho seier dei jobbar med konkursboet for å avklare konsekvensane.
Brannvesenet rykka ut då dei fekk melding om røykutvikling i eit garasjeanlegg. Det var i ein kjellar på eit større kommunalt bygg i Borggata i Leirvik på Stord. Det viste seg å truleg vere hærverk og røyken frå eit tømt pulverapparat. Altså ingen brann, opplyser Nils Simmerøy, vaktleiar i 110-sentralen Sør Vest, til NRK.
I Bergen sentrum har politiet kontroll på ein person som stod fram som aggressiv og hadde med seg ei saks. Det er ikkje meldt om at nokon er skadd.
Begge bilane som var involvert i trafikkulukka i 17-tida er no fjerna frå E39 over Stordabrua, og trafikken går som vanleg. Fire personar var invovlert i uhellet, der ein bil køyrde på ein annan bil foran seg på vegen. Ein person er sjekka av helsepersonell på staden. Politiet oppretter sak.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.