Hopp til innhold

Nordmenn sin tillit til politikarar er svekka – skandalar får skulda

Tilliten til norske politikarar har gått ned dei siste åra, viser ein ny rapport. – Eg har mindre tillit no enn før, seier Sebastian Hansvold (19).

Sebastian Hansvold og Sigrid Nordby

Sebastian Hansvold (19) og Sigrid Nordby (20) er meir kritiske til politikarar no enn før.

Foto: Julianne Flølo

Tilliten var på sitt høgaste under pandemien, med 85 prosent. No er talet 67.

– Eg synest talet er overraskande høgt, sett i lys av alle skandalane vi har sett. Eg hadde kanskje venta ein større nedgang.

Det seier Elisabeth Ivarsflaten, professor ved Institutt for politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen.

Ho har sett på nordmenn sin tillit til politikarar frå 2018 til i dag. Til grunn ligg data frå det siste tiåret, samla inn av Norsk medborgerpanel.

Sebastian Hansvold (19) og Sigrid Nordby (20) er blant dei som har svekka tillit.

– Eg har mindre tillit no etter avsløringane av for eksempel Sindre Finnes-saka, seier Sebastian.

Også Sigrid Nordby er kritisk.

– Det har ikkje endra seg, eg har heile tida vore kritisk til menneske i maktposisjonar. Er dei til å stole på?, spør ho.

Skandalar i kø

Ivarsflaten kallar det siste tiåret turbulent.

Frå 2013 til 2023 har det kome fram fleire saker som har sett politikarar i eit negativt lys.

Mellom anna har framståande politikarar levert inn falske reiserekningar, det har vore fleire metoo-skandalar og saker knytt til pendlarbustad. I 2023 har ei lang rekkje politikarar stått i stormen som følgje av mellom anna inhabilitet og aksjekjøp.

I løpet av tiåret har det også vore flyktningkrise og pandemi. Deretter braut krigen i Ukraina ut.

– Under pandemien var tilliten svært høg, og vi var «samla om flagget», men så går den ned. Eg trur det handlar om alle dei negative sakene vi har sett. Dei har kome på løpande band og mange ulike parti på nasjonalt nivå har vore involverte.

Elisabeth Ivarsflaten

Elisabeth Ivarsflaten er professor ved Universitetet i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Ropte varsku i sommar

Trude Basso er kommunalråd for Arbeidarpartiet i Trondheim. I sommar uttrykte ho stor uro for tilliten til politikarar.

«Min tillit til det politiske Noreg fell. Den erkjenninga blir eg lei meg for», skreiv ho på Twitter/X.

– Korleis er det å sjå at folk faktisk har svekka tillit til politikarar?

– Eg er ikkje overraska. Eg har vore overraska over at sakene har hatt såpass lite innverknad på meiningsmålingane.

I rapporten heiter det at oppryddingsarbeidet som har gått føre seg i ettertid av sakene, samt konsekvensane for den enkelte politikar, kan ha hatt «ein dempande effekt» når det gjeld tilliten.

Trude Basso, Ap Trondheim

Trude Basso er lokalpolitikar for Ap i Trondheim. Etter dei mange politiske skandalar

Foto: Stein Roar Leite

Mange sit på «tillitsgjerdet»

Resultata viser at dei med låg utdanning, dei som ikkje brukar røysteretten, protestveljarar og dei som ikkje er fornøgde med samfunnsutviklinga har den lågaste tilliten.

– Dette er noko eg bekymrar meg for, seier professor Ivarsflaten.

Ho meiner likevel det ikkje er grunn til å uroe seg for demokratiet endå.

– Ein ting er at enkelte politikarar har dårleg rolleforståing, men det vi er uroa for et at det festar seg eit bilde av at politikken i Noreg er korrupt.

Ivarsflaten seier tilliten er skjør.

– Ein må vere påpasselege no. Det vi ser i våre tal er at mange på sett og vis sit på tillitsgjerdet og har noko tillit, men på ingen måte mykje tillit.

Les også Frykter skandaler i regjeringen ødelegger folks tillit til politikere

Har det eigentleg noko å bety at folk har svekka tillit til politikarar?

Ja, meiner lokalpolitikaren.

– Det er veldig uheldig at tilliten går ned. Det å heile tida handle i tråd med det folk forventar er kjempeviktig. Og så må vi få slutt på desse sakene, seier Basso.

Hos nokre av dei NRK møter på gata er tilliten allereie tapt.

– Eg meiner det er viktig å ta ansvar når dei gjer feil, seier Sebastian.

Også Odd Arne Braute er skeptisk.

– Eg har ikkje tillit til politikarar. Tillit er vanskeleg å snu, uansett kva det er snakk om.

Odd Arne Braute

Odd Arne Braute er skeptisk til norske politikarar.

Foto: Julianne Flølo

AKTUELT NÅ