Hopp til innhold

Hege Haukeland Liadal dømt til sju månaders fengsel

Hege Haukeland Liadal (Ap) er dømt til fengsel for å ha bevisst levert falske reiserekningar til Stortinget. – Kan ikkje seie eg er letta, seier ho til NRK.

Hege Haukeland Liadal blei dømt på 47 av 52 tiltalepunkt.

Den tidlegare stortingspolitikaren for Arbeidarpartiet fekk dommen sin forkynt i Oslo tingrett fredag.

– For meg har det vore viktig å kommunisere i desse tre åra at eg ikkje har gjort desse feila med vilje for å styrke meg. Det har eg ikkje blitt trudd på, på dei fleste av punkta og det er eg lei meg for, seier Liadal etter at dommen var blitt lesen opp.

Liadal seier samstundes at det har vore tre vanskelege år.

Eg kan ikkje seie eg er letta i dag, men eg går ut herifrå med rett rygg, legg ho til.

Den 105 sider lange dommen slår fast at Liadal er skuldig i grovt bedrageri mot Stortinget.

I tillegg til å bli dømt til sju månader vilkårslaus fengsel, må ho betale tilbake 99.872 kroner til Stortinget. Det kjem i tillegg til dei 17.000 ho allereie har betalt tilbake. Ho må også betale 30.000 kroner i sakskostnader.

Liadal vel å ta tenketid på om ho vil godta eller anke dommen. Det gjer også aktoratet.

Forsvararen: – Eg er skuffa

– Eg er skuffa. Både på eigne vegner og på hennar vegner, seier forsvarar Erik Lea til NRK.

Han meiner at ein del av bevisføringa til domstolen er heilt feilaktige.

– Eg hadde trudd at ho ikkje blei fullt ut frifunnen, men eg hadde håpa at beløpet skulle vere langt mindre. Og at vi hadde hamna på grovt aktlaust, legg Lea til.

Rettssaken mot Hege Haukeland Liadal

Forsvarar Erik Lea er ikkje heilt fornøgd med dommen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Forsvararen seier at han hadde ønskt seg mykje lågare fengselsstraff og at ho for einskilde av postane blei dømt for å ha opptredd grovt aktlaust og ikkje forsettleg.

– Vi er ikkje høyrt av domstolen og domstolen dømmer. Det får vi berre halda oss til, seier han.

Statsadvokat Monica Krag Pettersen har ført saka for påtalemyndigheita. Ho meiner tingretten i praksis deler deira syn på både skuldspørsmålet og straffutmålinga.

– Ho er domfelt for forsettleg bedrageri i samsvar med tiltalen, og straffa er nær den same som vår påstand. Tingretten avviser at ho har slurva eller vore unøyaktig, og legg til grunn at ho har ført Stortinget bak lyset med vitende og vilje, seier Pettersen til NRK.

61 falske reiserekningar

Liadal var tiltalt for grovt bedrageri etter å ha levert falske reiserekningar då ho var stortingsrepresentant. I perioden 2016 til 2018 leverte ho totalt 61 falske reiserekningar, ifølge dommen.

Retten meiner det er ingen tvil om at Liadal har misbrukt vervet som stortingsrepresentant for å gjere bedrageri, og at ho har fått 117.867 kroner for mykje utbetalt frå Stortinget.

– Tilliten er misbrukt på ein alvorleg måte, seier rettens administrator Steinar Backe.

I fem av enkeltreisene finn retten det ikkje bevist at Liadal bevisst har lurt Stortinget.

Tidligere stortingsrepresentant Hege Haukeland Liadal (Ap) i Oslo tingrett sammen med forsvarerne Erik Lea og Eirik Helland.

Tidlegare stortingsrepresentant Hege Haukeland Liadal saman med forsvararane Erik Lea og Eirik Helland.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Liadal har erkjent straffskuld for grovt aktlaust bedrageri, men ikkje grovt forsettleg bedrageri.

Viste til innlegg på Facebook

Retten har funne det bevist at Liadal har reist andre stadar enn det ho har oppgitt. I nokre tilfelle reiste ho ikkje i det heile.

I fleire tilfelle viste retten til Liadals Facebook- eller Instagram-profil, som viste at ho ikkje var der reiserekningane tilsa.

Ho har også fått refusjon for å bruke eigen bil, sjølv om ho tok tog eller fly. I eitt tilfelle leverte ho reiserekning for valkamp-arbeid, medan ho var på hytta.

Liadal har forklart at ho ikkje hugsar mykje om reisene, noko retten meiner er lite truleg sidan reiserekningane er levert i kort tid etter reisene.

Støres valgkamp på Vestlandet.

Hege Haukeland Liadal har vore valt inn på Stortinget i åtte år. Her frå valkamp på Vestlandet med Ap-leiar og statsminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

Liadal har hatt styreverv i Rutebåten Utsira, der ho har kravd refusjon frå Stortinget i samband med reise og overnatting. Ein av dei tre dommarane meine skuldkravet ikkje var bevist, men fleirtalet kom fram til at Liadal bevisst leverte rekningar ho visste ho ikkje hadde krav på.

Kritiserer Stortinget

Rettens administrator Steinar Backe kritiserer også Stortingets kontrollsystem med reiserekningar. Han meiner dei manglar funksjonar for å avdekke fusk, og at systemet er fullstendig tillitsbasert.

Liadal har forståing for at slike saker går utover tilliten til dei folkevalde. Samtidig etterlyser ho tydlegare retningslinjer frå Stortinget.

– Eg har eksempel på at eg har fått beskjed om at ein har lov til å føre tur-retur, for eksempel kilometergodtgjering ved bruk av privat bil, men så plutseleg blei det endra til at det berre gjaldt på korte turar, seier Liadal.

– Og i dag er eg dømt for det. Eg har berre gjort det etter beskjed frå dei eg har spurt. Men til sjuande og sist er det berre eg som kan klandrast for feila eg har gjort.

Hege Haukeland Liadal med forsvararane.

Hege Haukeland Liadal understrekar at ho har skuld i saka, men saknar også tydlegare retningslinjer frå Stortinget.

Foto: Lena Jarstad / NRK

Gjekk gjennom 700 reiserekningar

Stortinget meldte Liadal til politiet etter Aftenpostens avsløringar i april 2019. Avisa avdekka at Liadal leverte reiserekningar for ein halv million kroner til Stortinget i 2017 og 2018. Fleire gongar var ho andre stadar enn det ho oppgav.

Politiet gjekk gjennom nær 700 reiserekningar før dei tok ut tiltale i mars i fjor. Ho er tiltalt for grovt bedrageri etter straffelova paragraf 372, som har ei strafferamme på seks år.

49-åringen var mellom anna tiltalt for å ha skrive reiserekning der kilometertalet var altfor høgt mellom Haugesund og Oslo. Fleire slike tur-retur reiser mellom heimstaden og hovudstaden skal ha gitt ho 14.000 kroner for mykje.

AKTUELT NÅ