NRK Meny
Normal

Dørum: – Beredskap var tema på mange møte

– Dette at beredskap ikkje var tema på møte mellom politimeister Anstein Gjengedal og den politiske leiinga i Justisdepartementet, stemmer ikkje med det eg hugsar, seier tidlegare justisminister Odd Einar Dørum (V).

odd einar dørum

Tidlegare justisminister Odd Einar Dørum (V) viser til fleire tilfelle der han og Anstein Gjengedal diskuterte beredskap.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Anstein Gjengedal

Tidlegare politimeister i Oslo, Anstein Gjengedal, meiner at politikarane ikkje forstod kor viktig beredskap er før etter 22. juli.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Gjengedal, som var politimeister i Oslo frå 2000 til 2012, sa i stortingshøyringa om 22. juli-beredskapen måndag at han i løpet av sine 12 år som politimeister i Oslo aldri opplevde at beredskap var tema når han møtte den politiske leiinga i Justisdepartementet.

Odd Einar Dørum var justisminister i Bondevik I-regjeringa frå 1999 til 2000, og seinare i Bondevik II-regjeringa frå 2001–2005. Dørum seier til NRK.no at han har stor respekt for Anstein Gjengedal, men at han ikkje kjenner seg igjen i påstanden om at beredskap ikkje vart diskutert i møte mellom dei.

Hugsar fleire tilfelle

– Dette stemmer ikkje med det eg hugsar, og minnet min er det ikkje noko i vegen med, seier Dørum. Han viser blant anna til at beredskap av naturlege årsaker var tema hausten 2001, etter terrorangrepa mot USA 11. september dette året.

Dørum viser også til Verdsbanken sin konferanse i Oslo i 2002. Då var beredskap eit viktig tema, og dei diskuterte blant anna vakthald rundt ambassadar.

Den tidlegare justisministeren fortel at han var saman med Gjengedal i NRK-huset på Marienlyst i Oslo under Øvelse Kristiania for å sjå korleis ein samfunnsmessig viktig bygning vart sikra. Dette handla om beredskap, seier han.

I november 2004 deltok Dørum på ein stor konferanse om korleis etterretningsorganisasjonane og politiet skulle samarbeide for å avverje terror.

– Etterretning er beredskap, seier han.

– Eit viktig tema

Dørum kan ikkje garantere at Gjengedal var med på konferansen, men hans etat var godt representert, seier han.

– Beredskap var ikkje noko hovudsak på møta vi hadde, men det var eit viktig tema, seier Odd Einar Dørum.

Også andre politikarar reagerer på det Gjengedal sa i høyringa måndag. Den tidlegare politimeisteren i Oslo sa blant anna at det er tragisk at politikarane ikkje forstod kor viktig beredskap er før etter 22. juli.

LES OGSÅ: Hammer pepret med sinte spørsmål

LES OGSÅ: Aksepterer ikke Killengreens svar

Martin Kolberg

Martin Kolberg (Ap) meiner det er feil at politikarane ikkje var opptekne av beredskap før 22. juli.

Foto: NRK

Det var kamp mot kriminalitet og ikkje beredskap som politikarane var mest opptekne av, sa han.

– Sjølvstendig ansvar

Medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen for Arbeidarpartiet, Martin Kolberg, likar dårleg at Gjengedal prøver å velte ansvaret for manglande beredskap over på politikarane.

– Det er tydeleg at politiet tek den manglande beredskapen 22. juli innover seg, men samstundes må det gjerast klart at dei har eit operativt sjølvstendig ansvar for beredskapen, seier han.

Kolberg seier han ikkje har vore i møte med politiet om beredskapen, men gjer det klart at emnet har vore mykje omsnakka. Som eksempel nemner han opprettinga av Beredskapstroppen og det nye naudnettet, som begge handlar om å betre beredskapen.

Trine Skei Grande

Venstre-leiar Trine Skei Grande kjenner seg ikkje igjen i påstanden om at politikarane ikkje var opptekne av beredskap før 22. juli.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

At politikarane ikkje har vore opptekne av beredskap, det er ein påstand eg tek avstand frå, seier Martin Kolberg til NRK.no.

LES OGSÅ: Avviser uklarhet om ansvar

LES OGSÅ: «Hvis du følte at du ble kneblet, hvorfor ønsket du å fortsette?»

– Gjer meg skremt

Venstre-leiar og også medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Trine Skei Grande, kjenner seg heller ikkje igjen i Gjengedal sin påstand om at beredskap ikkje var eit tema for politikarane.

– Ein slik påstand gjer meg nesten skremt. Dette er noko vi var svært opptekne av då vi sat i regjering, blant anna gjennom arbeidet med Sårbarhetsutvalet. Eg jobba tett på Odd Einar Dørum då han var justisminister, og eg veit kor mykje vi jobba med dette, seier Venstre-leiaren.

LES OGSÅ: Aasrud gjorde ikke noe for å få fart i stenging av Grubbegata

LES OGSÅ: Grande kritiserer Lundteigens 22. juli-spørsmål

LES OGSÅ: – Skjønte ikke alvoret før 22. juli

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger