Hopp til innhold

Vil selje meir laks til amerikanarane

Det russiske importforbodet av laks frå Norge gjer at det blir reinska opp i gamle handelsvegar. Villa Sales AS i Ålesund satsar for fullt over dammen.

USA kan bli ein viktig marknad for sal av norsk laks. Det russiske importforbodet av laks frå Norge gjer at det blir reinska opp i gamle handelsvegar. Villa Sales i Ålesund satsar for fullt over dammen.

SJÅ TV-reportasjen: Villa Sales AS satsar i USA på grunn av importforbodet til Russland.

Ove Thu

Direktør Ove Thu i Villa Sales AS seier selskapet vurderer å ekspandere i USA på grunn av auka laksesal.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Frå Villa Sales i Ålesund går mellom 70 og 80 prosent av laksesalet til USA. No håper dei éin tilsett i Boston skal bli til fleire.

– Aktiviteten har blitt så stor at vi ser på om vi skal etablere dotterselskap eller ei eiga avdeling, seier direktør Ove Thu i salsselskapet.

USA neststørst

Ein månad etter den russiske importstoppen av blant anna laks frå Noreg så har næringa ikkje opplevd noko krise. Sjølv om det meste av laksen som skulle bli selt til Russland har enda opp i europeiske land, trur analytikar Kolbjørn Giskeødegård at meir norsk laks framover vil bli sendt med fly til Amerika.

– Europa kjem til å ta det meste som normalt ville gått til Russland. USA vil verte det neststørste marknaden og Asia tredje størst, trur han.

Slepp Chile som konkurrent

Kolbjørn Giskeødegård

Analytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets har trua på norsk laksesal i USA.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Chile, som ikkje er ramma av importforbodet, får no opp mot dobbel pris for sin laks i Russland samanlikna med i USA. Det opnar for norsk laks på den amerikanske marknaden.

– Dersom chilenerane vel å nedprioritere den amerikanske marknaden, så er det andre gong på fem år at det skjer. Det betyr at det blir vanskelegare å kome tilbake og selje mykje chilensk laks på marknaden. Ein del vil ha fått smaken på norsk laks, og føretrekke han, trur Giskeødegård.

Men, dersom Russland opnar for import igjen, er det ikkje gitt at landet går tilbake til norsk laks når forbrukarane først har fått smaken på fisk frå andre land.

– Det er i tilfelle ein trussel mot etablerte handelsrelasjonar, seier analytikaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL