Hopp til innhold

Bråk etter at Oslo fekk statlege arbeidsplassar

Om det ikkje var ille nok å leggja seg ut med bergensarane, så skal den nye etaten dele på dei skandaleråka lokala til Nasjonalt tryggingsorgan.

c-yE_znuDj0

OSLO-SENTRISME: I juli gjorde regjeringa det kjent at dei ønskte å oppretta ein ny etat for eksportkontroll og sanksjonar. Tre stader vart vurderte: Fornebu, Bergen og Sandefjord. Fornebu vann. Dermed er det nytt liv i debatten om «Oslo-sentrisme».

Foto: NTB

Tre stader har konkurrert om å huse den nye etaten som skal styrkje eksportkontrollen etter at Russland invaderte Ukraina.

Men ikkje før vinnaren (Fornebu) var proklamert, byrja problema å tårna seg opp.

I hovudsak er det to grunnar til bråket.

  • Det eine er avgjerda om at den nye etaten skal dele lokale med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). I desember vart det kjent at leigeavtalen til NSM er finansiert gjennom eit grunnlovsstridig lån.
  • Den andre grunnen er at avgjerda blæs liv i debatten om «Oslo-sentrisme». Ifølgje kritikarane har regjeringa lite å gå på etter at dei i sommar trassa faglege råd og la det nye Økokrim-senteret til det sentrale austlandsområdet (Gjøvik) i staden for Trøndelag.

I tillegg kjem avgjerda på toppen av fleire omstridde lokaliseringsdebattar der Bergen har lidd nederlag.

Bergen har kompetansen og nærleiken til dei største eksportnæringane våre. Så dette er heilt uakseptabelt, seier Marit Warncke, som er ordførar i Bergen.

Marit Warncke (H)

– Regjeringa ser ut til å ha gitt opp å flytta statlege arbeidsplassar ut frå det sentrale Austlandet, seier Bergen-ordførar Marit Warncke.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Heile landet er tent med å spreia makt

Tidlegare i år reiste «havhovudstaden» bust då fiskeridirektør Bakke Jensen annonserte at han vil flytte delar av leiinga i Fiskeridirektoratet til Nord-Noreg. Direktoratet har vore styrt frå Bergen sidan 1900.

Ei tilbakevendande skulding har vore at nordlendingen Frank Bakke Jensen favoriserer eigen landsdel og knapt har vore på bergenskontoret.

Forsikringar frå fiskeridirektøren om at han «stortrivst» når han overnattar på hybelen i Bergen har ikkje vore nok til å «belite» vestlendingane.

På same tid har det vore uro knytt til eit nytt marint senter i Bergen. I to etterfølgjande omdreiingar har regjeringa både vraka og ført vidare planane.

Leiar for tankesmia Initiativ Vest, Mathias Fischer, seier at det å etablera nye statlege arbeidsplassar utanfor Oslo-området er «det enklaste regjeringa kan gjera for å desentralisera makt».

Heile landet er tent med å spreia makt og kompetanse. Eg blir bekymra når eg ser kor lite interessert regjeringa er i dette, seier han.

Leiar for byrådet i Bergen, Christine B. Meyer (H), karakteriserer Fornebu-valet som «heilt uforståeleg».

– Det er endå vanskelegare å forstå at det skjer på Senterpartiet si vakt, som snakkar om å ta heile landet i bruk, seier ho.

Christine Meyer

Eksportkontrollen er skjerpa etter invasjonen Ukraina. Men plasseringa til den nye etaten skaper bråk. På bilete: Leiar for byrådet i Bergen, Christine B. Meyer (H). Meyer var statssekretær då arbeids- og administrasjonsminister Victor Norman flytta åtte statlege tilsyn ut frå hovudstaden i 2002.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Dette syner ei Austlands-dominert regjering

Alfred Bjørlo (V) seier til NRK at regjeringa har «bomma på ope mål to gonger på rad»:

Først då dei la det nye Økokrim-senteret til Gjøvik, og sist då dei la den nye etaten for eksportkontroll til Bærum i staden for Bergen.

Dette syner ei Austlands-dominert regjering som ikkje har kraft nok til å stå i mot sentrifugalkrafta på det sentrale Austlandet, seier han.

I selskap med fleire andre stortingsrepresentantar vil han vite kva som ligg bak avgjerda om å leggja den nye etaten for eksportkontroll til Snarøyveien 36, på same adresse som dei mykje omtalte lokala til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

Spørsmålet vart sendt 15. desember, men regjeringa har enno ikkje svart.

Les også «Oslo-sentrisk» lønnsutval skaper bråk i resten av landet: – Pinleg

Johan Sverdup-feltet

Dokument som Bergens Tidende har fått innsyn i viser at delar av dei ledige areala vart skaffa kort tid før regjeringa vedtok å plassere den nye eininga på Fornebu.

Det verkar veldig spesielt om eit ulovleg lån bidreg til ei statleg lokalisering i strid med retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar, skriv Helge André Njåstad (Frp) i eit skriftleg spørsmål til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Til svar skriv statsråden at ho vil vente på ein full gjennomgang av NSM-saka før ho svarer på om låneavtalane har hatt «relevans for utleige av lokala».

Utenriksminister Espen Barth Eide

– Samlokalisering gir ingen auke i dei samla leigeutgiftene til staten, og lågare investeringskostnader, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Amanda Iverse Orlich

Tryggingsmessige og økonomiske grunnar til å dele lokale

Utanriksminister Espen Barth Eide har tidlegare forklart at det er «tunge tryggingsmessige grunnar» til at NSM og den nye etaten bør dele adresse.

Dessutan gir samlokalisering ingen auke i dei samla leigeutgiftene til staten, og lågare investeringskostnader, skriv han.

Dagleg leiar i Maritime Bergen, Sigvald Sveinbjørnsson, seier argumentasjon til regjeringa har vore «uryddig», symbolisert ved at ulike departement og statsrådar har fronta saka.

– Eg ser at det kan vera ein fordel med kort veg til utanriksdepartementet, men dei økonomiske og tryggingsmessige argumenta står ikkje til truande, og svekkjer tilliten til avgjerda, seier han.

Ideen om å spreia fagmiljø og ta statlege arbeidsplassar ut av «Oslo-regionen» har brei politisk støtte, men det er ulike syn på om desentraliseringa også bør omfatta «nummer to-byane» som Bergen, Trondheim og Stavanger.

Alfred Bjørlo (V) meiner Fornebu-bråket er til forlegenheit for regjeringa på to vis:

Både fordi det verkar openbert at dei statlege retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar er brotne, og fordi denne saka er sausa saman med NSM-skandalen.

Mathias Fischer i Storbystudio fra Bergen

– Heile landet er tent med å spreia makt og kompetanse. Eg blir bekymra når eg ser kor lite interessert regjeringa er i dette, seier leiar for tankesmia Initiativ Vest, Mathias Fischer.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Les også Regjeringen må svare for muntlig melding om å vrake prestisjesatsing i Bergen

Dokken