NRK Meny
Normal

Vil hjelpe sjømatbedrifter som slit

Sjømatbedrifter som slit på grunn av importforbodet i Russland kan sleppe å betale avdrag på lån. DnB tilbyr hjelp til dei som har vanskar med å takle låna sine.

Brødrene Sperre

Bedrifter som eksporterer sild og makrell har mista 1/3 av markanden sin. No skal bedrifter som slit økonomisk få hjelp.

Foto: Trond Vestre / NRK

Medan lakseselskapa klarer seg bra, slit andre eksportørar og produsentar med store lager dei ikkje blir kvitt. Eksportørane av pelagisk fisk, som sild, makrell og brisling, mista 1/3 av markanden sin over natta då Russland la ned forbod mot import av norsk fisk.

Inger Marie Sperre

Administrerande direktør Inger Marie Sperre i bedrifta Brødrene Sperre, trur dei vil klare seg, trass tap.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Familiebedrifta Brødrene Sperre på Ellingsøya i Ålesund er av bedriftene som har fått merke Russland sitt importforbod.

–Vi har mykje sild på lager, og tapet her er openbart, seier administrerande direktør i Brødrene Sperre, Inger Marie Sperre, til NRK.

Trur dei vil klare seg

Sperre stadfestar at mange har fått vanskar. Ho trur alle produsentar som hadde sild på lager då importforbodet starta, har tapt pengar. Sjølv trur Sperre dei kjem til å klare seg, trass i at dei taper pengar.

–Vi har ikkje tatt på oss større risiko enn at vi skal klare dette, seier Sperre til NRK.

Følgjer utviklinga tett

Anne Hvistendahl

Anne Hvistendahl er sjef for mat og sjømatavdelinga i DnB.

Foto: Pressebilde

I DnB er dei svært merksame på utviklinga. Banken er ein av dei største i verda på fiskeri, og banken sin sjef for sjømat, Anne Hvistendahl, seier dei trur fleire sjømatbedrifter kjem til å få økonomiske vanskar i haust.

–Nesten alle har lån. Dei har lånt pengar til å finansiere båt, utstyr og kvoter og dei har avtalt nedbetaling for dette. Når det då kjem ekstraordinære ting som dette, er det naturleg å snakke med banken om ein pause i avdraga, seier Hvistendahl til NRK.

I tillegg til avdragsfrie lån, seier ho dei kan tilby ekstra lån der det kan vere aktuelt.

–Då diskuterer vi avdragsfrie lån eller ekstra likviditet dersom det er det som skal til, seier Hvistedahl.

Inga løysing på kort sikt

På Ellingsøy i Ålesund trur ikkje Inger Marie Sperre på noko kortsiktig løysing på problema. Ho håper ikkje alt for mykje fisk hamnar rett på lager.

Hovudproblemet no er at vi ventar store mengder ny fisk inn, som sjølvsagt hamnar i konkurranse med den som alt er på lager. Då er det berre å håpe at fiskarane har forståing for at dei må utsetje fisket, seier Sperre til NRK.