Hopp til innhold

Lågare gassprisar ga 800 milliardar i tapte inntekter

Den norske eksporten fall med 24 prosent frå 2022 til 2023. Fjoråret er likevel det nest beste for norsk eksport nokosinne.

pphCAOyoigM

GASSEKSPORT: Petroleumsverksemda er i dag Noregs største næring målt i verdiskaping, statlege inntekter, investeringar og eksportverdi. For 2024 er inntektene til staten frå olje og gass rekna til 858 milliardar kroner.

Foto: NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Eksportmeldinga for 2023 viser at inntektene frå olje- og gasseksporten fall med 800 milliardar kroner.

Hovudårsaka til fallet er at gassprisen har stabilisert seg på eit meir «normalt» nivå.

Historisk sett er likevel olje- og gasseksporten på eit skyhøgt nivå.

I tillegg viser rapporten at sjømatnæringa eksporterte for 165 milliardar kroner, som er det høgaste nivået nokosinne.

Det meir enn veg opp for at den kraftintensive industrien «berre» eksporterte for 190 milliardar kroner som følge av lågare råvareprisar.

Eksportmeldinga viser tydeleg at olje- og gassnæringa framleis dominerer, men at vi har fleire bein å stå på, og må vidareutvikle desse i åra framover, seier NHO-direktør Ole Erik Almlid til NRK.

En brønnbåt ligger ved to merder ute i havet. I bakgrunnen kan fjellene på Træna skimtes i det fjerne.

Dei siste åra har norske bedrifter fått meir for varer dei eksporterer til kundar som handlar med euro. Forklaringa er den svake krona, som gjer at bedriftene får fleire kroner for kvar euro dei vekslar inn. Og meir lukrativt kan det bli. I Dagens Næringsliv blir det spekulert i at eurokursen kan komme opp i 14 og 15 kroner.

Foto: Steffen Kalås

Uroleg tid med sterke geopolitiske spenningar

Meldinga viser at Sverige, Nederland, Tyskland og Nederland er våre viktigaste marknader. EU/EØS-landa stod for 70 prosent av olje- og gasseksporten.

Sjølv om krigen i Ukraina ikkje lenger har den same sjokkeffekten, teiknar rapporten bildet av ei uroleg tid med sterke geopolitiske spenningar.

Døme er høgare forsvarsutgifter og reiarlag som må legge om seglingsruta rundt Afrika etter fleire angrep på skip i Suezkanalen.

Ole Erik Almlid

– Nå som EØS-avtalen fyller 30 år, er den viktigare enn nokosinne. Dette må vi ikkje gløyme. Vårt tettaste forhold er og held fram med å vere til Europa, seier Almlid.

Foto: William Jobling / NRK

Framover forventar forfattarane av meldinga at gasseksporten vil falle til under 1000 milliardar kroner for første gong sidan 2020. Dei presiserer:

Prognosane er likevel prega av stor usikkerheit som følge av krigen i Ukraina og potensiell eskalering av konfliktar i Midtausten.

Les også Ny investeringstopp for norsk olje og gass

0wFa16awvc8

Vestlandet står for 40 prosent av fastlandseksporten

I alt legg den norske eksporten grunnlaget for 640.000 arbeidsplassar, som svarer til omkring kvar femte norske arbeidsplass.

Hovudvekta er konsentrert på Vestlandet, som er «vertskap» for kraftkrevjande industri og ei rekke aktørar innan sjømatnæringa.

Totalt står dei tre fylka Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal for 40 prosent av den samla fastlandseksporten.

Norsk eksport må bli meir variert. Vi treng fleire sterke næringar og fleire eksportbein å stå på, seier administrerande direktør i Innovasjon Noreg, Håkon Haugli.

Han gjer eit poeng av Noreg har mykje å gå på samanlikna med fleire av våre naboar.

Vi må opp på same vekstnivå som Danmark og Sverige, seier han, og peikar på havvind som ein potensiell gamechanger.

Rapporten viser at den norske fornybareksporten dobla seg – frå 9 til 18 milliardar kroner – i perioden 2018 til 2022.

Mykje av kapasiteten er bunden opp i olje- og gassektoren

Sjølv om Noreg i dag heng etter nabolanda, eksisterer det store marknadsmoglegheiter innan fleire sentrale grøne verdikjeder i Europa, skriv forfattarane.

Dei identifiserer særleg tre «sentrale grøne verdikjeder»: havvindmarknaden, produksjon av hydrogen, og verdikjeda til batteriproduksjon.

Det er ei massiv satsing på fornybar energi i alle marknader, men bedriftene sine forsøk på å posisjonere seg blir påverka av at mykje av kapasiteten er bunden opp i olje- og gassektoren, seier Haugli.

Det at norske leverandørar ikkje har kapasitet til å delta nå, kan ha langsiktige effektar på Noregs evne til å utvikle nye næringar.

Les også Ny EU-avgift aukar presset mot Noregs straumprofitt

Osebergfeltet i Nordsjøen

Peggy Hessen Følsvik
William Jobling / NRK

Peggy Hessen Følsvik, LO-leiar

– Vekst i eksporten til den internasjonale havvindsindustrien er svært positivt og heilt i tråd med LOs strategi og ønsker for ei berekraftig omstilling av norsk næringsliv. Det er svært godt å sjå at det er ein underliggande volumvekst der, også når vi korrigerer for fallet i kronekursen.

Tone Lunde Bakker
John Trygve Tollefsen

Tone Lunde Bakker, Eksfin-direktør

– Det høge nivået på Noregs vare- og tenesteeksport viser at norsk økonomi er på rett veg i omstillinga. Samtidig ser vi at framtidig vekst i eksportinntektene ikkje kan takast for gitt. Noreg har lågare eksportdel enn snittet i Europa.

Sunniva Ihle
Yara

Sunniva Ihle, leder for myndigheitskontakt og kommunikasjon i Yara

– Norsk industri er verdsleiande, men vi er avhengige av ein open marknad for å selje produkta våre. I ei tid der global handel er under aukande press, er gode handelsavtalar viktigare enn på lenge. Norsk eksport må riggast for framtida, og det må leggast til rette for at produkta Noreg eksporterer kan omstillast til å møte stadig strengare klimakrav.

Håkon Haugli
Hilde Nilsson Ridola / NRK

Håkon Haugli, Innovasjon Noreg

– Vi må opp på eit vekstnivå som Danmark og Sverige, viss vi skal nå målet om 50 prosent auke i eksport utanom olje og gass innan 2030. Vi ser heldigvis stort potensial i fleire delar av norsk næringsliv, og at Noreg kan bidra til det grøne skiftet i Europa innanfor blant anna energi og grøn maritim næring.

Ole Erik Almlid
ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Ole Erik Almlid, NHO-direktør

– Nå må vi få fram fleire eksportbedrifter som igjen kan skape enda fleire arbeidsplassar. Samtidig må vi vere ærlege på at vi ikkje kan lykkast på eksportmarknaden utan dei rette føresetnadene heime. Gode rammevilkår, eit fornuftig skattenivå og nok kraft her heime er heilt essensielt for å lykkast der ute.