Hopp til innhold

Vil køyre rasvegen

Stein Mo frå Mogrenda på Ålvundeid er villig til å ta risikoen med å køyre Oppdølsstranda dersom Vegvesenet opnar vegen igjen.

Stein Mo
Foto: Nyhetsspiller / NRK

Geologar vurderer rasfaren på staden, etter nok eit ras i området tysdag kveld.

Må bruke bil

Stein Mo seier dei som bur ved den rasfarlege Oppdølsstranda må få bruke vegen.

- Vi kan ikkje bli innmura. Vi må få lov til å bevege oss. Vi må få lov til å køyre Oppdølsstranda. Ingen må få hindre oss i det, seier Stein Mo.

Steinblokker store som biler

Storras på Oppdølsstranda

Video nsps_upload_2009_6_18_13_44_27_1439.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

200 hadde møtt fram til folkemøte på Ålvundeid onsdag kveld.

Mange vil køyre

Stein Mo trur det er mange som vil køyre denne vegstrekninga. Han er ikkje åleine om det, seier han.

- Ein ting er kva folk seier. Mange seier dei vil ha båt. Men eit stort fleirtal køyrer bil på Oppdølsstranda når det er ope. Du veit du tek ein risiko, men du er villig til å ta den risikoen. Ulempene ville vere så store om du berre må bruke båt, seier Mo.

Folkemøte

Onsdag kveld var det folkemøte på Ålvundeid. Stemninga på møtet gjekk i retning av at vegen må opnast, men at det må opprettast alternativ skyss sjøvegen.

Video nsps_upload_2009_6_18_13_40_39_1436.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Folkemøte om Oppdølsstranda

Bussjåførar redd rasstrekning

Krev ferje forbi rasstaden

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL