Hopp til innhold

Varslar blei trudd- men tapte rettssaka

Retten meiner varslar Runar Kjørsvik har blitt påført psykiske lidingar av arbeidsgivaren Shell. Likevel slepp oljeselskapet å betale erstatning. – Viktig dom for andre, seier varslaradvokat.

Varsleren Runar Kjørsvik går til sak mot Shell

Runar Kjørsvik var hovudverneombod på gassanlegget Nyhamna. Han kravde erstatning frå arbeidsgivaren i retten, men tapte saka.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det er ein god dom, sjølv om eg tapte rettssaka. Det var ei full moralsk oppreising. Eg har blitt trudd og retten finn det bevist at eg har blitt påført sjukdom, seier Kjørsvik.

Han var hovudverneombod på gassanlegget Nyhamna utanfor Molde og varsla om mobbing, trakassering og ein fryktkultur på arbeidsplassen. Nokre månader seinare, i mai 2015, blei Runar Kjørsvik oppsagt i jobben.

Fekk to millionar kroner

Etter at han blei oppsagt inngjekk han forlik med Norske Shell, der han fekk om lag to millionar kroner. I avtalen stod det at saka på den måten var avgjort og ingen av partane kunne krevje meir av kvarandre. Sjølv hevdar Kjørsvik at han følte seg pressa til å inngå forliket.

Han meiner at kompensasjonen ikkje er tilstrekkeleg med tanke på seinskadane han har fått. I vår gjekk han til sak mot arbeidsgivaren for å sette avtalen som blei inngått til sides.

Vaknar med mareritt

Han har utvikla lidinga posttraumatisk stressyndrom, som legane meiner skuldast behandlinga frå arbeidsgivar.

I dommen står det at retten på bakgrunn av bevisførsel ikkje er i tvil om at Kjørsvik blei utsett for så omfattande psykiske krenkingar frå Shell at han utvikla stressyndromet.

– Eg har mykje mareritt som gjer at eg ikkje får sove. Legane mine seier det kan ta mange år før eg blir betre, seier Kjørsvik.

Romsdal tingrett konkluderer med at forliksavtalen ikkje kan settast til sides, og dermed blir Shell frifunne frå å betale Kjørsvik erstatning.

Ville historier

Varslaradvokat Birthe Eriksen har følgt saka med stor interesse og meiner dommen er viktig for andre varslarar.

Det å bli trudd i retten kan bety at ein endeleg får ei avslutning. Ho kjenner til fleire alvorlege saker som er i gang, spesielt i kommunane.

– Sakene er så ekstreme at det nesten er umogleg for folk å forstå. Historiene verkar heilt ville og absurde. Det er viktig å få dokumentasjon på at dei som formidlar historiene har rett. Dei er ikkje galne, seier Eriksen.

Birthe Eriksen

Birthe Eriksen er advokat og ekspert på varslingssaker.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Hamnar utanfor arbeidslivet

Mange varslarar endar opp med å bli alvorleg sjuke og hamne utanfor arbeidslivet som fylgje av behandlinga frå arbeidsgivar.

Eriksen meiner dommen frå Romsdal tingrett er viktig fordi retten ser samanhengen mellom sjukdommen Kjørsvik har utvikla og den behandlinga han blei utsett for på jobb.

Usamde med retten

Kitty Eide, kommunikasjonssjef i Shell/Ormen Lange

Kitty Eide, kommunikasjonssjef i Shell

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Kommunikasjonssjef i Norske Shell, Kitty Eide, seier at deira fokus i rettssaka var forliksavtalen. Det var den dei var saksøkt for og vann fram med.

– Vi er usamde i retten sin kommentar om årsaka til sjukdom. Vi la ikkje vekt på dette i retten, og det stod difor uimotsagt frå vår side, seier Eide. No håper bedrifta at alle partar kan legge saka bak seg. Dei opplever at dei har fagforeining og verneteneste på Nyhamna med seg og at samarbeidet er godt.

Runar Kjørsvik har ikkje bestemt seg for om han skal anke saka, eller om han skal gå vidare med saka på andre måtar.