Shell meiner varslar starta omkamp den dagen han fekk 2 millionar

ROMSDAL TINGRETT: Varslaren Runar Kjørsvik fekk to millionar kroner i forlik med arbeidsgivaren Norske Shell. Oljeselskapet meiner han starta omkamp med ein gong han hadde fått pengane.

Runar Kjørsvik i retten saman med advokatane Christian Svensen og Sverre Lilleeng.

Runar Kjørsvik har gått til sak mot sin tidlegare arbeidsgivar. Her saman med advokatane Sverre Lilleeng og Christian Svensen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I den vesle rettssalen i Molde sit ein prega Rune Kjørsvik. Han har stemna den tidlegare arbeidsgivaren sin, Norske Shell, for retten. Kjørsvik var hovudverneombod ved gassanlegget Nyhamna i Aukra. Han meiner konflikt på jobben har påført han store helseskadar. Han slit med søvnvanskar, konsentrasjonsproblem og depresjon.

Det var i mai 2015 at Runar Kjørsvik blei oppsagt i jobben. Då hadde han i månadane før varsla om mobbing, trakassering og ein fryktkultur på arbeidsplassen.

Hausten 2015 inngjekk han forlik med Norske Shell, der han fekk om lag to millionar kroner. Spørsmålet i rettssaka no er om denne avtalen kan settast til side, og om det kan bevisast at det er konfliktar på jobb som har gitt Kjørsvik diagnosen posttraumatisk stress.

– Planla omkamp

Norske Shell meiner det tidlegare hovudverneombodet hadde planar om omkamp allereie på trappa på Stavanger tinghus, den dagen forliket blei inngått.

– Han kunne aldri akseptere å måtte leve med å ikkje få rett. Han har ikkje blitt trakassert og mobba, seier advokat Thor-Arne Wullum.

I retten tysdag la han fram fleire private facebookmeldingar Kjørsvik har sendt til tidlegare tilsette, som dokumentasjon på at han planla rettssak. Kjørsvik skriv blant anna at han har brukt 3000 timar på eit år for å samanfatte og avsløre forhold på arbeidsplassen.

I eit innlegg skriv han: «Slutvederlag du liksom,.? Dere er f. meg idioter. jeg ble truet til å godta en sluttpakke. Jeg ønsket dette for retten hele tiden og dit skal det ...»

Norske Shell i rettssak i Romsdal tingrett mot Runar Kjørsvik

Norske Shell ved advokatane Thor-Arne Wullum og Benedicte Hille meiner Kjørsvik ikkje har krav på erstatning.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Alvorleg diagnose

Kjørsvik meiner han ikkje fekk tilstrekkeleg kompensasjon då han gjekk inn forliket. Legane meiner diagnosen posttraumatisk stressyndrom skuldast forholda på arbeidsplassen.

– Vi knyter hans noverande sjukdomstilstand til hendingar til tida då han var tilsett, seier advokat Christian Sturla Svensen. Han vil ikkje kommentere Facebookinnlegga.

Då Runar Kjørsvik var tilsett som hovedtillitsvald, var det samarbeidsproblem mellom verneombod og leiinga. I 2014 gjekk det føre seg det ei omorganisering der vernetenesta meinte at dei ikkje blei nok involverte. Runar Kjørsvik følte at han ikkje blei tatt på alvor og opplevde latterleggjering og trakassering i møta. Ein rapport frå Arbeidsforskningsinstituttet viser at tilsette på Nyhamna var redde for å seie frå om kritikkverdige forhold.

Sette i gang undersøking

Like etter sette Norske Shell i gang ei faktaundersøking som skulle sjå på påstandane. Kjørsvik var ein av fleire som blei intervjua. Då konklusjonen kom, avviste den påstandane om mobbing og trakassering.

Shell meiner på si side at det var Kjørsvik som var problemet. At han mangla samarbeidsevner og forståing av rolla si.

I retten er det stor usemje om måten denne faktarapporten vart utført på.

Advokat Christian Sturla Svensen sa at den var eit personleg og krenkande tiltak og at målet var å kvitte seg med Kjørsvik. Ein kunne i staden ha sett inn andre til tiltak for å handtere konflikten. Shell meiner det er ein god metode for å dokumentere faktiske forhold.

Det er sett av seks dagar til rettssaka. Både legar, tillitsvalde, advokaten som var ansvarleg for faktaundersøkinga og leiarar i Shell står på vitnelista.