Hopp til innhold

Får ein halv million til satsing på fritidsaktivitetar

Vanylven kommune får 500 000 kroner frå Kulturdepartementet til å satse på fritidsaktivitetar for barn og unge i kommunen.

Lena Landsverk Sande

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande, er svært glad for tilskotet frå Kulturdepartementet.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Fritidserklæringa går regjeringa, KS og frivillige organisasjonar saman for ein felles innsats slik at alle barn og unge uavhengig av familieøkonomi kan delta jamleg i fritidsaktivitetar. Som ein draghjelp har Kulturdepartementet no fordelt om lag ti millionar kroner for å stimulere til inkludering og integrering i fritidstilboda rundt om i landet.

500.000 kroner av desse får Vanylven til eit pilotprosjekt som skal leggje til rette for eit systematisk samarbeid mellom frivillige og offentlege instansar slik at barn som ønskjer det skal kunne delta i minst ein organisert fritidsaktivitet.

Desse midla vil vere svært viktig for barn og unge i kommunen, seier ordførar Lena Landsverk Sande.

– Dette gir ei moglegheit til å fange opp dei som står på sidelinja og som kanskje ikkje har råd til å delta på fritidsaktivitetar. Det er kjempeviktig for at alle skal bli sett og inkludere, seier ho.

Viktig inkluderingstiltak

Kommunen har jobbar aktivt med tiltak for barn og unge i ei årrekke og tilskotet frå Kunnskapsdepartementet blir ein stor del av det vidare arbeidet med dette, fortel ordføraren.

Pengane skal mellom anna gå til å organisere og systematisere aktivitetar i alle bygdene i kommunen. I tillegg skal kommunen prøve å få til eit system for utlån av utstyr til forskjellige aktivitetar.

– Vi skal få på plass eit samarbeid mellom lag og organisasjonar og det offentlege slik at familiar som slit økonomisk kan sende barna sine på organisert aktivitet. Det kan ofte vere dyrt å delta på organisert aktivitet, men det er kjempeviktig å få med dei som blir sittande heime, seier Landsverk Sande.

Ho meiner at slike aktivitetar også er eit viktig inkluderings- og integreringstiltak.

– Organisert aktivitet kan mellom anna vere ein glimrande måte å lære språket på, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL