– Det blir nokre tusen. Truleg 6000–8000 kroner berre i treningsavgifter. Også kjem alt utstyret og alt slikt i tillegg, konstaterer Odd Magne Øren
Firebarnsfaren som sjølv fotballtrenar er glad for at klubben hans sluttar å sende ut pengekrav. Med aktive born i fleire idrettar har tusenlappane fått bein å gå på.
Medan mange idrettslag set opp medlems- og treningsavgiftene for å dekke utgiftene i dyrtida, går Eikefjord IL mot straumen.
Vil gje alle like moglegheiter
– Vi vil at alle skal få like moglegheiter. Vi er i ei tid der familiar må snu på alle kronene for å få økonomien til å gå opp. Viss vi kan bidra med å senke kostnaden på treningsavgift, så trur vi fleire vil vere med på dei ulike aktivitetane, seier Per Øyvind Sørbø.
Han er nestleiar i Eikefjord IL og fortel at dette har vore ein langsiktig strategi. Over fleire år har dei arbeidd med å få på plass gode og langsiktige sponsoravtaler, søkt om midlar og stimulert dugnadsånda.
Det gjer at dei i år kan ta bort treningsavgifta for born og ungdom frå 0–19 år.
Gode utsikter for Eikefjord IL og nestleiar Per-Øyvind Sørdal med gode og langsiktige sponsoravtaler.
Foto: Arne Stubhaug / NRKLågare inntekt gir lågare deltaking
Born frå familiar med lågare sosioøkonomisk status deltek mindre i idrett og trening. Det viser ein ny rapport frå Noregs idrettshøgskole (NIH).
– Vi har lenge sett at det er ein del skeivskap i ungdomsidretten. Ein rekrutterar i større grad frå familiar med god råd og høg sosioøkonomisk status, seier Anders Bakken, forskar ved Oslo Met.
Rapporten viser at 75 prosent av dei med flest ressursar i heimen hadde idrett som fritidsaktivitet, mot 53 prosent av dei med færrast ressursar.
Born som deltek er lukkelegare
Om ein har moglegheit til å delta i idrett eller ikkje påverkar fleire aspekt i livet enn fysisk helse. Rapporten frå NIH viser ein tydleg samanheng mellom grad av deltaking og kor lukkelege born og unge er elles i livet.
– Dei borna som er med i idrett scorar generelt høgare på ulike mål på livskvalitet. Dei trivst betre i kvardagen sin, seier Anders Bakken.
Bakken påpeikar likevel at dei ikkje kan vete sikkert om det er idretten som gjer born lukkelegare, eller om idretten i utgangspunktet tiltrekker seg lukkelegare born.
- Laurita Fure Briceno
Helene Angelica Håøy
«Det er noko å glede seg til. Kvar trening. Og kampar. Å samlast. Vi har jo blitt veldig gode vennar heile gjengen. Vi har spelt i lag i veldig mange år. Så det er noko vi gler oss til kvar dag eigentleg. Å samlast og spele igjen.»
- Laurita Fure Briceno / NRK
Fride Ellingsund Øyra
«Det betyr veldig mykje, for ein får jo spele og vere med vennar. Og har samhald og har det gøy på trening og på kamp og sant.»
- Laurita Fure Briceno
Malene Vik
«Det betyr veldig mykje og det er skikkeleg gøy og eg elskar det.»
Krevjande tider for idrettslaga
Norges Idrettsforbund rosar initiativet frå Eikefjord og håpar det kan inspirere andre idrettslag til å sikre seg gode sponsoravtalar og dermed få redusert eller fjerna treningsavgiftene. Forbundet er likevel klar på at det er tøffe økonomiske tider, også for idrettslaga.
– Det er ein krevjande situasjon for idrettslaga. Den dyrtida vi no opplev rammar også idretten hardt. Mange idrettslag slit med å få kostnader og inntekter til å gå opp, fortel Sondre Sande Gullord, visepresident i Noregs Idrettsforbund til TV 2 som også har omtalt Eikefjord-modellen.
Florø fotball rosar Eikefjord IL for gratistilbodet, men trur ikkje dei sjølve har økonomien og moglegheita til å følgje det gode dømet.
Foto: Arne Stubhaug / NRKSkulle gjerne gjort det same
– Dette håpar vi kan vere med å løfte tema på eit nasjonalt nivå. At idretten får betre vilkår. Så dette trur eg berre er starten. At vi går føre no, seier nestleiaren i Eikefjord IL.
Terje Andersen, hjelpetrenar i Florø fotball, trur ikkje det er realistisk for Florø Sportsklubb å følgje det gode dømet til Eikefjord i næraste framtid, men er håpefull.
– Eg håpar at vi i Florø og kan kome der ein gong, at vi kan tilby det same til våre.
Med eit større idrettslag og fleire deltakarar trur Terje Andersen det vil vere vanskeleg å gi eit liknande tilbod i Florø.
Foto: Laurita Fure Briceno / NRK