Hopp til innhold

Snart er ein tredel av dei som bur her gamle

Vanylven har i ei årrekkje kjempa for å stanse nedgangen i folketalet. Ingenting tyder på at kampen er over.

Rådhuset i Vanylven

Kommunen prøvar å legge til rette slik at fleire flyttar til Vanylven.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ein ny analyse viser at dei vel 3200 innbyggjarane i Vanylven stadig blir færre.

– Vi jobbar mot denne straumen. Det som tel for oss er å skape nye arbeidsplassar slilk at det blir aktuelt for folk å kome heim igjen. Vi kjem til å be om hjelp for å få statlege arbeidsplassar til Vanylven, seier ordførar Lena Landsverk Sande.

I følgje ein analyse frå fylkeskommunen blir innbyggjartalet redusert med 450 dei neste 14 åra. Sidan 2002 har innbyggjartalet stupt med 1100. Og tala tyder også på at i 2030 kjem ein tredel av dei som bur i Vanylven til å vere 67 år eller meir.

Krevande og langsiktig arbeid

Kart Vanylven

Prognosane frå fylkeskommunen viser at talet på innbyggjarar held fram med å gå ned i Vanylven.

– Dette er ein krevande situasjon som er vanskeleg å snu, seier assisterande fylkesplansjef, Ingunn Bekken Sjåholm. Ein vil gjerne vere optimistiskt, men det er ressurskrevande å stoppe ei fråflytting.

Og eit steg vidare, å skape vekst, er ikkje noko enklare.

– Det krev ein stor innsats både av kommunen og dei som bur der. Det krevst og at sentrale styresmakter og dei som påverkar rammevilkåra for kommunen er interessert i å halde oppe innbyggjartalet i bygdene, seier Bekken Sjåholm.

Lite merksemd om små bygder

Når ein kjem til det punktet er assisterande fylkesplansjef usikker på kva politikarane ønskjer, fordi ho synest dei er utydelege i spørsmålet om å oppretthelda nivå og verksemd i bygdene. Ho viser til ei stortingsmelding og byar og distrikt, der ho meiner mindre bygder får heller lite merksemd og omtale.

– Merksemda rundt bygder som ligg eit stykke unna byane, og som ikkje blir ein del av den veksten, er lita.

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven

Ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven håper på drahjelp og statlege arbeidsplassar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Men nokre lyspunkt er det. Nokre flyttar tilbake til heimkommunen, men vilkåret er at det er arbeid å få. Det kan vere utfordrande om ein skal ha jobb, og den utfordringa blir ikkje mindre viss det er eit par som ønskjer å busette seg. Arbeidet skal og helst vere tilpassa den jobben dei unge har skaffa seg.

I 2015 kunne det sjå ut til at utviklinga ville snu, men no peiker altså pila ned igjen. Og prognosene som viser framleis nedgang i folketalet er ikkje gode.

– Tala kan vi ikkje snakke oss frå. Men samtidig fortel dei unge at Vanylven er ein god plass å bu. Men stikkordet er - vi må ha arbeid til alle, slår ordføraren fast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL