Hopp til innhold

Huset til Øystein og familien flytta på seg: – Viss ikkje geologen kjem så flyttar eg

Førre helg flytta huset til Øystein og familien seg 20 centimeter. No har det flytta seg meir. Familien er redde og får ikkje sove.

Øystein Sporstøl i Ørsta held ein vater opp til husveggen.

HUSET FLYTTA SEG: Etter at Øystein Sporstøl først oppdaga sprekker i muren på huset, har han funne fleire teikn på at huset bevegar seg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var førre helg at to hus blei evakuerte i Ørsta, etter melding om at det eine huset hadde flytta på seg.

– Muren i bakkant av huset har sklidd fram, trappa inne i huset har løfta seg og vi har fått sprekker i veggar, fortel huseigar Øystein Sporstøl.

Dette huset i Hovdebygda i Ørsta skal ha flytta på seg.

Huset til Øystein Sporstøl og familien ligg i Hovdebygda i Ørsta kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK

I går kveld oppdaga han nye sprekkar i garasjegolvet, og varsla naboen. Då oppdaga også dei bevegelsar i huset sitt.

– Eg sa til naboen at ho måtte fare og sjekke i kjellaren. Etter fem-ti minutt kom ho joggande. Ho var tydeleg stressa og bekymra, og sa at no hadde ho også fått sprekker i muren.

Årsaka til bevegelsane i husa skal vere at det er vasstrykk i bakken.

Vil ha geolog

Etter evakueringa i helga har politiet vurdert at det er trygt for dei to husstandane å bli buande i husa sine. Politiet bestemmer dette etter råd frå NVE. Dei har geologar som har studert bilde frå staden.

NVE meiner at det ikkje er fare for at det skal gå nokon skred i området, og seier der ikkje skal vere leire.

Men Sporstøl og familien kjenner seg ikkje trygge.

– Vi har tatt mange telefonar, men på slutten av dagen når vi skal legge oss sit vi berre med fleire spørsmål. Kva skjer? Er det trygt? Skal vi stole på geologane som har studert nokre bilde?

Bildet viser sprekker i grunnmuren på eit hus i Ørsta, som har flytta på seg.

Det er sprekker i muren på huset til Øystein Sporstøl i Ørsta. Han har også funne fleire sprekker og feil den siste veka.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sporstøl vil krevje at geologar kjem for å gjere meir undersøkingar på tomta.

– Viss ikkje geologen kjem, då flyttar eg her ifrå.

Kvifor det?

– Fordi eg føler meg ikkje trygg til å vere her meir, før det har vore nokon og tatt prøver av jorda her. Det er ikkje rett for verken sambuar eller ungar å vere her om ein skal vere bekymra. Det er ikkje slik det skal vere, seier Sporstøl.

Øystein Sporstøl

Øystein Sporstøl er ukomfortabel med at geologane ikkje har tatt prøver av jorda rundt huset.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Mellom huseigar og forsikringsselskap

Ordførar i Ørsta kommune, Per Are Sørheim (H), har følgt med på saka. Han har hatt eit møte med NVE og politiet fredag. Kommunen har sendt ut info om møtet, og skriv:

«Det vart i går meldt av politiet at NVE ville vurdere å sende ein geoteknikar til staden i dag, fredag 3. mai. NVE har gjort ei ny vurdering av situasjonen, og deira konklusjon er at her er det sig i grunnen på grunn av vasstrykk ovanfor huset.»

Dette bekreftar ordføraren.

– Det var sagt at NVE skulle sende geoteknikar til området, men det har dei gjort ei ny vurdering på i dag, og meiner at det ikkje er nødvendig slik dei ser det.

Ordfører i Ørsta, Per Are Sørheim (H), står utanfor Ørsta Rådhus.

Ordførar i Ørsta, Per Are Sørheim, seier han håpar saka blir løyst på ein god måte slik at bebuarane kan bu trygt i husa sine vidare.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han meiner at kommunen ikkje har noko ansvar for det som har skjedd med huset til Sporstøl og naboen, og at dette er noko dei må ordne opp i sjølve.

– Dette er i utgangspunktet ei sak mellom huseigar og forsikringsselskap. Det er klart at vi skal følge med på saka og gjere det vi kan, men det er også eit avgrensa ansvar for Ørsta kommune i slike saker, seier Sørheim.

Les også Lars (19) fekk brev i posten og blei plutseleg huseigar

Lars Furnes er 19 år og har einebustad i Hamnsundet i Haram