Åheim i Vanylven er ei ørlita bygd med ei hjørnesteinsbedrift innan bergverk og eìn skule. Og eitt trafikklys som regulerer trafikken over ei smal bru.
No kan bygda med om lag 300 innbyggjarar også skryte av at dei har to fotballproffar.
Denne veka blei Vilde Hasund (25) cupmeister med Hammarby i Sverige.
– Det er noko av det største eg har opplevd til no. Det var veldig gøy, seier midtbanespelaren Hasund.
Sambygdingen Anna Aahjem (23) spelar på Lyn og har scora nest mest i toppserien.
Kva er hemmelegheita bak suksessen?
Spelte på tre lag samstundes
Vilde Hasund spelar på svenske Hammarby og blei cupmeister
Foto: Anne Karin B RingdalVilde Hasund starta å spele fotball som 6-7-åring, med mål om å bli betre enn bror sin. Dessutan var det ikkje så mange andre fritidsaktivitetar å vere med på som interesserte henne.
I ei så lita bygd er det ikkje kamp om å få vere med på laget. Tvert om. Det er kamp om å ha nok spelarar så ein klarer å melde på eit lag.
– I nokre år hadde eg tre kampar i veka. Det var hektisk, men veldig gøy, seier Hasund.
Ho spelte nemleg på tre ulike fotballag samstundes og dermed blei det ekstremt mykje treningstimar. Ho spelte på lag med jentene som var eit år eldre, med gutane som var like gamle som henne og gutane som var eitt år yngre.
– Å trene saman med gutane kan gi eit fortrinn, både teknisk og fysisk, seier Hasund.
Ikkje oppfylging som store klubbar
Anna Nerland Aahjem spelar på Lyn, samstundes som ho studerer for å bli politi.
Foto: Terje Haugnes / NRKAnna Aahjem trur ikkje det er negativt å kome frå ei lita bygda. Det er ikkje mange reservar å ta av, så det betyr mykje speletid. Ho spelte berre på eitt lag, der ho fekk boltre seg på banen. Også ho starta som 6-åring.
– Eg fekk moglegheit til å spele mykje. I tillegg er det kanskje flaks og genar som avgjer om du blir god, seier Aahjem.
Ho ser at store klubbar har ei heilt anna moglegheit til å utvikle talent enn i små klubbar.
På Åheim var det foreldre som var trenarar, men begge jentene fekk utvikle seg gjennom sonesamlingar og regionsamlingar der spelarar frå fleire klubbar møttest.
– Vi fekk ikkje same oppfylginga som i store klubbar, så vi har gjort mykje på eiga hand. Vi spelte fotball til alle døgnets tider. Det var i grunn det vi gjorde på, seier Aahjem.
Men 65 kilometer nord for Åheim ligg Ulsteinvik med den suksessrike idrettsklubben Hødd. Dette blei ein inngangsport til fotball på høgare nivå for både Vilde Hasund og Anna Aahjem.
Ordføraren var trenar
Lena Landsverk Sande er ordførar i Vanylven. Ho er stolt over dei to fotballproffane.
Foto: Trond Vestre / NRKLena Landverk Sande, ordførar i Vanylven, er slett ikkje overraska over at dei to Åheims-kvinnene blei proffar. Ho har følgt begge tett i heile oppveksten, sidan ho sjølv var fotballmor.
– Eg var faktisk trenaren til Vilde ei stund, men eg skal ikkje ha noko ære for det, ler Sande.
Ho karakteriserer begge kvinnene som arbeidsjarn utan sidestykke.
– Når du ser statistisk på det skal det godt gjerast å få to på så høgt nivå. Eg er kjempestolt av dei, seier Venstreordføraren.
Her på Åheim stadion la Vilde Hasund og Anna Nerland Aahjem ned tusenvis av treningstimar.
Foto: Janne Brit Aasen / NRKDrøymer om landslaget
Vilde Hasund har alltid drøymt om å bli fotballproff. Ho fekk eit treningsopphald i Røa som 17-åring, og såg at draumen kunne bli verkeleg. Der fekk ho si første kontrakt.
Hennar råd til barn med same draumen er å legge ned timar på fotballbanen.
– Det er berre å fortsette å trene hardt, ha det gøy og sette seg små og store mål på vegen så du kan bli enda betre, seier Hasund. No skal ho ha fokus på serien med mange viktige kampar framover.
For Anna Nerland Aahjem er eit av måla å bli toppscorar i den norske toppserien.
– Det hadde vore gøy å oppnå det, men vi tek kamp for kamp, seier Aahjem.
Begge drøymer om at det med tida skal bli to kvinner frå Åheim på det norske kvinnelandslaget.