Hopp til innhold

Tøft år for bøndene: – Du ser ikkje at det blir noko meir igjen på kontoen

Auka utgifter fører til stram økonomi og større arbeidspress for mange bønder, og fleire treng helsehjelp. Kari Raanes stiller spørsmål ved om ungane bør følgje i fotspora hennar.

Kari Raanes, bonde i Averøy

Kari Raanes har drive gard i over tjue år. Ho synest det er tungt å halde motivasjonen oppe når økonomien blir strammare og arbeidspresset større.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ho går og bekymrar seg for ting som skulle ha vore gjort, kjøpt og restaurert på garden, men har ikkje økonomi til å gjere noko med det. I løpet av 2022 har det allereie krevjande bondeyrket blitt endå tyngre for Averøy-bonden Kari Raanes.

– Du jobbar og jobbar, og du ser ikkje at det blir noko meir igjen på kontoen. Det er så det akkurat går rundt. Når du då jobbar 60 timar i veka, kvar dag, då lurer eg på kva som er vitsen, seier Raanes.

Prisane har skote i vêret det siste året. Det går utover motivasjonen til mange bønder. Raanes synest det har vore veldig tøft.

– Når du har hatt mange lange arbeidsdagar og det siste du gjer om kvelden er å gå i fjøset og koste fôrbrettet, så kjenner du både på kroppen og i sjela at du er sliten, seier ho.

Kari Raanes, bonde i Averøy

Kari Raanes driv eit gardsbruk i Averøy på Nordmøre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Bonden har heldigvis ein mann og to tenåringsbarn som hjelper til. Ho trur det er tyngre for dei som ikkje har folk rundt seg.

– Eg skjønnar at folk slit psykisk, for det har eg kjent på sjølv òg i periodar. Mange er jo åleine, og nokon taklar det faktisk ikkje. Det skjer tragiske hendingar, og det er kjempetrist.

Kompenserer ved å jobbe meir

Bondelaget i Møre og Romsdal får mange signal om tøffe kvardagar for tida. Ein kan spare pengar ved å ikkje leige inn avløysarar, dermed blir arbeidspresset endå større.

– Det som bekymrar mange er den tøffe økonomiske utviklinga. Dei er hardt pressa, kostnadene går i vêret og inntektene følgjer ikkje på. Folk prøver å kompensere bortfall av inntekt med meir produksjon eller meir arbeid utanom, og til slutt så går ikkje det, seier Konrad Kongshaug.

Konrad Kongshaug

Konrad Kongshaug er fylkesleiar i Norsk bondelag for Møre og Romsdal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Resultatet blir ein stor risiko for arbeidsulykker og stadig fleire nedlagde gardsbruk, meiner bondelagsleiaren.

– Dei fleste spring kvar dag frå tidleg morgon til seint på kveld. Det avgrensar seg kor mykje folk greier å springe, og eg trur vi har nådd grensa for lenge sidan. Til slutt så blir arbeidspresset så stort at det går utover motivasjonen og helsa til folk, seier Kongshaug.

54 bønder døydde i arbeidsulykker dei ti siste åra – Dette gjer bondeyrket til det farlegaste yrket

Anne Marie og Per Anders Berge.

Fleire som treng hjelp

Norsk landbruksrådgiving hjelper bønder som opplever krise eller ei overveldande belastning. Dei ser ein auke av gardbrukarar som tar kontakt og står i ein krevjande situasjon.

– Eg er bekymra, 2023 starta ikkje bra for å seie det sånn. Vi har per i dag fem pågåande saker som går som er alvorleg, eg kan ikkje hugse at det har vore så mange samtidig før, seier HMS-koordinator Halle Arnes.

Halle Arnes i Norsk landbruksrådgivning

Halle Arnes i Norsk landbruksrådgiving, som tilbyr bedriftshelsetenester til landbruksnæringa.

Foto: Privat

Han påpeiker at det er bra at folk tek kontakt når dei strevar. Bønder er ofte robuste folk, men ein bør ikkje stå åleine når presset blir for stort, meiner Arnes.

– Det er viktig å prøve å tenkje på om det er nokon som kan hjelpe deg. Det er tungt å seie at ein treng hjelp, men det er det rådet ein kan ha. Be om hjelp så tidleg som mogleg, seier han.

Skal la ungane få ta over

Til våren går Bondelaget og Regjeringa i gang med eit nytt jordbruksoppgjer. Kongshaug trur ikkje utviklinga er snudd i ei handvending.

– Eg trur det må kraftige tiltak til for å stimulere jordbruket, for å få det opp på eit nivå som gjer at ein faktisk kan ha ein kvardag som andre folk. Viss ikkje så stoppar dette heilt opp til slutt.

Kari Raanes, bonde i Averøy

Kari Raanes er glad i yrket sitt, men hadde håpt at det skulle bli lettare med åra.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kari Raanes har ikkje tenkt til å drive til ho er 67 år. Ungane på 19 og 16 er interesserte og skal få høve til å ta over garden, viss ikkje vil dei truleg selje. Men Raanes skal bu dei godt på kva som ventar dei.

– Det å sjå at naboane har fire veker sommarferie, har fri kvar helg og fer på hytta eller til Syden, det er tungt når ein samtidig står opp klokka seks kvar dag. Då lurer eg på om ungane mine skal ha den same jobben som meg, seier Kari Raanes.

Bønder skal få hjelp med mental helse: – Jeg ser ikke det som noe nederlag å si at hverdagen er tøff

Torstein Næss

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL