Hopp til innhold

Trur det blir vanskelegare for Aurora (13) å halde fast på nynorsken

13 år gamle Aurora Stølen Søvde skriv «eg» og «ikkje» men er i klart mindretal i den nye kommunen sin. Målfolk fryktar at nye kommunegrenser skal gjere det vanskelegare å bruke nynorsk.

Aurora Stølen Søvde

Aurora Stølen Søvde (13) seier det er viktig for henne å skrive nynorsk også i framtida, fordi språket er viktig for identiteten. Ho seier ho ikkje vil skifte til bokmål.

Foto: Remi Sagen / NRK

8.-klassingen blei brått ein språkleg minoritet i sin eigen heimkommune, då Misund på romsdalskysten slo seg saman med storkommunen Molde. Ho skriv nynorsk slik dei andre klassekameratane gjer, medan dei fleste i nye Molde brukar bokmål.

– Eg syns det er veldig bra at vi kan ha eit skriftspråk som liknar på dialekten vår, for dialekten vår liknar mykje meir på nynorsk enn bokmål, seier Aurora Stølen Søvde ved Misund skule.

I Misund har skuleelevane lært nynorsk i alle år. Men frå nyttår er dei aller fleste elevane i den nye storkommunen bokmålsbrukarar. Det same skjer for nynorskbrukarar i ei rekkje kommunar i nye Vestland, på Sørlandet og i Midt-Telemark.

Fryktar færre nynorskbrukarar

Situasjonen for Aurora er ikkje unik. Fleire stader i landet har nynorskbrukande innbyggjarar no blitt del av ein storkommune med bokmålsdominans. Dei kan gjere kvardagen vanskelegare for nynorskbrukarane.

Per Magnus Finnanger Sandsmark

Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark ved Nynorsk kultursentrum er uroleg for utviklinga til nynorsken.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det kan føre til at det blir færre nynorskbrukarar og vanskelegare å vere nynorskbrukar, fordi det fører til meir bokmål enn nynorsk i desse områda, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark, som er direktør ved Nynorsk kultursentrum.

Han meiner det er eit politisk ansvar å sørge for at store bokmålskommunar også legg til rette for at nynorsken skal få rom.

Nynorsk-vedtak førte til stort spetakkel

I Ålesund har dei klart det, og ordførar Eva Vinje Aurdal blir hylla som ein helt av målfolket. Trass i at dei fleste av innbyggjarane i den nye storkommunen skriv bokmål, kjempa ho gjennom at kommunen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Debatten er framleis hissig i avisspalter og kommentarfelt. Der har nynorsken blitt omtalt som fjøslatin. Enkelte har meint at Ivar Aasen burde vore fødd på Grønland, eller aller helst ikkje i det heile tatt.

Eva Vinje Aurdal med prisen "Årets nynorskkommune"

Ordførar Eva Vinje Aurdal er stolt over at Ålesund har fått pris som «Årets nynorskkommune".

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er verdt det. No er vi ein kommune som tek ansvaret for nynorsken sin posisjon i samfunnet, seier Aurdal.

Nynorsk på retur

12 prosent av norske skuleelevar skriv nynorsk, det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Forskinga viser at berre halvparten av desse held fast på nynorsken når dei går vidaregåande skule. Elevane på Otrøya seier dei vil halde fast på nynorsk som skriftspråk.

Simon Misund Aasmyr

Simon Misund Aasmyr (13) håper at nynorsk skal bli meir populært.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det beste som kan skje med nynorsken er at fleire begynner å skrive det, og at det blir meir populært, seier Simon Misund Aasmyr.

Les også: