Hopp til innhold

Nynorsk-vedtak fører til raseri og bannskap i Ålesund

Den nye storkommunen Ålesund blir landets største nynorskkommune, trass i at dei aller fleste som bur i området skriv bokmål. Det får folk til å ønskje at Ivar Aasen aldri blei fødd.

Kommentarar på Facebook-post om nynorsk.
Foto: Skjermdump Facebook

– Forbanna idioti! Vi kunne fortsatt ha vært språknøytrale, og ikke overkjørt såpass mange av befolkninga 😡

– Ingen kan tvinge meg til å bruke fjøslatin.

– Æsj 🤮 jeg kuttet ut nynorsk så fort jeg ble ferdig med grunnskolen...Nynorsk er grusomt 🤮 er glad jeg er flyttet ut av nynorsk-kommune.

Dette er berre tre av over hundrevis av kommentarar og reaksjonar på NRK Møre og Romsdal si Facebook-side dei siste dagane.

Kallar det eit språkleg overgrep

Mange ålesundarar fekk kaffien i vrangstrupen då politikarane rett før helga sa ja til at nynorsk skal vere hovudmålet framover. Dette skjer i ein by der innbyggarane har lange tradisjonar med å skrive bokmål.

I heile vinter har lokalaviser og kommentarfelt på Internett vore fulle av harmdirrande lesarinnlegg for og imot nynorsk.

Jan Steffensen

Jan Steffensen synest nynorsk er framand som språk i Ålesund, og meiner fleirtalet, som brukar bokmål, burde bestemt målform i Ålesund.

Foto: Marius Andre Stenberg / NRK

Mange av dei som alltid har brukt bokmål, meiner det som har skjedd er eit språkleg overgrep.

– Eg synest det er frykteleg framandt. Slik eg har forstått det er det absolutt flest bokmålsfolk, så det hadde vore mykje greiare om ein fekk bruke det språket ein ville, seier Jan Steffensen.

Portrett av Elisabeth Steffensen

Elisabeth Steffensen i Ålesund likar best å høyre nynorsken frå scena, og synest det er eit vakkert språk. Sjølv omtalar ho seg som svært dårleg i nynorsk.

Foto: Marius Andre Stenberg / NRK

Elisabeth Steffensen seier ho likar nynorsk som scenespråk, og at det er heilt greitt med nynorsk i Ålesund så lenge ho sjølv slepp å skrive.

– Eg er veldig dårleg i nynorsk, seier ho.

– Viktig å ta ansvar

Frå nyttår blir gamle Ålesund del av ein av landets største kommunar, Nye Ålesund, og det er årsaka til språkskiftet. Språkvedtaket var eitt av premissane for samanslåing med fire nynorskbrukande nabokommunar. Trass i at dei aller fleste i den nye kommunen skriv bokmål, meiner ordføraren at nynorsk bør brukast langt meir.

– Nynorsken er på vikande front. Det er viktig at den største kommunen på Vestlandet har ein politikk der vi synleggjer begge språka og tek ansvar, seier ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap).

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal frå Arbeidarpartiet meiner det er viktig at Nye Ålesund kommune tek ansvar for at nynorsken blir brukt meir.

Foto: Remi Sagen / NRK

Men ikkje alle syns det er ein god ide. Ein av dei som skriv på NRK Møre og Romsdal si Facebook-side syns arbeidet til «Nynorskens far» burde vore ugjort.

– Jeg tenker Ivar Aasen er noe av det verste som har hendt Norge! skriv han.

Andre meiner Aasen heller burde vore fødd på Grønland, eller helst ikkje i det heile tatt.

Tilsette kan gjere som dei vil

Eitt av poenga som verkeleg har sett sinna i kok, er påstanden om at tilsette i Nye Ålesund kommune no blir tvinga til å skrive nynorsk. Ordføraren avviser at det er korrekt.

– Det står i intensjonsavtalen at tilsette kan bruke bokmål innanfor kommunen, seier ho, og avviser at kommuneleiinga vil bruke tvang.

Hans Kjetil Knutsen frå partiet Tverrpolitisk Liste, er likevel ikkje fornøgd.

Hans Kjetil Knutsen

Bystyrepolitikar Hans Kjetil Knudsen frå Tverrpolitisk liste er lite begeistra for språkvedtaket i den nye kommunen. Han meiner det nører opp under konfliktar mellom bygd og by.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Dei som heiser nynorskflagget, gjer det mot folkeviljen. Det er ingen grunn til at eit vedtak i ein kommune skal la seg styre og dirigere av kommunane rundt, seier han.

Synest ikkje det er verdt å krangle om

Men det er ikkje alle som let seg hisse opp. Guro Velle er frå Ørsta der Ivar Aasen, «Nynorskens far», hadde sitt opphav. Ho meiner at det er flott med meir nynorsk i Ålesund.

– Eg synest det er så mykje anna å krige om i verda, vi treng ikkje å krige om dette, slår Marianne Opsahl fast.

Inger Johanne Sund og Guro Velle

Både Inger Johanne Sund (f.v.) og Guro Velle applauderer at nynorsken får større plass i Nye Ålesund kommune.

Foto: Marius Andre Jensen Stenberg

Frå nyttår må staten bruke nynorsk i skriv til kommunen og innbyggarar. I tillegg vil heimesidene til Nye Ålesund kommune, i lag med kunngjeringar og informasjonsmateriale, vere på nynorsk. Men internt kan dei tilsette bruke bokmål, og ingen skular som brukar bokmål må byte målform.

Les også: