Hopp til innhold

No er Ivar Aasen-samlinga komplett: Både bøker og underbukser er på nett

Ivar Aasen har ikkje berre etterlate seg eit språk, men også frekke notat, nattkjole, skosole – og ei underbukse. No er alt tilgjengeleg på nett, spørsmålet er berre kvifor?

Ivar Aasens einaste underbukse. Nokså skitten og sliten etter ferda Noreg rundt. Også eit bilete av ei notatbok med pressa blomar.

DIGITALISERT: No er 2500 bøker og skrifter frå Ivar Aasen sitt eige digitalisert. I tillegg til underbuksene hans, då.

Foto: RAGNAR ALBERTSEN / HENRY ALMEDAL / Nynorsk kultursentrum

Skriv «Ivar Aasen» i søkefeltet, og vips så dukkar det opp alskens pussige ting:

Ein fletta skosole, poncho, hestehandlarpung, lommekniv, eit bilete av ei britisk dronning og mange ulike hovudplagg.

Nynorskens far var tydeleg litt ein type.

Og no får han heile livet sitt bretta ut på internett.

Ivar Aasen fotografert ved Universitetet på 1890-tallet.

No er denne karen online. Her er Ivar Aasen snikfotografert på Karl Johan få år før han døydde.

Foto: Norsk Teknisk Museum / NRK

Nattkjole og underbukse

– No er vi på veg inn i det aller heilagaste, seier Stine Stennes Hovdenakk. Konservatoren i Ørsta opnar arkivskapa nede i kjellaren.

Da Ivar Aasen døydde i 1896 blei alt han eigde sendt tilbake til heimbygda, og har sidan vore fint pakka inn i mørke skap.

– Vi har om lag 7000 gjenstandar totalt, viss ein reknar med alt frå små steinar og blyantstubbar til store verk, seier Hovdenakk.

Alskens rariteter og snurrepiperier etter Ivar Aasen, tobakksboks og hestehandlarpung mm.

Tusenvis av Aasen-artefaktar er no søkbare. Nedst til høgre er underbuksa hans.

Faksimile: Digitalt museum

Blant dei finn ein nattkjolen hans og underbuksa som blei sendt frå Kristiania til Ørsta.

Når han var på si første reise skreiv han pakkeliste. Då skreiv han at han hadde med ei underbukse. Det er kanskje litt lite for å vere på reise gjennom heile landet utan tilgang på vaskemaskin. Men no har vi den i alle fall her.

Ivar Aasen har blitt digital

Siri Beate Gjerde og Stine Stennes Hovdenakk ved Nynorsk Kultursentrum viser fram frakken og nattskjorta til Ivar Aasen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kva trur du Aasen hadde synest om å bli digital?

På ein måte trur eg han hadde likt at arbeidet han har gjort kjem ut til folket. Men samtidig var han ikkje så veldig glad i å få merksemd rundt sin person. Han heldt ingen offentlege taler.

Ivar Aasen digital

Desse strikka underbuksene i ull har sett betre dagar. Og dei er stoppa i alle fall ein gong, av det vi kan sjå.

Ivar Aasen digital

Slike skjortestykke hadde Aasen fleire av enn han hadde underbukser. I alle fall av dei eigedelane som var att etter hans død.

Ivar Aasen digital

Ein av Aasen sine mange almanakkar. Desse inneheldt blant anna kladdar til dagbøkene.

Ivar Aasen digital

Tøflane ser ut til å vere godt brukte. Aasen nemner kjøp av tøflar i dagbøkene sine to gongar.

Ivar Aasen digital

Blant mange brev med gebursdagshelsingar finn vi dette frå Henrik Ibsen i 1893.

Ivar Aasen digital

Mellom 1837 og 1839 samla Ivar Aasen planter og sette dei saman til eit herbarium. Han gav også ut ei bok med norske plantenamn.

Frekk fyr

No er også 150 år gamle notat og slitne bøker bladde forsiktig gjennom. Kvar ei side er fotografert, slik at du skal få lese alle dei små lappane Ivar Aasen lèt etter seg.

Arbeidet med digitaliseringa har også avdekt meir personlege merknader i både bøker og dagbøker.

– Han var litt frekk også. I bøkene sine hadde han fritt spelerom og fekk pusle med sitt. Der skriv han litt frekke kommentarar til blant andre Knud Knudsen, som var motstandaren hans i språkkampen, seier Hovdenakk.

– Han skreiv i dagboka, «Knud Knudsen er som vanleg ein gauk», tilføyer bibliotekar Siri Beate Gjerde.

Ivar Aasen har blitt digital

Ivar Aasen ser også ut til å ha vore interessert i planter og blomster. I fleire av bøkene hans har han pressa blomster, og han hadde eit eige herbarium.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

1.60 meter høg

Men kva skal vi med slitne skosolar og skitne underbukser på nettet?

Konservator Hovdenakk meiner at alt skal med, og at tinga saman fortel ei historie om språkskaperen som person. Til dømes nattkjolen:

Han var ein ganske låg fyr, han var 1.60 meter høg. Dette er det han brukte når han skulle sove. Her ser vi at det er bøta, så han var ein nøysam kar som tok vare på tinga sine.

De er ikkje redd for å få færre besøkande når ein kan finne alt på nett?

Nei, det du kan sjå på nett er berre som ein smakebit. Å sjå dette på digitalt museum er første steg, og så tenker vi at det vil lokke fleire til å kome hit og sjå det i levande live, seier direktør ved Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.

Ivar Aasen digital

Blant eigedelane til Aasen er massevis av teater, tivoli og konsertprogram. Samt denne teaterkikerten i lêr med gylne roser.

Foto: Ragnar H. Albertsen / Nynorsk Kultursentrum

Leiar for Noregs Mållag, Peder Lofsnes Hauge, er veldig fornøgd med jobben som er gjort.

– Eg vil takke Nynorsk Kultursentrum. Dette er ein viktig del av kulturarven vår, og vi får no moglegheita til å sjå og lære meir om personen Ivar Aasen, kva han jobba med og korleis han tenkte.

Han meiner dette kan bidra til at fleire lærer meir om livet til Aasen og opphavet til skriftspråket vårt.

– Eg gler meg til å sjå meir av dette og bla i arkivet.

Ivar Aasen har blitt digital

Her ein invitasjon som viser at Aasen var enda i det gode selskap. Til det «Kongelige Slot» den 6. juli 1874. «Klædedrakt for Herrer» er vanskeleg å lese, men det står ingenting om underbukser.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL