Hopp til innhold

Trekker seg frå styret i Ålesund Storhall

To av styremedlemene i Ålesund Storhall trekker seg frå styret i protest mot vedtaket om å gjere hallen til eit mellombels akuttmottak for flyktningar.

Bjarne Haagensen

Styremedlem Bjarne Haagensen trekker seg frå styret i Ålesund storhall.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det skriv Sunnmørsposten.

I eit skriftleg brev til styret i Ålesund Storhall AS gir Bjarne Haagensen beskjed om at han trekker seg frå styret i selskapet med umiddelbar verknad. Årsaka skal vere styrets vedtak om å gå i dialog med Ålesund kommune om å gjere om Sparebanken Møre Arena frå idrettshall til akuttmottak for flyktningar fram til august neste år.

Haagensen bekreftar ovanfor NRK.no at han har valt å trekke seg frå styret, men ønskjer ikkje å kommentera saka vidare.

Etter det NRK erfarer skal også Peder Ryste ha trekt seg som styrerepresentant.

Meinte vedtaket var ulovleg

I to kveldar på rad diskuterte styret i Ålesund Storhall om hallen kunne brukast som akuttmottak for 500 asylsøkjarar etter førespurnad frå Ålesund kommune. Førre torsdag vedtok styret å leige ut hallen til eit eventuelt akuttmottak for asylsøkjarar.

Torsdag verka styret samla då styreleiaren informerte om vedtaket. Men NRK kjenner til at diskusjonane i styret var svært tøffe.

Ifølge NRKs kjelder stemte tre for akuttmottak, og tre stemte imot. To av dei som stemte imot, deltok ikkje fysisk på møtet og derfor vart ikkje stemmene talt med.

Ein av dei var Bjarne Haagensen. Han meinte at vedtaket var ulovleg, og at idrettshallen ikkje skal brukast som asylmottak.

– Eg meiner det blir for mykje å plassere så mange asylsøkarar på ein plass midt i ein by. Eg meiner det burde vore delt opp i fleire mindre einingar, seier han.

No har han altså trekt seg frå styret.

Vil ikkje kommentere saka

Jon Ketil Gjørtz

Styreleiar i Ålesund Storhall Jon Ketil Gjørtz vil ikkje kommentere saka måndag kveld.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Styreleiar i Ålesund Storhall Jon Ketil Gjørtz vil ikkje kommentere saka måndag kveld, men seier til NRK at styret har blitt informert om kvifor dei to trekkjer seg frå styret.

– Vi som sitter i styret er godt informert om meiningane og synspunkta til desse medlemene, seier han.

Gjørtz vil no sjå nærare på saka før han kommentaren den ytterlegare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL