Normal

Aktor krev fengsel i 14 år

Aktor i drapssaka på Hotell Alexandra i Molde krev at mannen må dømast for forsettleg drap og til fengsel i 14 år. Forsvararen meiner det er tvil om at tiltalte var klar over at handlingane hans førte til at Kirsti Slinning døde.

Magne Nyborg

Magne Nyborg er aktor i saka mot mannen som er tiltalt for å ha drepe Kirsti Slinning. Han meiner gjerningsmannen må dømast til fengsel i 14 år.

Foto: Terje Reite / NRK

Aktor meiner det ikkje fins formildande omstende i samband med drapet. Han beskreiv gjerningsmannen som sjalu og kontrollerande, og sa at han greip til vald når han ikkje fekk det som han ville.

– Aggresjonen bygde seg opp

Aktor avviste også at dette var snakk om ei impulshandling. Tiltalte var mykje åleine den dagen, medan han venta på at kjærasten skulle bli ferdig med fagforeiningskonferansen. Ved fleire høve prøvde han å kontakte henne for at ho skulle kome til rommet der han venta.

Paal Berg Helland
Foto: Terje Reite / NRK

– Det bygde seg opp ein irritasjon og aggressivitet hos tiltalte då han følte seg avvist av Kirsti Slinning. Raseriet bygde seg opp heilt frå han i 21-tida såg bilete av Kirsti Slinning der ho sat på fanget til andre, sa aktor Magne Nyborg under prosedyren.

Venta at dei skulle halde saman

Tiltalte forklarte i retten måndag at han forventa at eit kjærastepar skulle halde saman også når dei var ute blant andre. Han hadde ved fleire høve reagert på måten kjærasten var sosial på.

– Han var irritert. Og så han gjekk ned til barområdet var Kirsti Slinning ikkje direkte imøtekomande. Han ropte etter henne, men ho høyrde han ikkje. Då han sette seg ved Kirsti Slinning reiste ho seg og gjekk.

Vitne har forklart at han då sende eit hånleg blikk etter henne og knytte neven, sa aktor under prosedyren.

Svært grov vald

Aktor beskreiv handlingane på verandaen på rom 411 på Hotell Alexandra som svært grove. Han viste også til at tiltalte ikkje hadde vedgått dei faktiske handlingane før han blei konfrontert med etterforskingsmaterialet.

– Han har også bagatellisert veremåten sin kvelden i forkant av drapet. Han har sagt at stemninga var god. Vitha har forklart noko heilt anna, sa aktor.

Hugsa ikkje

Den tiltalte har forklart at han ikkje hugsar det som skjedde. Aktor meinte like vel at alle vilkåra for å kunne dømast for forsettleg drap er oppfylte. Rettspsykiateren sa i går at mannen har hatt alle sansane intakt under drapshandlinga.

Promillen var ikkje skremmande høg. I mobilsvarmeldinga han ringte inn til Slinning var det ikkje noko snøvling, sa aktor.

Aktor konkluderte med at det var samanheng mellom handlingane og dødsfallet. Han viste også til ei rekkje tidlegare domar, der rus og nedsett medvit ikkje har redusert straffeansvaret.

Svært mange drap skjer i affekt, sa aktor.

Rettssalen

Tingrettsdomar Eli Brusdal administrerer rettssaka. Ho og meddomarane vil bruke ei veke på å gjere domen ferdig. Etter planen er domen offentleg fredag 22. juni klokka 12.00.

Foto: Omar Sejnæs/NRK

– Det er framleis tvil

Forsvarar Paal Berg Helland la vekt på tvilen i sin prosedyre. Dersom mannen skal dømast, må det ligge føre prov som fjernar tvilen, sa han i sin prosedyre.

Aktor har ikkje redusert tvilen om dette er gjort med kunnskap og vilje, sa forsvarar Paal Berg Helland.

Forsvararen sa at det ikkje kan vere snakk om eit forsettleg drap. Han meiner det heller er snakk om lekamsskading med døden til følgje. Vanleg strafferamme for dette vil, ifølgje forsvararen, vere fengsel i 5–6 år.

Grepet om halsen kan ha vore nede i 20 sekund. Eit slikt halsgrep er ikkje nødvendigvis dødeleg, og tiltalte kunne dermed ikkje gå ut frå at ho kom til å døy av dette grepet. Dermed er det tvil om dette kan ha vore gjort med forsett, sa forsvararen.

– Grepet om halsen kan ha vore meint for å passivisere den andre parten, og treng ikkje vere meint som ei drapshandling, sa han.

Fredag formiddag la bistandsadvokaten fram eit erstatningskrav på 200.000 kroner til kvar av dei to barna til Kirsti Slinning. I tillegg kjem betaling av gravferdskostnader på 74.400 kroner.

Tiltalte samtykker i erstatning. Men nivået på erstatning til vaksne ligg på 100.000,- kroner. Barna til Kirsti Slinning er ikkje mindreårige men vaksne, sa forsvararen.

Bistandsadvokat Anne Nerland Hovde tok til motmæle mot dette, og viste til Høgsterett som har sett erstatningsnivået til 200.000.

Det er venta dom i saka fredag den 22. juni klokka 12.00.