Hopp til innhold

Legane bad om hjelp til å stoppe Helseplattforma

Ein flokk legar frå Midt-Noreg bad tysdag politikarane på Stortinget om hjelp til å stoppe Helseplattforma. Legane hevdar at Helseplattforma går ut over pasienttryggleiken.

Tillitsvalde for legane i Møre og Romsdal møter Mørebenken

Dei tillitsvalde for legane i Møre og Romsdal er så fortvilte over Helseplattforma at dei valde å informere stortingspolitikarane frå Møre og Romsdal om tilhøva.

Foto: Haakon Laastad / NRK

– Eg trur politikarane forstod realitetane, uroa og kva følgjer ei innføring av Helseplattforma vil ha, seier Georg Johnsen, hovudtillitsvald for overlegane ved Molde sjukehus.

Georg Johnsen - hovudtillitsvald for overlegane ved Molde sjukehus

Georg Johnsen er hovudtillitsvald for overlegane ved Molde sjukehus.

Foto: Haakon Laastad / NRK

Under møtet fortalte legane om pasientmeldingar som forsvinn, tungvinte og uoversiktlege løysingar i systemet og ein kvardag som blir opplevd som utrygg for pasientane.

Legane hevda også at dei må skrive kritisk pasientinformasjon på papirlappar fordi dei ikkje føler seg trygge på at informasjonen kjem fram til rett vedkomande.

Les også Gir Helseplattformen skylda for at folk fikk unødvendig stråling

St. Olavs Hospital i Trondheim ved vinterstid.

System med store feil og manglar

Journalsystemet Helseplattforma er innført på St. Olavs hospital i Trondheim og skal etter planen innførast i Helse Møre og Romsdal i slutten av april.

Men bruken av systemet på St. Olavs hospital har avslørt store feil og manglar ved systemet. Viktige dokument med kritisk helseinformasjon om enkeltpasientar har forsvunne i systemet. Og pasientar har fått strålebehandling som dei kanskje ikkje har hatt behov for, på grunn av svikt i informasjonsflyten i systemet.

Direktøren ved St. Olavs hospital, Grethe Aasved, har sagt at Helseplattforma er ein trussel mot pasienttryggleiken.

Helse Møre og Romsdal ville utsetje innføringa av systemet. Men det regionale styret i Helse Midt-Noreg overstyrte det lokale føretaket, og krev at systemet blir innført i slutten av april.

Les også Vurderte å gå: – I verste fall kunne vi stått utan styre

Helsestyremøte november 2023 Ingve Theodorsen

I desse dagar er Helse Møre og Romsdal i full gang med opplæring av medarbeidarane sine. Parallelt med dette arbeider helseføretaket med å vurdere om feilrettingane er gode nok til at systemet er trygt å bruke.

– Sterke inntrykk

Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen - Arbeidarpartiet

Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) er uroa over det han fekk høyre om Helseplattforma.

Foto: Haakon Laastad / NRK

På møtet på Stortinget hevda legane at Helseplattforma set pasienttryggleiken i fare. Dei viste mellom anna til at kritiske pasientopplysningar har forsvunne i systemet.

– Pasienttryggleik er noko av det viktigaste vi har ved sjukehusa. Så det gjer sterkt inntrykk når vi får slike tilbakemeldingar som vi har fått her i dag. Dette må vi ta på høgste alvor, seier stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap).

Kjølmoen seier han vil ta kontakt med Helsedepartementet på bakgrunn av opplysningane som kom fram på møtet.

Les også – Helse Møre og Romsdal må utsetje Helseplattforma

Maud-Kristine Aga Ljoså står og pratar saman med nokon. Ho har eit alvorleg uttrykk i andletet.

Les også – Mogleg å skrote Helseplattforma på visse vilkår

Fakkeltog mot Helseplattformen

– Risiko for liv og helse

Ei av dei som møtte legane frå Møre og Romsdal og Trøndelag var Frp-leiar Sylvi Listhaug. Ho har allereie teke til orde for at helsevesenet må stoppe Helseplattforma.

Sylvi Listhaug stortingsrepresentant
Foto: Haakon Laastad / NRK

– Framstegspartiet har i lang tid forsøkt å få helseminister Ingvild Kjerkol til å ta grep når ikkje Helse Midt-Noreg gjer det. Det er pasientane sitt liv og helse som blir utsett for risiko, seier Listhaug.

Under møtet fortale legane om pasientmeldingar som forsvinn, tungvinte og uoversiktlege løysingar i systemet og ein kvardag som blir opplevd som utrygg for pasientane.

– Må vurdere å skrote Helseplattforma

Framstegspartiet har allereie gått inn for å utsetje Helseplattforma i Møre og Romsdal. Sylvi Listhaug har lite tru på at det er enkel sak å rette feila i systemet. Ho er redd for at det blir dyrt.

– Det er brukt milliardar, og vi er redd for at det vil koste mykje, mykje meir utan at vi får eit system som fungerer, seier Listhaug.

Les også Fryktar ny IT-satsing gjer dei til ei «digital sinke»

Elin Wikmark Darell

– Helseministeren må gripe inn

Dei tillitsvalde valde tysdag å informere politikarane på Stortinget, i håp om at det finst politiske kanalar inn dit dei viktigaste avgjerdene blir tekne. Helseplattforma er etablert på bakgrunn av ei stortingsmelding dåverande helseminister Jonas Gahr Støre la fram, og seinare på oppdrag av dåverande helseminister Bent Høie.

– Helseministeren kan instruere Helse Midt-Noreg. Så helseminister Ingvild Kjerkol må nok på banen på eitt eller anna vis, seier Georg Johnsen.