Hopp til innhold

Vurderte å gå: – I verste fall kunne vi stått utan styre

Styreleiar Ingve Theodorsen i Helse Møre og Romsdal meiner det ikkje er nokon tvil om at styret i Helse Midt har vist mistillit til det lokale styret ved innføringa av Helseplattforma.

Helsestyremøte november 2023 Ingve Theodorsen

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Ingve Theodorsen, seier på styremøte onsdag at han har vurdert å trekke seg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Theodorsen har difor nøye vurdert om han skal trekke seg.

– Eg har vurdert om eg skal kaste korta, men har kome fram til at eg blir. Om ikkje kunne vi i verste fall stått utan styre i ei krevjande tid, sa han på onsdagens styremøte i Helse Møre og Romsdal.

Dei andre styremedlemmene støttar leiaren, og seier dei er glade for at han står ved roret vidare, trass i mistilliten frå eigaren.

Olav Lødemel, administrerande direktør Helse Møre og Romsdal.

Olav Lødemel på det ekstraordinære styremøtet 7. desember der dei vedtok å utsette innføringa av Helseplattforma i Møre og Romsdal, på styremøtet til eigaren Helse Midt, 13. desember blei det lokale styret overprøvd.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Nytt vedtak

Helse Møre og Romsdal vil no prøve alt dei kan å klare å innføre Helseplattforma 27. april. Men dei understrekar at dei har ansvaret for sikkerheita til pasientane, og dermed også ansvaret for å seie stopp om dei meiner innføring er uforsvarleg.

Dermed opnar styret for trykke på stoppknappen heilt fram til styremøtet 17. april, om det viser seg at feil og manglar ved journalsystemet då ikkje er retta opp.

Torgeir Sand Aas, tilsettrepresentant Helse Møre og Romsdal.

Torgeir Sand Aas.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tilsetterepresentant i styret, Torgeir Strand Aas og styremedlem Bjarne Storset, meiner ti dagar er for kort tid, og stemte imot at det skal vere mogleg å snu så seint. Aas sette fram forslag om at 6. mars må vere siste frist, men dette blei nedstemt mot dei to stemmene.

Opplæringa startar i januar, og styreleiar Ingve Theodorsen håper alle tilsette no gjer alt dei kan for at dette skal fungere.

– Men eg forstår at det ikkje er enkelt å gå heilhjarta inn i dette arbeidet slik situasjonen er, seier han.

Opprør

Det er opprør blant tilsette i Helse Midt-Noreg på grunn av Helseplattforma. I eit opprop frå tilsette i Helse Møre og Romsdal, Helse Nord-Trøndelag og St. Olavs hospital krev dei at statsråden ordnar opp.

– Vi ber om at helseministeren grip inn og stansar vidare rasering av helsetenesta i Midt-Noreg, skriv dei i oppropet som har overskrifta «Tilliten til leiinga i Helse Midt-Norge og Helseplattforma AS er borte».

Ingvild Kjerkol (Ap) helseminister

I oppropet ber dei tilsette helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) gripe inn. Ho har tidlegare sagt at det er opp til styret i Helse Midt å avgjere saka, og at ho forventar at pasientsikkerheita blir vareteken.

Foto: REBEKKA ELLINGSEN

Årsaka til opprøret er at dei meiner det nye journalsystemet i Helseregionen gjer arbeidskvardagen tøffare og at sikkerheita for pasientane er trua.

Seinast tysdag kom det melding om alvorlege hendingar knytt til strålebruk ved St. Olavs hospital. Sjukehuset sjølv knyter hendingane til Helseplattforma.

Les også Aftenposten: – Alvorlige forhold knyttet til strålebruk ved St. Olavs hospital, ifølge rapport

St. Olavs Hospital i Trondheim ved vinterstid.