Hopp til innhold

– Helse Møre og Romsdal må utsetje Helseplattforma

Måndag blir det kjent om administrasjonen i Helse Møre og Romsdal ønskjer å utsetje innføringa av Helseplattforma. Hovudtillitsvald Maud-Kristine Aga Ljoså bed innstendig om at innføringa blir utsett.

Maud-Kristine Aga Ljoså står og pratar saman med nokon. Ho har eit alvorleg uttrykk i andletet.

Maud-Kristine Aga Ljoså er tillitsvald for overlegane ved Ålesund sjukehus.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Feil og manglar ved Helseplattforma har allereie ført til éi utsetjing i Helse Møre og Romsdal.

Tidlegare denne veka blei det kjent at meldingar om pasientar har forsvunne i systemet. Dette gjeld 44 pasientar som skulle ha behandling i Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og hos den private radiologi-spesialisten Evidia.

Grete Aasved under Arendalsuka

Grete Aadved er direktør ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Dette er alvorleg, særleg for fem pasientar som ikkje har fått time innan fristen. Vi fryktar alvorlege følgjer. Feilen har eksistert heilt sidan vi tok i bruk Helseplattforma for over eitt år sidan, seier direktør Grete Aasved ved St. Olavs hospital.

Mange er spent på kva administrande direktør og resten av leiinga meiner om innføringa av Helseplattforma. Det blir kjent når papira til styremøtet blir langt fram måndag ettermiddag.

Torsdag 7. desember er det styremøte i helseføretaket og då blir det avgjort om Helse Møre og Romsdal skal utsetje innføringa av det omstridde journalsystemet eller ikkje.

– Kan ikkje stole på Helseplattforma

Overlege Maud-Kristine Aga Ljoså er ikkje i tvil om at Helseplattforma er for uferdig til å bli innført i Møre og Romsdal.

– Situasjonen er veldig alvorleg. Vi har fått lovnad om at ting skal vere retta opp. Men det er det tydelegvis ikkje, seier Ljoså.

St. Olavs hospital tok i bruk Helseplattforma 12. november i fjor. Etter over eit år er det framleis feil og manglar.

Ljoså fortel om kirurgar på St. Olavs hospital som må bruke telefonen for å forsikre seg om at beskjedar om kreftpasientar ved andre sjukehus får den oppfølginga dei skal.

– Dei kan ikkje stole på at meldingane kjem fram. Vi høyrer også om MR-bilete som er svara på utan at den ansvarlege legen har fått beskjed. Det er heilt fortvilande, seier Ljoså til NRK.

St. Olavs Hospital i Trondheim

St. Olavs hospital tok i bruk Helseplattforma i november i fjor. Vanskane med systemet er store framleis. Dette kan bli avgjerande for det vedtaket styret i Helse Møre og Romsdal skal gjere den 7. desember.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Les også – Mogleg å skrote Helseplattforma på visse vilkår

Fakkeltog mot Helseplattformen

Les også – Det er total skandale det som skjer

Frp-politiker Bård Hoksrud

Éin pasient – éin journal

Helseplattforma skulle vere svar på den dåverande regjeringa sin visjon om at kvar pasient skulle ha éin digital journal å forhalde seg til, anten ein var på sjukehus, hos fastlege eller i kommunal helseomsorg.

Helseregion Midt-Noreg melde seg som forsøksområde og etablerte Helseplattforma, med Helse Midt-Noreg og aktuelle kommunar som eigarar. Etter ein anbodsrunde sto amerikanske Epic systems att som einaste tilbydar.

Dette har resultert i at det er inngått tre hovudkontraktar med Epic med ei rekkje tillegg som både viser korleis Helseplattforma skal vere, korleis systemet skal haldast ved like, korleis tilsette skal få opplæringa og korleis forholdet mellom dei norske eigarane og Epic skal vere.

Pasienttryggleik, god tilpassing til norsk helsevesen, personvern, riktig innsyn, korrekt flyt av informasjon, kvalitet, beste praksis og brukarvennlegheit, er avsnitt som ligg høgt i kontraktane som er inngått med Epic.

Les også Strid om feilretting i Helseplattforma: – Opplysningane stemmer ikkje

Torgeir Sand Aas

Les også Kreftforeningen: Frykter du kreft, ikke vent på svar fra St. Olav

St. Olav

Omfattande kritikk

Sagt med andre ord: Det Helseplattforma skulle løyse og forbetre er langt på veg det same som Helseplattforma er kritisert for å vere for dårleg på.

I april i år slo Helsetilsynet fast at Helseplattforma var ein pågåande trussel mot pasienttryggleiken.

Eit par månader seinare uttalte Helsetilsynet at prosessen rundt Helseplattforma innebar auka risiko for pasientane.

I november var det demonstrasjonar mot Helseplattforma i heile Midt-Noreg.

På same tid slo Riksrevisjonen fast at Helseplattforma var blant dei dårlegaste IT-systema ved norske sjukehus.

Også Helse Midt-Noreg har sjølv fått laga ein rapport som inneheld sterk kritikk av systemet.

Maud-Kristine Aga Ljoså ser inn i kameraet. Ho ser nøgd ut.

Maud-Kristine Aga Ljoså seier det er heilt klart at styret i Helse Møre og Romsdal må seie nei til å innføre Helseplattforma i april.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Styret må seie nei

Fram til no har planen vore å innføre Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal i slutten av april 2024.

Men på styremøtet i Helse Møre og Romsdal den 7. desember kan resultatet bli at Helseplattforma blir utsett, truleg til ut i 2026.

Innstillinga frå administrasjonen er venta om lag klokka 15.00 måndag.

– Det er heilt openbert at innføringa av Helseplattforma må utsetjast, seier Maud-Kristine Aga Ljoså.

Men då vert det ei langvarig utsetjing ...

– Ja. Og vi får håpe dei klarar å rette opp feila og at dette kan bli eit brukarvenleg system. Det er bra det, om utsetjinga blir lang, seier overlegen som også er tillitsvald ved sjukehuset i Ålesund.