Hopp til innhold

Fryktar ny IT-satsing gjer dei til ei «digital sinke»

Fleire av kommunane i Midt-Noreg er avventande med å knyte seg opp til den nye, felles journalløysinga, Helseplattforma. Dei meiner det er for dyrt og vurderer alternative løysingar.

Elin Wikmark Darell

KRITISK TIL HELSEPLATTFORMA: Elin Wikmark Darell er IT-sjef i Værnesregionen. Ho meiner at teknologien er forelda.

Foto: Knut Bløtekjær / NRK

Helsevesenet i Midt-Noreg har teke mål av seg til å bli føregangsregion i digitaliseringa av tenestene for både pasientar og helsearbeidarar. Kritikarar fryktar no at den midtnorske helseregionen i staden kan bli ein digital sinke.

– Eg trur ikkje at løysingane frå førre tiår er svaret på utfordringane i dag. Eg fryktar at helsevesenet i Midt-Noreg kan ende opp som ein digital sinke, seier IT-sjef i Værnesregionen, Elin Darell til NRK.

Blant nokre kommunar er det også uro for om systemet er i ferd med å bli gamalt før det blir teke i bruk. I Værnes-regionen går tre kommunar ut i marknaden for å sjå etter alternativ.

– Vi er i dialog med 12 tilbydarar, som vi skal ha ein-til-ein-samtalar med. Målet er å bestemme oss i 2023 og ha løysinga på plass i 2025, seier kommunedirektør Tor Jakob Reitan i Stjørdal.

Stjørdal er, etter Trondheim, den nest største kommunen i Trøndelag med 25.000 innbyggjarar. Kommunen er også vertskommune for Helse Midt-Noreg, som først hadde idéen om Helseplattforma.

Tor Jakob Reitan

VURDERER ALTERNATIV: Tor Jakob Reitan er kommunedirektør i Stjørdal, dei ser på alternative løysingar til journalføring.

Foto: Knut Bløtekjær / NRK

Forenkling

Helseplattforma er Midt-Noreg sin plan om å avbyråkratisere kontakten mellom innbyggjarane og helsevesenet. Med eit minimum av tastetrykk skal det vere mogleg å nå heimehjelp, fastlege, kommunehelsetenesta og dei fremste spesialistane på sjukehusa.

NRK forklarer

Kva er Helseplattforma?

Kva er Helseplattforma?

Kva er Helseplattforma?

Det er eit digitalt system for journalføring som etter planen skal bli tatt i bruk i Helse Midt.

Alle sjukehusa i regionen skal bruke systemet og alle kommunar er invitert inn. Målet er at det skal bli lettare å samarbeide om helsa di.

Ein journal er der legen skriv ned informasjon om deg som pasient. Der kan du lese kva medisinar du går på, eller når du var hos legen sist.

Kva er Helseplattforma?

Kvifor treng vi Helseplattforma?

I dag så har fastlegen din og sjukehuset kvar sine journalar for deg. Det kan skape problem om du hamnar på sjukehus, då vil ikkje legen der kunne sjå informasjon som fastlegen din har skrive.

Helseplattforma er eit felles system for alle som fører journal. Det vil seie at uansett kvar du hamnar i Midt-Noreg, så skal dei som behandlar deg få tilgang på same informasjon.

Kva er Helseplattforma?

Kvifor gjeld Helseplattforma berre for Midt-Noreg?

Helse Midt fekk i oppdrag å teste ut regjeringa sitt mål, nemleg «éin innbyggjar, éin journal».

Denne gongen hadde både kommunane og sjukehusa i Midt-Noreg behov for eit nytt journalsystem. Dermed gjekk dei saman for å få til eit system som fungerer for alle partar og som følgjer pasienten.

Arbeidet med nytt journalsystem for Helse Midt starta i 2012.

Kva er Helseplattforma?

Kva gjer resten av Noreg?

I samarbeid med KS så vil resten av kommunane i Noreg ta i bruk «Felles kommunal journal (FKJ)». Til forskjell frå Helseplattforma som brukar ein leverandør, vil FKJ bestå av fleire leverandørar som snakkar saman.

I Helse Nord, Helse Vest og Helse Sør-Øst vil dei utvikle allereie eit eksisterande system som dei har.

Rekninga blir på over 3 milliardar. Staten og Helseregionen finansierer mykje. Og kommunane betalar etter talet på innbyggjarar. Og det er ikkje gratis for fastlegane å bruke systemet heller.

Den noverande planen er at St. Olavs hospital og Trondheim kommune skal ta i bruk Helseplattforma i vår. Eit halvår seinare kjem sjukehusa i Levanger og Namsos og ein pulje kommunar i Trøndelag. Våren 2023 er det planlagt inn ein ny, stor pulje, då også Helse Møre og Romsdal.

Dronebilde av Stjørdal sentrum. Tatt på våren/sommeren

STJØRDAL: Denne kommunen går i bresjen for å finne alternativ til Helseplattforma. Kommunen er også vertskommune for Helse Midt-Noreg som tok initiativet til Helseplattforma.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Hareid har sagt nei

Av dei 66 kommunane i Midt-Noreg er det 38 som har sagt ja til å gå inn i forprosjekt. Ytterlegare 16 skal behandle det politisk i løpet av våren 2022, fortel Sigrun Berge Engen i Helseplattforma.

Sunnmørskommunen Hareid har sagt tvert nei om ikkje staten bidreg med meir pengar.

– Dette er eit stort prosjekt som kostar mange milliardar. Dette har ikkje kommunane økonomi til å bere, seier ordførar Bernt Brandal.

Ifølgje utrekningar som kommunen har gjort ville Hareid få oppstartskostnader på 4 millionar kroner og investeringane ville koste 11 millionar. Deretter vil dei årlege kostnadene ligge på om lag ein og ein halv million kroner.

– Dette er ei nasjonal oppgåve. Dermed er det Staten som bør inn og finansiere dette, seier Brandal.

20 kommunedirektørar og regionale innføringsleiarar i Trøndelag, deriblant Stjørdal bed no om at innføringa av Helseplattforma blir meir fleksibel. Dei vil ha ein plan som sikrar at fastlegane tek i bruk systemet før eller samtidig med kommunane.

– Systemet må vere bra frå dag ein. Og då må fastlegane vere med frå første stund, seier kommunedirektør i Namsos, Josten Grimstad til NRK.

BERNT BRANDAL, ordførar Hareid

SEIER NEI: Bernt Brandal er ordførar i Hareid kommune, han seier nei til Helseplattforma om ikkje staten bidreg med meir pengar.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Enorm synergi

Om nokre kommunar er skeptiske er andre på full veg inn i Helseplattforma.

– Dette vil gje ein enorm synergi å ha alle helsetenestene integrert så tett saman. Her blir det helsestasjon, fastlegar, sjukehus og så vidare. Å kunne gje pasientane eit slikt tilbod med oppdatert informasjon om helsetilstanden, det set oss i ein heilt ny posisjon, seier rådmann i Kristiansund, Arne Ingebrigtsen.

– Kva om ikkje alle kommunane blir med?

– Dei må velje løysingar som få nyttar. Så må dei knytte seg opp mot dei nasjonale komponentane med dei kostnadene dette har. Og dei må få dette til å henge saman slik at innbyggjarane får same kvalitet på helsetenestene.

Kommunedirektør Arne Ingebrigtsen i Kristiansund

POSITIV: Arne Ingebrigtsen er rådmann i Kristiansund og leiar i gruppa for kommunane i Helseplattforma. Han har trua på Helseplattforma.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Billigast mogleg

Viseadministrerande direktør i Helseplattforma, Christer Mjåset, seier at det er forhandla fram best moglege prisvilkår for å få kommunane med i Helseplattforma.

– Selskapet har ikkje som mål å gå med overskot, men drifte og vidareutvikle løysinga på vegner av fellesskapet, seier han til NRK.

Mjåset seier at Helseplattforma vil gje helsetenestene eit stort løft og avviser at dei tekniske løysingane er forelda.

– Pasientopplevinga vil bli langt betre ved at vi samlar alle data på ein stad og i ei løysing. Løysinga blir oppgradert fleire gonger i året, og vil gje oss funksjonalitet som vi ikkje har i helsesektoren i Noreg i dag, seier Mjåset.

Helseplattforma har sett i verk eit omfattande opplærings- og innføringsprosjekt. Det er utarbeidd e-læringsmateriell og det går føre seg omfattande kurs- og møteverksemd.

– Ressursbehovet skal ikkje kome som noka overrasking på dei som har vore med i innføringsløpet. Kommunane har fått gode kostnadsestimat. Dei endelege tala er klare når tenesteavtalen blir klar. I framtida vil kommunane som går inn på eigarsida ha høve til å setje rammene for Helseplattforma. Det er mogleg å både trekke seg og gå inn både før og etter innføring. Vilkåra blir styrt av tenesteavtalen som snart er klar, seier Mjåset.

Christer Mjåset

HELSEPLATTFORMA: Christer Mjåset er viseadministrerande direktør i Helseplattforma.

Foto: Audun Braastad / NTB

Ingen nye statlege lovnader

Medan fleire kommunar klagar over at Helseplattforma blir for dyr, kjem Helsedepartementet ikkje med nokon lovnader som kan gjere investeringa lettare for kommunane. Tvert om kjem det ei påpeiking på at kommunane har plikt til å ha gode journalløysingar.

– Det ligg ikkje føre noko nytt som fører til at vi tenkjer annleis rundt finansieringa. Samtidig er deltaking frivillig. Men kommunane har ei plikt til å ha forsvarlege journalløysingar, seier statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen.

Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap).

HAR PLIKT: Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap) er statssekretær i Helsedepartementet, ho peiker på at kommunane har plikt til å ha gode løysingar for journalføring.

Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

– Det finst ein makspris

Kommunedirektøren i Stjørdal, Tor Jakob Reitan, seier det i stor grad handlar om å måle nytten opp mot kostnadene. Han meiner det er mange ubesvarte spørsmål.

– Vi spør blant anna om kostnader, risiko og gevinstberekningar som er svært uklare. For oss i kommunane finst det alltid ei prisgrense for eit innkjøp uansett kor klokt og smart anskaffinga måtte vere. Vi skal ikkje bomme mykje på kalkylane før dette går ut over for eksempel bemanninga, 12.5 mill. i 10 år betyr om lag 13-15 årsverk hos oss. Vi vil nødig veksle inn sykepleiarar for å finansiere eit datasystem.

Hareid har sagt tvert nei om ikkje staten bidreg med meir pengar. til Helseplattforma. Dei raude kommunane har ikkje behandla det. Dei blå har sagt ja til å gå inn i forprosjekt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL