Hopp til innhold
Rettssak i Molde
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tidlegare lege tiltalt

Oppsummert

Ein tidlegare lege i Romsdal er tiltalt for å ha forgripe seg seksuelt mot ein pasient. Han har tidlegare mist autorisasjonen. No er det reist straffesak mot han.

  • Ber om frifinning

    Forsvarar Alexander Schimmelpfennig Nygaard ber om at den tidlegare legen blir frifunnen.
    Han meiner den tidlegare legen har gitt ei truverdig forklaring på kva som skjedde, og at det er betydeleg grunn til å stille spørsmålteikn ved kor påliteleg ho er. Nygaard seier den tidlegare legen er elska av kollega, pasientar og venner.

  • Bistandsadvokaten ber om 80 000 kroner

    Bistandsadvokat Astrid Bolstad ber om at den tidlegare legen må betale 80 000 kroner i erstatning til den unge pasienten.
    Bolstad seier pasienten kom til legen for å få smertestillande etter eit fall, og karakteriserer det som skjedde på legekontoret som eit grovt tillitsbrot.

  • Ber om 45 dagar i fengsel på vilkår for tidlegare lege

    Aktor, Anders Skorpen-Trøen, ber om at ein tidlegare lege i Møre og Romsdal blir dømt til fengsel i 45 dagar på vilkår. Skorpen-Trøen meiner det er bevist at ein ung kvinneleg pasient blei utsett for massasje av bryst og brystvorter hos legen.
    Han viser mellom anna til at pasienten har forklart seg konsekvent om dette. Han hevdar den tidlegare legen har endra forklaringar undervegs.
    Aktor legg også ned påstand om at den tidlegare legen må betale sakskostnader.

    Den tidlegare legen har tidlegare mist retten til å praktisere.

  • Påstandar i retten fredag

    Advokatane i retten legg fredag fram forslag på kva dei meiner er høveleg straff dersom den tidlegare legen blir dømt.

    Anders Skorpen-Trøen, som er aktor i saka, er den første som skal argumentere for sitt syn.

    Bistandsadvokaten har tidlegare varsla at ho vil krevje erstatning for sin klient.

    Det er venta at advokaten til den tidlegare legen vil legge ned påstand om at han blir frifunnen.

  • Skal ha fått panikk

    Aktor spelte torsdag ettermiddag av deler av det første avhøyret av den tidlegare legen. Aktor meiner det er påfallande at legen ikkje nemner noko om at han skal ha foretatt ei brystundersøking på pasienten.
    Han forklarte for retten at han fekk panikk og ikkje tenkte på å seie noko om det. Han retta heller ikkje opp i dette då han godkjende utskriften frå avhøyret.