Hopp til innhold

Kvinne mistenkte ribbeinsbrot – skal ha fått massasje av brystvortene hos legen

Ein ny lege misser autorisasjonen etter at han skal ha gnidd brystvortene til ein pasient. Legen hevdar politiet ikkje forstår korleis ei undersøking går føre seg.

Ålesund politistasjon

Politiet meiner legen har forgripe seg seksuelt overfor pasienten sin og også brote helsepersonellova.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det uvanlege legebesøket i ein romsdalskommune har no blitt ei sak både for politiet og Statens helsetilsyn.

Den kvinnelege pasienten har ifølgje helsetilsynet fortalt at undersøkinga i fjor haust var av den sjeldne sorten. Ho skal ha hatt smerter i ribbein og mistenkte brot. Då ho kom inn til legen, skal han ha svart med å massere brysta og brystvortene hennar.

...han skal ha massert brystene og gnidd tomlene rundt brystvortene hennes i forbindelse med undersøkelse av smerter i ribbein...

Politiet til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal 28. oktober 2021

Legen skal også ha spurt henne om ho tok mykje på seg sjølv – og gitt henne telefonnummeret sitt.

Legen er kjent med påstandane, men seier han ikkje ønskjer å kommentere saka så lenge den er under behandling.

Politiet har sikta legen

Politiet har etterforska saka sidan i fjor haust, og legen er sikta for brot på helsepersonellova og seksuell handling utan samtykke. Førebels er han ikkje tiltalt.

– Når politiet får meldingar om at helsepersonell skal ha gjort seksuelle handlingar under utøving av helsehjelp, blir det tatt på alvor. Det er viktig at folk kjenner seg trygge når dei oppsøkjer helsehjelp, seier politijurist Vibeke Olsen Fagervold.

– Mistenkjer de at legen har forgripe seg mot andre?

– Det er det ingen haldepunkt for, seier ho.

Vibeke Olsen Fagervold

Politijurist Vibeke Olsen Fagervold ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Den siste tida har fleire legar vore i politiet sitt søkjelys på grunn av mistanke om seksuelle overgrep mot pasientane sine.

I Trøndelag er ein lege midlertidig fråteken autorisasjonen og sikta for å ha forgripe seg mot ei rekkje pasientar. På Sunnmøre blei ein fastlege tidlegare i år dømd til fengsel for å ha misbrukt stillinga si til å skaffe seg sex.

Les også Vedgår at han hadde dameundertøy på legekontoret: – Planla å begynne å selje sexy undertøy

Rettsak i Ålesund

Misser autorisasjonen som lege

Berre i fjor miste 11 legar, sjukepleiarar og andre helsearbeidarar autorisasjonen på grunn av seksuelle overgrep. Det viser tal frå Statens helsetilsyn.

Legen i Romsdal hamnar i statistikken for 2022.

Statens helsetilsyn har no bestemt seg for å ta autorisasjonen frå han.

Helsetilsynet trur på kvinna og ser bort frå at ho har mistolka det som skjedde. I konklusjonen blir det mellom anna vist til at ho gjekk rett til politiet. Ho skal ha forklart seg detaljert fleire gonger om det som skal ha skjedd.

Pressebilde Anne Myhr

Avdelingsdirektør Anne Myhr i Statens helsetilsyn meiner legen har vist alvorleg sviktande dømmekraft.

Foto: pressefoto

– Ved å utføre seksuelle handlinger i pasientbehandlingen har du vist en manglende respekt for pasientens integritet, og du har misbrukt den tillit pasienten har vist deg, skriv avdelingsdirektør Anne Myhr i Statens helsetilsyn til legen, og held fram:

Din atferd i denne situasjonen vitner om manglende evne til å sette egne grenser, manglende impulskontroll og om alvorlig sviktende dømmekraft.

Legen har jobba i det norske helsevesenet i over ti år. No misser han retten til å vere lege i Noreg. Samtidig blir helsevesenet i resten av Europa varsla om saka.

Legen nektar for alt

Legen nektar for å ha gjort noko gale, og hevdar at pasienten var svært stressa under legetimen. Han har ikkje noko til overs for politisaka:

«Siktelsen fremstår ... som svært lite begrunnet og uten forståelse for hva en legeundersøkelse innebærer» skriv han til Statens helsetilsyn.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har tidlegare granska åtte andre saker mot legen. I sju av åtte blei resultatet at han ikkje hadde brote lova.

Denne gongen er konklusjonen ein annan.

Legen seier til NRK fredag ettermiddag at han har klaga på avgjerda til Statens helsetilsyn.

I ein tidlegare versjon sto det at legen er sikta for seksuelll omgang utan samtykke. Det korrekte er at han er sikta for seksuell handling utan samtykke.

Det sto også at Statsforvaltaren hadde granska åtte saker mot han, utan å konkludere med lovbrot. I sju saker gjekk han fri, men i den åttande blei det konkludert med lovbrot i samband med medikamentbehandling, opplyser fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Les også Nye beskyldninger helt tilbake til 90-tallet mot overgrepssiktet kommuneoverlege

Kommuneoverlege er siktet i Trøndelag. Legekontor.