Oslo tingrett slår no fast at den tidlegare legen framleis ikkje skal kunne arbeide i sitt gamle yrke.
Statens helsetilsyn tok i fjor haust frå han autorisasjonen, og vedtaket er gyldig, slår retten fast:
«Retten har etter en konkret vurdering av bevisene i saken kommet til at pasientens forklaring fremstår som den mest sannsynlige. Retten har i vurderingen lagt avgjørende vekt på pasientens egen forklaring som i seg selv fremstår svært troverdig», heiter det i dommen som blei avsagt tysdag.
Dermed kan han ikkje arbeide som lege lenger. I tillegg må han betale over 100 000 kroner i sakskostnader.
Ei rekkje rettsaker dei siste åra
Lotte Tvedt hos Regjeringsadvokaten har ført saka for Statens helsetilsynet.
– Helsetilsynet blir hørt på alle punkter og det er ein sjølvsagt tilfreds med, seier Tvedt.
Då den tidlegare legen stemna staten, var han berre ein av fleire helsepersonell som har gjort det samme den siste tida.
Ifølgje Regjeringsadvokaten har det i løpet av dei fem siste åra vore om lag 20 saker der helsepersonell har gått til rettssak i samband med strid om retten til å praktisere.
Lotte Tvedt hos Regjeringsadvokaten er godt fornøgd med dommen.
Foto: Synnøve Hole / NRK– Handlet ut fra en seksuell motivasjon
Mannen har vore lege i Møre og Romsdal i fleire år, og bur framleis i området.
– Mitt liv er øydelagt, sa mannen då han vitna i Oslo tingrett nyleg.
I dommen slår Oslo tingrett fast at deler av undersøkinga etter alt å dømme var seksuelt motivert:
«Retten finner da også at saksøker med dette mest sannsynlig har handlet ut fra en seksuell motivasjon den aktuelle dagen, og at dette ikke bare dreide seg om noen medisinsk undersøkelse».
Hevda han strauk brystvortene hennar
Det var hausten 2021 ei ung kvinne kom ut frå ein konsultasjon hos legen og hevda han hadde forgripe seg mot henne. Kvinna hevda at legen strauk brystvortene og masserte brysta hennar då ho kom for å få undersøkt mistanke om eit ribbeinsbrot.
Klagen førte til at politiet starta etterforsking mot legen, og i fjor haust tok Statens helsetilsyn autorisasjonen frå han.
Under prosedyren nyleg hevda advokatfullmektig Synne Bernhardt at Statens helsetilsynet på eit svært tidleg tidspunkt bestemte seg for at han var skuldig.
Advokatfullmektig Synne Bernhardt representerer den tidlegare legen.
Foto: Mohammed Alayoubi / NRKHevdar ho bad om brystundersøking
Den tidlegare legen hevdar at den unge pasienten på eige initiativ bad han om å undersøke om ho hadde svulstar i brysta. Ved ein feil skal han gløymt å notere det i journalen hennar, forklarte han i retten.
Heller ikkje hofteundersøkinga skal han ha dokumentert i journalen.
Avhøyr av den unge kvinna blei spelt av i retten tidlegare i veka. Ho svarte ikkje sikkert på om ho hadde bedt han om å undersøke brysta hennar.
Den unge kvinna forklarte seg ikkje under rettssaka i Oslo tingrett nyleg, men skal i politiavhøyr ha sagt at ho let som ho besvimte for å få legen til å slutte.
Politiet etterforskar framleis saka
Parallelt med tilsynssaka, etterforskar også politiet saka, men det er førebels ikkje trekt nokon konklusjon.
Det var tidlegare i år den tidlegare legen bestemte seg for å gå til sak mot Helse- og omsorgsdepartementet for å få tilbake autorisasjonen.
Det har førebels ikkje lukkast NRK å få nokon kommentar frå den tidlegare legen eller advokaten hans, men i ei tekstmelding skriv advokatfullmektig Synne Bernhardt at dei no vurderer å anke.